Ot.prp. nr. 31 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen her gjeld ei endring i sjølova § 135 tredje ledd om kapteinen si plikt til å hjelpe personar i havsnaud. Bakgrunnen er endringar i kapittel V regel 33 og 34 i den internasjonale konvensjonen om tryggleik for menneskeliv til sjøs, 1974, med endringar (SOLAS-konvensjonen) og endringar i artikkel 2.1.1 i den internasjonale konvensjonen om ettersøking og redning til sjøs, 1979, med endringar (SAR-konvensjonen). Desse endringane i SOLAS-konvensjonen og SAR-konvensjonen, samt fleire andre endringar som ikkje vert omtala i denne proposisjonen fordi dei ikkje krev lovendring, vart vedtekne i to resolusjonar 20. mai 2004 i komiteen for sjøtryggleik i IMO (sjøfartsorganisasjonen til FN, International Maritime Organization).

Ein part vil bli bunden av desse resolusjonane om det ikkje vert tatt eit atterhald overfor IMO innan 1. januar 2006. I St.prp. nr. 27 (2005-2006) ber regjeringa om samtykke frå Stortinget til at Noreg ikkje tar eit slikt atterhald. Begge resolusjonane er tatt inn som vedlegg i den stortingsproposisjonen, og der er det også gitt ei meir detaljert skildring av innhaldet i resolusjonane og reglane der om kva som skal til for at dei trer i kraft internasjonalt mv.

Endringane i resolusjonane har bakgrunn i hendingane i august 2001 då det norske skipet «MS Tampa» redda meir enn 400 flyktningar i havsnaud utanfor Christmas Island. Australia nekta flyktingane å komme i land, slik at dei ikkje fekk komme i land innan rimeleg tid, og skipet vart svært forseinka på reisa si. Det sette flyktningane, reiarlaget og skipet i ein vanskeleg situasjon, og kapteinen på det norske skipet har hausta mykje ros for si handtering av hendinga. Saka viste at dei internasjonale reglane på området ikkje er gode nok. Dei nye reglane i SOLAS-konvensjonen og SAR-konvensjonen rettar seg først og fremst mot pliktene til styresmaktene, slik at det skal gjelde ei plikt for ansvarlege styresmakter til å medverke til ei løysing når det gjeld kvar personane som er redda frå havsnaud, skal setjast i land. Endringane i reglane om styresmaktene sine plikter er ikkje slik at lovendring er naudsynte, sjå om dette i St.prp. nr. 27 (2005-2006). I tillegg til presiseringane av styresmaktene sine plikter inneheld resolusjonane også nokre reglar som presiserer kapteinen sine plikter. Departementet foreslår i proposisjonen her at desse presiseringane vert tekne inn i sjølova § 135.