Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 32 (2001-2002)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Noreg er tilslutta den internasjonale konvensjon 27. november 1992 om skadebotansvar for oljesølskade («1992-ansvarskonvensjonen») og den internasjonale konvensjon 27. november 1992 om oppretting av eit internasjonalt fond for skadebot for oljesølskade («1992-fondskonvensjonen»). Konvensjonane gjeld berre skip som transporterer olje som bulklast (oljetankskip). Reglane er gjennomførde i norsk rett i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) kapittel 10. Konvensjonane kom til i 1969 og 1971, og dei vart endra ved to protokollar i 1992.

Justisdepartementet ber i proposisjonen her om Stortingets samtykke til godkjenning av to resolusjonar av 18. oktober 2000 frå IMOs (International Maritime Organization) juridiske komité, som gjer endringar i 1992-ansvarskonvensjonen og 1992-fondskonvensjonen. Endringane går ut på at avgrensingsbeløpa for skadebotansvaret for oljesølskader vert auka med 50,37 %. Auken gjeld både ansvaret til eigaren av skipet og ansvaret til Det internasjonale erstatningsfond.

I proposisjonen her gjer Justisdepartementet samstundes framlegg om endringar i reglane om ansvaret til eigaren av skipet i § 194 i sjøloven, til gjennomføring av endringane i 1992-ansvarskonvensjonen. 1992-fondskonvensjonen gjeld direkte som norsk rett, jf. sjøloven § 201. Avgrensingsbeløpa i 1992-fondskonvensjonen er difor ikkje særskilt gjennomførde i sjøloven. Auken av beløpa i 1992-fondskonvensjonen skjer automatisk i norsk rett når endringa vert bindande for Noreg, utan at det er påkravd med endringar i sjøloven.

Til toppen
Til forsida av dokumentet