Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

5 Framlegg til organisatoriske løysingar

Fiskeridepartementet kan vanskeleg sjå at innvendingane frå næringsorganisasjonane mot ei felles fiskeriforvaltning veg tungt nok til å endre den opprinnelege haldninga til departementet om å slå saman RIF og KV. Etter departementet si vurdering kan krav om å handsame alle likt sikrast gjennom klare retningsliner for sakshandsaming i ein ny organisasjon. Det vil bli lagt vekt på å ta vare på dei styrings- og rapporteringsrutinane som er innarbeidde i den organiseringa som er i dag, og på å ta omsyn til internasjonale handels- og tilsynsreglar, mellom anna EØS-reglar, og sikre objektivitet i kontrollfunksjonane.

Fiskeridepartementet vil elles understreke at det ikkje ligg noko dramatikk i forslaget om ei viss omlegging av rettleiarrolla til meir generelt arbeid med næringsutvikling, som til dømes arbeid med kystsoneplanar. Det er her tale om ei tilpassing til dei reelle oppgåvene i ytre etat i dag. Ei viss omlegging av rettleiarrolla er heller ikkje meint å gå ut over servicen og informasjonsverksemda i ytre etat, til dømes når det gjeld informasjon om lover og reglar.

Sjølv om sentrale næringsorganisasjonar går i mot å avvikle fiskeristyre og fiskerinemnd, vil departementet halde fast ved framlegget å leggje ned desse organa. Det er då lagt avgjerande vekt på retningsliner frå Stortinget for gjennomgangen av den statlege nemndsstrukturen om å gi folkevalde organ som fylkesting og kommunestyre meir å seie i regionale og lokale næringspolitiske avgjerder. Fiskeristyret og fiskerinemnda dekkjer i dag i hovudsak den typen næringspolitiske vurderingar Stortinget ønskjer å overføre til folkevalde kommunale organ. At dei kommunale organa får større og breiare ansvar i regionale og lokale næringspolitiske vurderingar, vil også skape betre føresetnader for å sjå næringspolitikken i ein større heilskap. Ved ei avvikling av fiskeristyra og fiskerinemndene må det etablerast nye formelle og bindande samarbeidsformer mellom den ytre fiskeriforvaltninga og fylkeskommunar og kommunar. Som nemnt tidlegare vil det her blir bygd vidare på erfaringane frå frikommuneforsøka.

Departementet held vidare fast ved framlegget om å ikkje leggje den regionale fiskeriforvaltninga inn under fylkesmannen. Etter departementet si vurdering er det vanskeleg å trekkje direkte parallellar til omorganiseringa av landbruksforvaltninga, både fordi dei ytre fiskerietatane er ein del av forvaltningssystemet for fiskeressursane som ikkje har noko klar avgrensing til fylkesnivået, og fordi få avgjerder i fiskeriforvaltninga er delegert til lokalnivået. Departementet si haldning til «fylkesmannsmodellen» må også sjåast på bakgrunn av at det ikkje blir vurdert som aktuelt å overføre den lokale fiskerietaten til kommunane. For forvaltningsorgan som i hovudsak dekkjer nasjonale styringsomsyn, og har si verksemd særleg retta inn mot næringsutøvarane, i mindre grad kommunane, har Stortinget elles også understreka verdien av ein enkel forvaltningsstruktur.

Spørsmålet om den framtidige organiseringa av næringsmiddelkontrollen er for tida til vurdering, jf innstillinga frå Næringslovsutvalet, NOU 1996: 10, Effektiv matvaresikkerhet. Regjeringa har ikkje teke endeleg stilling til kva for oppfølgjing innstillinga skal få. Slik Fiskeridepartementet ser det, vil etablering av ein felles ytre fiskerietat ikkje vere til hinder for å vurdere nærmare spørsmålet om den nasjonale organiseringa av næringsmiddelkontrollen seinare.

Sterke kontaktflater mellom den regionale fiskeriforvaltninga og fylkeskommunar og fylkesmenn tilseier at den regionale fiskeriforvaltninga i hovudsak blir organisert etter fylkesgrenser. Det er då lagt avgjerande vekt på at ein slik modell er best for å etablere nære og løpande samarbeidsforhold med andre organ på fylkesnivået, både politisk og administrativt. Denne modellen krev gode rutinar for samordning av kontrollverksemda, slik at det blir etablert lik forvaltningspraksis i fylka. På den andre sida er Fiskeridepartementet merksam på at sterke omsyn også kan tale for ein modell med større geografiske einingar regionalt. Slike omsyn er mellom anna nasjonal styring, større fagmiljø og auka delegasjon. Det vil også vere mogeleg å ha eit godt samarbeid med ulike organ på fylkesnivået innafor ein modell med større regionale einingar. Slike samarbeidsforhold har ein i dag i Trøndelagsfylka og på Skagerrakkysten.

Departementet ser spørsmålet om innorganisering av ytre fiskerietat i Fiskeridirektoratet som eit viktig ledd i å få til ein best mogeleg organisasjonsstruktur for ytre fiskeriadministrasjon. Departementet vil difor ta til med ein gjennomgang av den interne organiseringa i Fiskeridirektoratet i samband med ei omorganisering av dei ytre fiskerietatane. Departementet meiner likevel at organiseringa av ytre etat kan vurderast uavhengig av den sentrale organiseringa i direktoratet.

Fiskeridepartementet gjer framlegg om å organisere ytre fiskerietatar på følgjande måte:

  • RIF og KV blir slått saman til ein felles ytre fiskerietat, både regionalt og lokalt.

  • Fiskeristyra og fiskerinemndene blir avvikla. Samstundes blir det etablert samarbeid med dei folkevalde organa i fylkeskommunar og kommunar.

  • Geografisk blir regionnivået i hovudsak delt inn etter fylkesgrenser. Den organiseringa som i dag gjeld for RIF, blir lagt til grunn.

  • For å sikre fagleg sterke miljø blir det lagt opp til ei viss omlegging til større lokale einingar.

  • Omorganiseringa skal gjennomførast innafor dei økonomiske rammene dei ytre fiskerietatane i dag har til rådvelde.