Ot.prp. nr. 33 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter m.m. (gjennomføring av den europeiske patentkonvensjonen)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i patentloven i samband med at Noreg skal tiltre konvensjonen om utsteding av europeiske patent av 5. oktober 1973 (den europeiske patentkonvensjonen), i tillegg til visse andre endringar i patentloven som ikkje er ei nødvendig følgje av tiltredinga.

I St.prp. nr. 53 (2006–2007) Om samtykke til ratifikasjon av Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) av 5. oktober 1973 og tiltredelse av Revisjonsakten av 29. november 2000 fremja av Utanriksdepartementet i dag er Stortinget bedt om å samtykke til at Noreg kan tiltre konvensjonen. Etter den europeiske patentkonvensjonen kan ein patentsøkjar gjennom ei sentralisert behandling hos Det europeiske patentverket i München med éin søknad få patent i alle dei landa som er tilslutta konvensjonen, og som søkjaren peikar ut i søknaden. Gir Det europeiske patentverket patent, har patenthavaren på nærmare vilkår krav på at patentet skal gjelde på same måte som nasjonale patent i dei landa som er peika ut i søknaden. Slike patent blir omtalte som europeiske patent.

Norsk tiltreding til den europeiske patentkonvensjonen krev at det blir teke inn reglar i patentloven om at europeiske patentsøknader og patent som omfattar Noreg, skal ha verknad i Noreg på same måte som søknader som blir sende til Patentstyret, og patent som blir gitt av Patentstyret, og om dei nærmare vilkåra for at europeiske søknader og patent skal ha slike verknader her i landet m.m. Tiltredinga krev også at det blir gitt særskilde reglar om godkjenning og fullbyrding av utanlandske avgjerder om retten til å få patent og om verneting og litispendens i slike saker og stansing av saker om gyldigheit av europeiske patent for norske domstolar medan Det europeiske patentverket behandlar saker om oppheving. Det er også foreslått enkelte andre mindre endringar i patentloven som ikkje er nødvendige for at Noreg skal kunne tiltre den europeiske patentkonvensjonen, men som er tekne med dels for å klargjere at dei materielle vilkåra for patentering i patentloven og den europeiske patentkonvensjonen er samanfallande, og dels for at det skal bli best mogleg samsvar mellom reglane om den etterfølgjande behandlinga av europeiske patent i Patentstyret og i Det europeiske patentverket m.m.

Europeiske patent vil til liks med patent som er gitt av det norske Patentstyret, kunne setjast til side som ugyldige med verknad for Noreg av norske domstolar. Etter Den europeiske patentkonvensjonen er det opp til det enkelte landet å avgjere om slike saker skal behandlast av domstolane eller av administrative organ, f.eks. det nasjonale patentverket. Det er heller ikkje noko i vegen for å opne for både administrativ behandling og domstolsbehandling. I proposisjonen blir det foreslått at saker der nokon krev at eit patent skal opphevast som ugyldig, skal kunne bringast inn for Patentstyret som eit alternativ til domstolsbehandling (såkalla administrativ overprøving) dersom grunnlaget for påstanden om ugyldigheit er at patentet er gitt trass i at vilkåra i patentloven §§ 1 til 2 ikkje var oppfylte. I dag er søksmål for domstolane det einaste alternativet for nokon som krev at eit patent skal opphevast som ugyldig. Denne endringa vil gjere det enklare og billigare å få prøvd gyldigheita av patent.

I proposisjonen blir det også foreslått å gi domstolane høve til å innhente ei rådgivande fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker i søksmål om gyldigheita av eit patent der saka reiser spørsmål om patentet ikkje skulle ha vore gitt fordi kommersiell utnytting av oppfinninga strir mot offentleg orden eller moral. Dette vil gi domstolane same høve til å få opplyst dei etiske sidene ved utnytting av oppfinninga som Patentstyret har under søknadsbehandlinga.

Forslaget om at domstolane skal kunne innhente fråsegn frå Den etiske nemnda for patentsaker, og om å innføre administrativ overprøving, vil gjelde både for patent gitt av Patentstyret og for europeiske patent.