Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 34 (2003-2004)

Om lov om endringar i skattelovgivinga mv.

Til innhaldsliste

7 Retting av meirverdiavgiftslova § 63

7.1 Omtale

Forslag om teknisk retting av meirverdiavgiftslova § 63

Frå 1. april 2002 blei meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 14 oppheva. Samtidig blei § 16 første ledd nr. 15 nytt nr. 14. Dette skjedde utan at meirverdiavgiftslova § 63, som stiller opp fritak for meirverdiavgift ved innførsel, blei endra. Innførselsfritaka i § 63 er gjennomførte ved at det blir vist til dei særskilde fritaka ved innanlands omsetning. Dette gjeld mellom anna meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 15. § 63 peikar derfor no til feil regel. Dette var ikkje meininga, og departementet føreslår at dette blir retta opp. Vi viser til forslag om endring av meirverdiavgiftslova § 63.

Til toppen
Til forsida av dokumentet