Ot.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranselova)

Til innhaldsliste

1 Proposisjonens hovudinnhald

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram eit forslag til endring av sakshandsaminga etter § 21 første ledd i lov 5. mars 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger (konkurranselova).

Forslaget inneber at eit vedtak av Kongen i statsråd om å tillate ei føretakssamanslutning i saker av prinsipiell eller stor samfunnsmessig betydning etter konkurranselova § 21 første ledd ikkje treng å vente på departementet si klagehandsaming og vedtak etter § 16 i lova slik ordninga er i dag. Dersom det likevel er ynskjeleg i den konkrete saka, opnar forslaget for å avvente utfallet av klagehandsaminga i departementet før eit slikt løyve vert gitt av Kongen i statsråd.

I tillegg vert det fremja enkelte andre materielle og redaksjonelle/språklege endringar i konkurranselova som Konkurransetilsynet og departementet, sidan lova vart vedteken i 2004, har erfart at det kan vere trong for.

Proposisjonen byggjer på departementet sitt høyringsnotat av 8. oktober 2007.

Kapitel 2 inneheld ei omtale av bakgrunnen for proposisjonen og høyringsinstansane.

Kapitel 3 inneheld ei omtale av forslaget til endringar i konkurranselova § 21 første ledd.

Kapitel 4 inneheld ei omtale av forslag til andre endringar i konkurranselova.

Kapitel 5 gjer greie for administrative og økonomiske konsekvensar av forslaga.

Kapitel 6 inneheld merknader til føresegnene i lovforslaget.

Til forsida