Ot.prp. nr. 36 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 24 juni 1994 nr 39 om sjøfarten (sjøloven) (dispasjøreksamen)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om endring i lov 24 juni 1994 nr 39 om sjøfarten §§ 462, 467 og 468 om dispasjørar. Føremålet med endringane er administrativ forenkling.

Ein dispasjør er ein offentleg utnemnd person som tek seg av dispasjar (avgjerd og utrekning av felleshavari i sjøretten). I dag vert dispasjørar beskikka av Kongen etter sjølova § 462. Det krevst ein særskild dispasjøreksamen for å bli dispasjør, jf sjølova § 467 første leddet, og det er departementet (Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet, jf kgl. res. 5 mai 1967) som er ansvarleg for å arrangere dispasjøreksamen etter sjølova § 468 andre leddet.

I proposisjonen gjer Justisdepartementet framlegg om å endre § 462 slik at det vert departementet, og ikkje Kongen, som skal oppnemne dispasjørar. Sjølova § 468 andre leddet blir foreslått oppheva slik at det ikkje skal vere departementet som skal arrangere dispasjøreksamen. Reglane i sjølova § 468 første leddet om kva dispasjøreksamen skal innehalde, blir foreslått oppheva og flytta til forskrift, og i sjølova § 467 foreslår departementet eit nytt andre ledd som vil gi heimel for ei slik forskrift.