Ot.prp. nr. 37 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

Til innhaldsliste

1 Om hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet legg her fram forslag til endringar i reglane om eigendel i lov om fri rettshjelp. Føremålet med omlegginga er å få eit enklare regelverk og at ordninga med å rekne ut og krevje inn eigendelar skal koste mindre for samfunnet enn det ressurskrevjande systemet ein har i dag. Forslaget inneber at eigendelen skal krevjast inn av den advokaten som har ytt rettshjelpa og ikkje som i dag av Statens innkrevjingssentral.

I samband med lovendringa tenkjer departementet seg endringar i forskrifta om eigendel, slik at dei som får fri rettshjelp i saker utafor domstolane (fritt rettsråd) berre skal betale ein fast eigendel (grunndel). I saker som går for domstolane (fri sakførsel) ser departementet for seg at ein framleis skal betale tilleggsdel om ein har inntekt over ei viss grense, men departementet meiner det då skal setjast eit «tak» på tilleggsdelen. Endringane samsvarar i hovudtrekk med forslaga i St. meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp (rettshjelpsmeldinga), jf. Innst. S. nr. 181 (1999-2000).