Ot.prp. nr. 38 (1997-98)

Om lov om endringar i lønnsgarantiordninga m.m.

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Lønnsgarantilova (lov av 14. desember 1973 nr. 61) pålegg staten å dekkje lønn, feriepengar og ein del andre ytingar som arbeidsgivaren ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Formålet med lønnsgarantiordninga er å sikre at arbeidstakarane får dekt lønnskrava sine og andre økonomiske krav i mest mogleg rett tid dersom arbeidsgivaren går konkurs.

I 1992 blei det vedteke endringar i lønnsgarantiordninga (Ot.prp. nr. 27 for 1991-92). Endringane blei sette i verk 1. juli 1992. Hovudmåla med lovendringane var først og fremst

  • å få betre kontroll med avviklinga av insolvente verksemder

  • å oppnå ei enklare administrativ behandling av lønnsgarantisaker

  • å avgrense utgiftene for staten i samband med lønnsgarantiordninga.

Målet om å avgrense utgiftene for staten i samband med lønnsgarantiordninga ser ut til å vere nådd. I 1992 blei det utbetalt 579 millionar kroner til å dekkje lønnsgarantiar. I 1993 var totalbeløpet ca. 378 millionar kroner, medan det for 1997 blei utbetalt 187 millionar kroner. Kor stor del av denne utgiftsreduksjonen som kjem direkte av tilstrammingane i regelverket, og kor stor del som kjem av den generelle nedgangen i talet på konkursar, er likevel vanskeleg å seie. Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på konkursar, talet på innkomne saker til Direktoratet for arbeidstilsynet og dei totale utbetalte beløpa gjennom garantiordninga.

1990199119921993199419951996
Konkursopningar + tvangsoppløysingar3814492657495158409335423616
Lønnsgarantisaker til behandling:
1 Etter konkursopning1960215819881969140712981262
2 Etter avviklingar utanom konkursforma136511577061072200
Saker i alt3325331526942076142912981262
Utbetalt beløp (mill. kr)494533579378234205226

Hovudelementet i lovrevisjonen i 1992 var at grunnvilkåret for å få lønnsgarantidekning blei endra. Tidlegare kunne arbeidstakarar få lønnsgarantidekning både i dei tilfella der det var opna konkurs, og i tilfelle der det blei dokumentert at arbeidsgivaren var insolvent og verksemda endeleg innstilt. Etter lovendringane krevst det at det er opna konkurs i verksemda til arbeidsgivaren. For at arbeidstakarane økonomisk skulle bli i stand til å oppfylle kravet om konkursopning, blei konkurslova endra. Arbeidstakarar som krev arbeidsgivaren sin konkurs på grunn av manglande lønnsutbetaling, er fritekne frå å stille trygd for kostnadene ved skiftebehandlinga.

For å kunne rette opp moglege utilsikta verknader av dei lovendringane som blei innførte i 1992, har departementet no gjennomført ei evaluering av lønnsgarantiordninga. Departementet har òg nytta høvet til å ta opp ein del andre spørsmål som har skapt vanskar i samband med praktiseringa av regelverket knytt til lønnsgarantiordninga. I Ot.prp. nr. 27 for 1991-92 var det ein føresetnad at ordninga med fritak for å stille trygd for skiftekostnadene skulle evaluerast etter to år.

Etter at lønnsgarantien blei avgrensa til konkurstilfella og arbeidstakarane fritekne frå å stille trygd for skiftekostnadene, har skifterettane fått ei anna og meir sentral rolle i samband med behandling av lønnsgarantisaker. Skifterettane må mellom anna ta stilling til om den arbeidstakaren som krev at det må opnast konkurs, har eit lønnskrav med førerett i forhold til bedrifta. Kommunal- og regionaldepartementet har gjennomført ei spørjeundersøking hos skifterettane om kva røynsler dei har hatt med lovendringane frå 1992. Dei røynslene skifterettane har hausta etter omlegginga, har vore sentrale ved vurderinga av endringane.

Våren 1996 blei det sendt ut på brei høyring eit høyringsnotat med forslag om endringar i lønnsgarantiordninga. Etter høyringsrunden har Kommunal- og regionaldepartementet utarbeidd denne odelstingsproposisjonen med forslag til endringar.

Til forsiden