Ot.prp. nr. 4 (1999-2000)

Om lov om endring i lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om endring i lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom. Departementet går inn for at det blir gitt heimel for å oreigne til eller for vindkraftverk etter lov om oreigning av fast eigedom. Når det vert oreigna (ekspropriert, teke ut or eige) blir eigedomsretten, bruksrett eller annan rett til, i eller over fast eigedom teken, endra, overførd eller avløyst med tvang, jf. oreigningslova § 1.