Ot.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om lov om endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til ei endring i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna. Lovframlegget inneber at fylkesmannen kan gjere unnatak frå regelen om aldersgrenser for forstandarar i trudomssamfunn.