Ot.prp. nr. 44 (2006-2007)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)

  • lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)

  • lov 8. november 1991 nr. 76 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

  • lov 17. juni 2005 nr. 58 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

  • lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag mv. (bidragsinnkrevjingslova)

  • lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon.

I proposisjonen foreslår ein i hovudsak lovtekniske justeringar og opprettingar, men også nokre materielle endringar og presiseringar.

Endringane i folketrygdlova gjeld:

  • Rett til pleiepengar ikkje berre ved innlegging i helseinstitusjon, men også i samband med poliklinisk behandling i sjukehus (punkt 2). Utviklinga går i retning av at stadig fleire sjukdomstilfelle som tidlegare blei behandla ved innlegging no berre blir behandla poliklinisk. Lovendringa inneber at også tilfelle som berre behandlast poliklinisk ved sjukehus vil kunne gi grunnlag for rett til pleiepengar.

  • Utviding av rett til attføringspengar under sjukdom i attføringsperioden (punkt 3). Retten til attføringsytingar i fire veker under sjukdom når ein er under yrkesretta attføring blir foreslått utvida med ein skjønnsmessig heimel til å gi attføringsytingar i ytterlegare fire veker når det er klart at den planlagde attføringa vil kunne gjennomførast etter sjukdomsavbrotet.

  • Lovteknisk justering i § 2-9 fjerde ledd andre punktum (punkt 4.1). Talet 14 blir bytta med talet 16 slik at den perioden det ikkje ytast sjukepengar blir i samsvar med arbeidsgivarperioden.

  • Oppheving av folketrygdlova § 3-15 fjerde ledd om at ein person som får rekna personinntekt frå føretak, kan krevje at den pensjonsgivande inntekta blir sett ned til normallønn for arbeidsinnsatsen (punkt 4.2). Det er på grunn av endringar i skattelova ikkje lenger behov for leddet. Tilsvarande foreslår ein ei endring i folketrygdlova § 19-6 andre ledd.

  • Presisering av § 4-20 femte ledd (punkt 4.3). Presiseringa gjer det klart at femte ledd også er meint å gjelde tredje ledd i same paragrafen.

  • Lovteknisk justering i § 8-24 tredje ledd bokstav b (punkt 4.4). Tilvisinga til arbeidsmiljølova §§ 12-1 til 12-6 blir erstatta med tilvising til arbeidsmiljølova §§ 12-2 til 12-5, 12-9 og 12-10.

  • Lovteknisk justering i § 8-36 (punkt 4.5). I overskrifta blir ordet «fødselspenger» erstatta med ordet «foreldrepenger».

  • Lovteknisk justering i § 8-48 tredje ledd (punkt 4.6). Tilvisinga til § 10-14 første ledd blir erstatta med tilvising til § 10-16 første ledd.

  • Lovteknisk justering i § 8-49 tredje ledd (punkt 4.7). Tilvisinga til sysselsettingslova kapittel III blir erstatta med tilvising til lov om arbeidsmarkedstjenester §§ 12 og 13.

  • Femte strekpunktet i innleiinga til kapittel 9 skal ta til å gjelde(punkt 4.8) .

  • Presisering i § 15-6 fjerde ledd (punkt 4.9). Forlenging av stønadsperioden i påvente av arbeid, utdanning o.a. skal også gjelde når einslege forsørgjarar har fått forlenga overgangstønad ut skuleåret.

  • Presisering av reglane i folketrygdlova § 22-3 første ledd om refusjon til arbeidsgivarar som har utbetalt lønn under sjukdom mv. (punkt 4.10). Det blir gjort klart at retten for arbeidsgivaren til å få arbeidstakaren sine sjukepengar o.a. utbetalt til seg, er avgrensa til det arbeidstakaren sjølv ville ha fått utbetalt.

  • Oppretting i folketrygdlova kapittel 25 (punkt 4.11).

Endringane i arbeidsmiljølova gjeld:

  • Lovteknisk justering i § 7-1 første ledd (punkt 5.1). Formuleringa «verne- og helsepersonalet» blir bytt med «bedriftshelsetjenesten».

  • Oppretting av lovtekst (punkt 5.2). Endringane medfører retting av skrivefeil i §§ 7-2, 10-4, 15-3, 15-14 og 15-17.

Endringane i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd gjeld:

  • Lovtekniske justeringar i §§ 1, 3, 4 og 8 (punkt 6). Omgrepa i lova blir endra slik at dei kjem i samsvar med anna lovgiving.

Endringane i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne gjeld:

  • Presisering av reglane i § 10 for val av leiar og nestleiar til slikt felles råd som er heimla i denne lova og i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd (punkt 7).

Endringane i bidragsinnkrevjingslova gjeld:

  • Oppheving av § 37 tredje ledd om vidareføring av ei forskrift om myndigheit for Statens innkrevjingssentral ved innkrevjing av bidragsgjeld (punkt 8). Føresegna er overflødig ettersom saksmassen er overført til Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral.

Endringane i lov om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon gjeld:

  • Lovteknisk justering i § 5 i lov om statstilskott til ordninger om avtalefestet pensjon, slik at «Sosialdepartementet» blir erstatta ut med «departementet» (punkt 9) .

Forslaga vil ikkje ha store økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida