Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

14 Tidsrammer for undervisninga

14.1 Gjeldande rett

Etter gsl. § 6 fastset departementet minste timetal for grunnskolen, sjå forskrift 16.07.1997 nr 791 om læreplanverka for grunnskolen.

Med heimel i lvgo. § 10 første leddet har departementet fastsett tidsramma i den vidaregåande opplæringa som talet på årstimar for det enkelte faget i dei ulike læreplanane.

Fordelinga mellom skoledagar og fridagar skjer ved at det blir sett opp ei skolerute. Etter § 1-2 nr. 1 i grunnskoleforskrifta fastset kommunen skoleruta for grunnskolane med utgangspunkt i framlegg frå statens utdanningskontor og fylkeskommunen. Etter lvgo. § 9 c fastset den enkelte vidaregåande skolen sjølv skoleruta innanfor den ramma som fylkeskommunen gir.

Med heimel i gsl. § 6 nr. 3 har departementet gitt forskrifter om den daglege undervisningstida, sjå § 1-2 nr. 2 i grunnskoleforskrifta. Etter lvgo. § 10 første leddet bkst. b kan departementet gi reglar om grensa for den samla undervisningstida pr. dag i den vidaregåande skolen. Slike reglar er ikkje gitt.

14.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet gjer framlegg om å lovfeste minste undervisningstid for opplæring i grunnskolen, fordelt på timar på barnetrinnet (1.-7. klasse) og ungdomstrinnet (8.-10. klasse). Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å leggje det minstetimetalet som er brukt i dag, til grunn for lovfestinga. Eit mindretal ønskjer å føre vidare heimelen for departementet til å fastsetje minstetimetalet på grunnlag av den årlege budsjettbehandlinga i Stortinget.

Fleirtalet reknar 45 minutt som ein undervisningstime i utrekninga av minstetimetalet. Det blir understreka at dette ikkje er meint slik at undervisninga må organiserast i bolkar à 45 minutt. Lovfesting av talet på minutt pr. undervisningstime er berre nødvendig for å gjere det mogleg å rekne ut den tid som nærmare bestemt ligg i kravet om eit visst tal undervisningstimar. Eit mindretal ønskjer at ein time på 60 minutt skal vere grunnlaget for utrekninga, utan at det endrar det totale omfanget av undervisninga i tid.

Utvalet går inn for å føre vidare den heimelen departementet har til å fastsetje talet på undervisningstimar i den vidaregåande opplæringa.

Eit mindretal meiner at undervisningstimetalet må aukast slik at det minst kjem på same nivå pr. veke som før utvidinga av skoleåret til 38 veker.

Lovutkastet frå utvalet gir kommunane heimel til å gi forskrifter som pålegg elevane eit høgare timetal enn det minimum lova set.

Etter lovutkastet skal skoleåret vere på 190 dagar fordelte på mest mogleg heile veker innanfor ei ramme på 45 etterfølgjande veker. Utvalet opnar likevel for at opplæringa på 1.-4. klassetrinnet i særlege tilfelle kan samlast på færre undervisningsdagar. Den nærmare utforminga av skoleruta bør overlatast til kommunen og fylkeskommunen.

Utvalet gjer framlegg om at departementet framleis skal ha kompetanse til å fastsetje tidspunkt for eksamenar i den vidaregåande opplæringa og for nasjonale avgangsprøver i grunnskolen. Dessutan bør departementet framleis kunne gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og pausar.

14.3 Høyringsinstansane

Lærarforbundet og Kommunenes Sentralforbund (KS) vil ikkje ha lovfest minstetimetal, men vil føre vidare ordninga slik ho er i dag. I overkant av ein tidel av kommunane har også kommentert dette spørsmålet. Omkring halvparten meiner minstetimetalet bør fastsetjast i forskrifter, mens dei andre går inn for lovfesting. Somme kommunar meiner at kommunane ikkje skal kunne fastsetje eit høgare timetal enn minstetimetalet. Det blir vist til at dette kan invitere til ulikt tilbod i «rike» og «fattige» kommunar.

KS meiner dessutan det er meiningslaust å halde fram med ei eiga utrekning av tida for undervisningsarbeid, mens alt anna arbeid i skolen og i samfunnet elles blir målt i klokketimar. Nokre kommunar sluttar seg også til at utrekningseininga for omfanget av undervisninga i tid burde vere klokketimar.

Kristeleg Folkepart meiner det bør setjast nasjonale standardar for lengda på skoledagen i grunnskolen. KS meiner på si side det er unødvendig med forskriftskompetanse for dagleg skoletid og pausar for elevane.

Lærarforbundet og Norske Sivilingienørers Forenings etatsforening ved tekniske fagskoler/videregående skoler vil at skoleåret skal vere 44 veker. Nordland og Finnmark fylkeskommunar støttar også framlegget frå mindretalet om 44 veker som ramme for skoleåret. Det blir blant anna vist til at klimatiske forhold i Nord-Noreg gjer det lite formålstenleg å korte inn sommarferien for elevane for å leggje inn ei vekes vinterferie.

Somme kommunar går også inn for at undervisninga for elevane må gjennomførast innanfor 44 veker pr. skoleår. Det er blant anna grunngitt med at skolen og lærarane treng betre tid til evaluering og etterarbeid etter at skoleåret er avslutta og tid til å førebu seg til eit nytt skoleår. Det blir også vist til at foreldra treng åtte veker for å avvikle ferien utan å måtte ta elevane ut av undervisninga.

Frå kommunane har departementet teke mot enkeltfråsegner som meiner skoleruta bør fastsetjast sentralt, om at skoleruta bør vere ei forskrift, at skoleruta ikkje bør lovregulerast, eller at det bør vere eit meir generelt høve til å fordele undervisninga på færre vekedagar.

Ei rekkje høyringsinstansar peiker på at minstetimetalet må justerast i forhold til den nye fag- og timefordelingsplanen for grunnskolen eller i forhold til utvidinga av skoleåret frå 37 til 38 veker.

14.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Ei minste timeramme for undervisninga er eit sentralt element for å sikre ein nasjonal minstestandard. Dermed er minstetimetalet med på å sikre ei likeverdig opplæring i heile landet. Samtidig er minstetimetalet sterkt knytt til den årlege behandlinga av statsbudsjettet og har derfor ofte vorte endra. I valet mellom lov- og forskriftsnivå legg departementet avgjerande vekt på dei praktiske vanskar som er knytte til stadige lovendringar, og går på denne bakgrunn ikkje inn for framlegget frå fleirtalet i utvalet om å lovfeste timetalet for grunnskolen. Departmentet viser dessutan til at behovet for å fastsetje høgre timerammer ikkje berre gjeld elevar som får samisk opplæring, men også andre elevgrupper som får særleg språkopplæring.

Departementet går dessutan imot å lovfeste 45 minutt som utrekningseining for undervisningstida. Jamvel om framlegget ikkje er meint å vere noko forbod mot ei anna fordeling i den faktiske undervisninga, kan ei slik lovfesting skape uklare forhold. Ettersom den minste undervisningstida skal fastsetjast i forskrifter, er det også naturleg at utrekningseiningane for dette timetalet blir fastsette på forskriftsnivå og ikkje i lova. For ytterlegare å presisere fridommen til å organisere undervisningstida i større eller mindre einingar gjer departementet framlegg om at forskriftskompetansen blir knytt til undervisningstid generelt, og ikkje til timeomgrepet. Lovutkastet frå departementet klargjer også at heimelen for vidaregåande opplæring omfattar samla læretid for lærlingar.

Departementet meiner dessutan at framlegget frå utvalet om lovfest tal på undervisningsdagar og krav om mest mogleg heile undervisningsveker vil passe dårleg i forhold til praksis i ei rekkje kommunar i dag. Departementet meiner derfor kravet i staden skal gjelde eit minste tal på undervisningsveker, noko som vil stille kommunane friare enn framlegget frå utvalet. Undervisningstimane skal såleis etter lovutkastet frå departementet fordelast på minst 38 veker og innanfor ei ytre ramme på 45 veker. Vidare vil departementet i medhald av lovutkastet kunne fastsetje forskrifter om maksimal lengde på skoledagen og pausar for elevane.

I lovutkastet frå utvalet er det presisert at den fastsetjinga av skole- og feriedagar som fylkeskommunen og kommunen gjer, og den fastsetjinga som kommunen gjer av undervisningstida ut over timerammene i lova, er forskrifter. Departementet er likevel usikkert på om reglane i forvaltningslova om kunngjering er formålstenlege i denne samanhengen. Det blir vist til at kunngjering i Norsk Lovtidend er til liten nytte for dei som skal bruke skoleruta. Ei meir naturleg kunngjeringsform er informasjon om skoleruta direkte til undervisningspersonalet, skoleleiinga, foreldra og elevane. Lovutkastet frå departementet slår derfor fast at dei lokale forskriftene om skoleruta og undervisningstida ikkje er omfatta av reglane i forvaltningslova om kunngjering.

Elles går departementet inn for framlegga frå utvalet om lovregulering av tidsrammene for undervisninga. Departementet sluttar seg til dei vurderingane som er knytte til framlegga.

Departementet meiner det framleis er naturleg at statens utdanningskontor i samarbeid med fylkeskommunen utarbeider framlegg til skoleruter for kommunane, slik § 1-2 i grunnskoleforskrifta legg opp til i dag. Det er likevel ikkje nødvendig å lov- eller forskriftsregulere dette forholdet.

Til forsiden