Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

28 Overgangsreglar

28.1 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet har vurdert overgangsreglar knytte til framlegga om å normalisere stillingsvernreglane for undervisningspersonell. Utvalet gjer framlegg om at undervisningspersonell som sit i uoppseieleg stilling når lova blir sett ut i livet, skal få halde på denne statusen. For dette personellet skal retten etter gsl. § 24 nr. 1 andre leddet første og andre punktum og § 24 nr. 2 til å overføre fast tilsett personell til ein annan grunnskole, og regelen om at lønna ikkje kan setjast ned i slike tilfelle (gsl. § 24 nr. 1 andre leddet tredje punktum), framleis gjelde.

Utvalet gjer ikkje framlegg om ytterlegare overgangsreglar i samband med å oppheve dei særlege stillingsvernreglane.

Dessutan viser utvalet til framlegget sitt om å lovfeste kravet om pedagogisk praksis i eitt år, mot tidlegare eit halvt år, og framlegget om å lovfeste utvidinga av allmennlærarutdanninga frå tre til fire år. Utvalet gjer framlegg om at krava om lengre studietid berre skal gjelde personar som avsluttar utdanninga etter at lova tek til å gjelde.

I fleire tilfelle gjer utvalet framlegg om avgrensingar i eller bortfall av forskriftskompetansen for departementet. Utvalet legg til grunn at forskrifter som ikkje har heimel i den nye lova, fell bort når den nye lova blir sett ut i livet, i den grad Kongen - i forskrifter om når lova skal ta til å gjelde - for ein overgangsperiode ikkje avgjer noko anna. Dei eksisterande forskriftene som er dekte av heimelsreglar i den nye lova, kan derimot i ei forskrift om kva tid lova skal ta til å gjelde, få uavgrensa verknad i tid også etter at lova har teke til å gjelde.

Utvalet tilrår at ein går gjennom dei eksisterande rundskriva med tanke på oppheving eller vidareføring i samband med at lova skal setjast ut i livet.

I tilknyting til grunnskolereforma legg utvalet til grunn at elevar som alt er i grunnskolen når lova tek til å gjelde, ikkje skal vere omfatta av retten til ti års grunnskoleopplæring, jf. Ot.prp. nr. 21 (1993-94) s. 21. Dessutan tilrår utvalet at førskolelærarar utan tilleggsutdanning i ein nærmare avgrensa overgangsperiode skal kunne tilsetjast for å undervise i første klasse i den 10-årige skolen.

28.2 Høyringsinstansane

Berre to kommunar har uttalt seg om denne delen av innstillinga. Kommunane er samde i at fast tilsette lærarar får halde på statusen sin.

28.3 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om overgangsordningar for personell som er tilsett i uoppseielege stillingar når lova blir sett ut i livet. Departementet er også samd i at det ikkje blir fastsett ytterlegare overgangsordningar i samband med å oppheve dei særskilde stillingsvernreglane i grunnskolen.

I kapittel 18 gjer departementet framlegg om at kompetansekrava for undervisningspersonale i hovudsak fastsettast i forskrifter. Spørsmål om overgangsordningar blir vurderte når forskriftene blir utarbeidde.

Departementet viser elles til framlegget om å oppheve ordninga med lærarstyrte skolar, sjå kapittel 17 om stillingar, tenester og funksjonar. Departementet meiner at skolar som i dag blir styrte av lærarar med heimel i gsl. § 17 nr. 4 tredje leddet, bør få noko tid til å avvikle ordninga. Det blir derfor gjort framlegg om at skolar som har skipa ei leiingsordning med heimel i gsl. § 17 nr. 4 tredje leddet når lova blir sett ut i livet, skal vere unnatekne frå rektorkravet i lova i ein periode på fem år.

Retten og plikta til tiårig grunnskole skal gjelde for elevar som er fødde i 1991 eller seinare, jf. Ot.prp. nr. 21 (1993-94) s. 21 og kgl.res. 23.06.95. Dei andre elevane skal ha ni års grunnskolegang. I lovutkastet er alle tilvisingar til klassetrinn baserte på ti års grunnskolegang. Lovutkastet vil likevel gjelde tilsvarande for elevar i niårig skolegang, etter at desse elevane hoppa over eitt klassetrinn hausten 1997. Det blir gjort framlegg om nødvendige lovreglar om dette.

Til forsiden