Ot.prp. nr. 46 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om eierskap i medier (medieeierskapsloven)

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1 Innleiing og bakgrunn

I denne proposisjonen legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram forslag til endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 (medieeieierskaploven).

I NOU 1995: 3, Mangfold i media, gjekk Eigarskapsutvalet inn for å innføre ei nasjonal grense for eigarskap i media på 1/3. På bakgrunn av utgreiinga gjekk regjeringa Jagland i Ot.prp. nr. 30 (1996-97) inn for å regulere eigarskap i media med ei øvre nasjonal grense på 1/3. Lova vart vedteken av Stortinget, og vart sett i kraft 1. januar 1999.

I St.meld. nr. 57 (2000-2001), I ytringsfrihetens tjeneste, vart det teke initiativ til ein gjennomgang av lova. I Ot.prp. nr. 81 (2003-2004), Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting, gjorde regjeringa Bondevik framlegg om å heve den øvre grensa for nasjonalt eigarskap frå 1/3 til 40 pst. Dette vart vedteke av Stortinget i 2004.

Framlegget frå regjeringa Bondevik om å heve den øvre grensa for nasjonalt eigarskap til 40 pst. fekk korkje støtte frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet eller Sosialistisk Venstreparti. Desse partia la fram forslag om å halde grensa på 1/3, jf. Innst. O. nr. 13 (2004-2005), s. 17.

1.2 Samandrag

I kapittel 2 gjør departementet greie for korleis den rettslege tilstanden er på feltet i dag. Kapittel 3 inneheld høyringsinstansanes syn på framlegget til lovendringar. Eit notat med framlegget til lovendringar har vore på høyring hjå 50 instansar. 20 av desse stør framlegget, anten eksplisitt, eller ved at dei ikkje har merknader. Fem høyringsinstansar går mot framlegget. Resten har ikkje uttalt seg om framlegget. Kapittel 4 inneheld departementets vurdering. Konklusjonen er at grensa for nasjonalt eigarskap blir redusert frå 40 pst. til 1/3. Kapittel 4 inneheld òg ei kort drøfting av eit par spørsmål der lovteksten og forarbeida ikkje gir noko klår løysing. Kapittel 5 inneheld merknader til paragrafane.