Ot.prp. nr. 48 (2006-2007)

Om lov om endring i lov 8. juni 1984 nr. 51 om ­havner og farvann m.v.

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram forslag om endring i lov om havner og farvann 8. juni 1984 nr. 51. Utkast til ny lovtekst har vore på allmenn høyring.

For å kunne oppfylle pliktene etter EØS-avtalen er Noreg pålagt å implementere EU direktiv 65/2005 om betre hamnesikring og EU forordning 884/2005 om inspeksjonar innan maritim sikring og terrorberedskap. Det er i denne samanhengen behov for endringar i lov om hamner og farvatn for å sikre tilstrekkeleg heimel til å implementere direktiv 65/2005 og forordning 884/2005.

Eit forslag til revidert lov om hamner og farvatn blei sendt på høyring 21. desember 2006. Utkastet inneheld også forslag til heimlar som er nødvendige for å gjennomføre forordninga og direktivet som nemnde ovanfor. Det er usikkert når den nye lova kan tre i kraft, medan EU regelverket skal vere implementert innan 15. juni. Det er derfor behov for å gjere enkelte endringar i gjeldande lov om hamner og farvatn.