Ot.prp. nr. 49 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn

I 2003 blei det i Noreg gjennomført fleire transplantasjonar enn noko tidlegare år. Sjølv om ein i dei seinare åra har greidd å utnytte potensialet for transplantasjon noko betre, og såleis transplanterer meir enn nokon gong tidlegare, er det framleis lange ventetider. Dessutan kan talet på gjennomførte transplantasjonar kome til å endre seg raskt, ettersom tilfanget av organ i stor grad er avhengig av ytre faktorar.

Mangelen på organ til transplantasjon er eit internasjonalt problem, og høvet til å gjennomføre xenotransplantasjon har derfor i dei seinare åra vore drøfta i mange land og i fleire internasjonale organisasjonar. Med xenotransplantasjon meines overføring av levande biologisk materiale (til dømes heile organ, vev eller celler) frå dyr til menneske, men det kan òg vere at humane kroppsvæsker, celler eller vev utanfor kroppen har kontakt med levande celler, vev eller organ frå dyr.

1.2 Tidlegare politisk behandling

I St.meld. nr. 25 (1992-93) Om mennesker og bioteknologi blei det på side 141 peika på at det var nødvendig med ei

«bred utredning av etiske, medisinske og dyrevernmessige spørsmål dersom (...) transplantasjon av organer fra genmodifiserte dyr til mennesker blir aktuelt.»

Sosialkomiteen sa seg samd med regjeringa i at det at slike inngrep kunne kome til å skje, ville krevje ei større utgreiing og drøfting, jf. Innst. S. nr. 214 (1992-93), side 25.

16. august 1999 sende Sosial- og helsedepartementet ut eit høyringsnotat om endringar i transplantasjonslova. Notatet omhandla mellom anna kliniske forsøk på menneske med bruk av levande celler, vev eller organ frå dyr (xenotransplantasjon). Det blei føreslått ein tenkjepause (eit moratorium) i form av eit mellombels forbod mot xenotransplantasjon fram til 1. januar 2003, og det blei i denne samanhengen føreslått å nedsetje eit breitt samansett utval for å vurdere alle sider ved xenotransplantasjon. Det såkalla xenotransplantasjonsutvalet blei i tråd med dette nedsett 3. desember 1999.

Regjeringa Bondevik I la 17. desember 1999 fram Ot.prp. nr. 24 (1999-2000) Om lov om endringer i lov av 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. (transplantasjonslova). Regjeringa føreslo her eit mellombels forbod mot alle former for medisinsk behandling med levande biologisk materiale frå dyr. Det blei føreslått at forbodet skulle opphøyre å gjelde frå 1. januar 2003, så framt eit lovvedtak om regulering av xenotransplantasjon blei sett i kraft seinast frå denne datoen. Ein viste til behovet for ein omfattande analyse av dei samfunnsmessige og etiske problemstillingane som xenotransplantasjon reiser, og til behovet for ytterlegare forsking. Xenotransplantasjonsutvalet fekk i denne samanhengen ei viktig rolle når det gjaldt å sikre ei omfattande vurdering av xenotransplantasjon, og når det gjaldt å stimulere til ein brei offentleg debatt.

Ot.prp. nr. 24 (1999-2000) blei trekt tilbake av regjeringa Stoltenberg i Ot.meld. nr. 2 (1999-2000). Nytt forslag til transplantasjonslov blei lagt fram i juli 2000 i Ot.prp. nr. 77 (1999-2000). Ein heldt der fast ved forslaget som gjaldt xenotransplantasjon, utan vesentlege endringar, og det blei føreslått teke inn eit mellombels forbod mot xenotransplantasjon i transplantasjonslova § 6a. I proposisjonen blei xenotransplantasjon definert som overføring av biologisk materiale i form av levande celler, vev eller heile organ frå dyr til menneske. Definisjonen omfatta vidare dyreceller nytta i menneskekroppen i innkapsla form (til dømes kunstig bukspyttkjertel) og bruk av levande dyreceller som vektorar ved genterapi. På side 39 i proposisjonen, under dei spesielle merknadene til forbodet i § 6a, heiter det:

«Med levende biologisk materiale fra dyr menes organer, vev, celler eller deler av disse som er beregnet til transplantasjon i mennesker eller andre medisinske formål. Andre medisinske formål omfatter blant annet kliniske forsøk hvor blod eller annen kroppsvæske fra mennesker kommer i kontakt med levende biologisk materiale fra dyr utenfor kroppen og deretter tilbakeføres til mennesket, samt levende celler fra dyr brukt som vektorer ved genterapiforsøk. Forbudet omfatter både kliniske forsøk og enhver form for medisinsk behandling med levende biologisk materiale fra dyr.»

På side 15 i proposisjonen går det fram at forbodet mot xenotransplantasjon ikkje skulle omfatte hjarteklaffar, årer og anna tilarbeidd materiale frå dyr nytta i menneske. Det er vist til at i slike produkt har vevet vore igjennom ei rad prosessar med sikte på å øydeleggje/inaktivere moglege smittekjelder som kan gi infeksjonar. Bruk av denne typen dyrevev, som ikkje inneheld levande celler, var såleis ikkje omfatta av forbodet.

I samsvar med forslaget vedtok Stortinget eit mellombels forbod mot xenotransplantasjon som skulle gjelde fram til 1. januar 2003, jf. Innst. O. nr. 72 (2000-2001).

Regjeringa Bondevik II la 22. mars 2002 fram Ot.prp. nr. 52 (2001-2002) Om lov om endringer i lov av 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. Her føreslo regjeringa å forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon fram til 1. januar 2005. I kapittel 3 i denne proposisjonen er det gjort nærmare greie for vurderingar og forslag i Ot.prp. nr. 52 (2001-2002), og for behandlinga av proposisjonen i Stortinget.