Ot.prp. nr. 51 (2000-2001)

Om lov om endring av straffeloven § 262 (rettsleg vern av koda tenester)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å endre straffeloven (strl.) § 262. Noverande føresegn gjer det straffbart å skaffe seg eller andre rettsstridig tilgang til koda radio- og fjernsynsignal. I dei seinare åra har det kome til ei rekkje nye koda elektroniske tenester, som mellom anna videogram og fonogram på bestilling, som ikkje er dekka av omgrepet «fjernsyns- eller radiosignal» i strl. § 262. Desse tenestene - gjerne omtala som «informasjonssamfunnstenester», jf. definisjonen i kapittel 3.2 - har difor ikkje same vern mot spreiing og bruk av «piratdekodere» mm. som dei eldre tenestene.

Siktemålet med endringsframlegget er å gi eit rettsleg vern til alle såkalla «informasjonssamfunnstenester». Ei slik lovendring vil også sikre gjennomføring i norsk rett av direktiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester. Direktivet vart ein del av EØS-avtalen ved EØS-komiteen si avgjerd 23. februar 2001, avgjerd nr. 17/2001. Utanriksdepartementet fremmer samtidig med denne odelstingsproposisjonen ein stortingsproposisjon om samtykke til godkjenning av vedtaket i EØS-komiteen. Lovframlegget er dessutan i samsvar med Europarådskonvensjonen om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (»European Convention on the Legal Protection of Services based on, or consisting of, Conditional Access»), vedteke av Ministerkomiteen i Europarådet 6. oktober 2000. Regjeringa vedtok ved kongeleg resolusjon 19. januar 2001 å underteikne konvensjonen.

Utover det EØS-rettslege vil endringsframlegget gi ei betre redigert føresegn, m.a. med differensiert strafferamme etter alvoret i lovbrotet.