Ot.prp. nr. 51 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip m.m. (EØS-tilpasning)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

I proposisjonen fremjar Nærings- og handelsdepartement forslag om endringar i lov 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip (arbeidstidslova) og lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-lova). Endringane er ei følgje av at det under EØS-avtalen blir stilt nye krav til at sjøfolk og fiskarar skal ha regulert arbeids- eller kviletid. Desse krava er fastsette i Rådets direktiv 1999/63/EF av 21. juni 1999 og i Europaparlamentets og Rådets direktiv 2000/34/EF av 22. juni 2000 som endrar Rådets direktiv 93/104/EF om visse aspekt ved organisering av arbeidstida. Direktiva 1999/63/EF og 2000/34/EF skal vere gjennomførte innan høvesvis 30. juni 2002 og 1. august 2003.

Forslaget vil også gjennomføre konvensjon nr. 180 om sjøfolks arbeidstid og bemanning av skip, som blei vedteken under ILOs 84. internasjonale arbeidskonferanse for sjøfartsspørsmål i Genève 8. - 22. oktober 1996. Konvensjonen regulerer arbeids- eller kviletid for sjøfolk. Konvensjonen kan òg gjennomførast for fiskarar.

I proposisjonen vert det lagt opp til at kviletid for sjøfolk vert regulert i staden for arbeidstid. Ein føreset at kvile- eller arbeidstid for fiskarar skal regulerast med heimel i lova, som skal gje høve til regulering i forskrift og eventuelt tariffavtale.

I proposisjonen fremjar Nærings- og handelsdepartementet også forslag om ei mindre endring i lov 9. juni nr. 7 1903 om lov om Statskontrol med Skibes Sjødygtighed (Sjødyktighetsloven).