Ot.prp. nr. 55 (2003-2004)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Utdannings- og forskingsdepartementet gjer med dette framlegg til endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova).

Departementet gjer framlegg om at Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og opplæringsråda blir nedlagde og erstatta av eit sentralt samarbeidsorgan for fag- og yrkesopplæringa og av faglege råd. Dette blir behandla i kapittel 2.

Vidare gjer departementet framlegg om å endre opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5 om retten til særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar i den offentlege grunnskolen og i frittståande grunnskolar. Endringane består i at særskild opplæring i norsk blir det fremste verkemiddelet for minoritetsspråklege elevar som ikkje har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Elevar med avgrensa dugleik i norsk vil i tillegg kunne ha rett til morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring i ein overgangsperiode. Framlegget til endring vil samtidig gi kommunane og skolane større høve til sjølv å finne fram til gode pedagogiske og organisatoriske modellar for særskild språkopplæring. Dette blir behandla i kapittel 3.

Departementet gjer også framlegg om å endre opplæringslova § 13-10 om ansvarsomfang og friskolelova § 5-2 om oppgåvene til styret. Endringane inneber at det blir presisert at skoleeigaren og styret for frittståande skolar skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lovverket m.m. blir oppfylte. Det blir også presisert at skoleeigaren og styret for frittståande skolar skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og frå nasjonale kvalitetsvurderingar. Dette blir behandla i kapittel 4.