Ot.prp. nr. 56 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om ­Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Opplysningsvesenets fond er regulert i Grunnlova § 106 og i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Marknadsverdien til fondet er ved siste årsskifte rekna til 6 mrd. kroner. Av dette er verdien av finanskapitalen rekna til 1,7 mrd. kroner, som mellom anna er plassert i børsnoterte verdipapir.

I 2002 vart lova om fondet endra ved at det vart stilt krav om at kapitalen til fondet skulle sikrast mot inflasjon. Kapitalen er i denne samanhengen den bokførte grunnkapitalen til fondet (kapitalfondet). Den praktiske konsekvensen av inflasjonssikringa er at det av avkastinga frå fondet kvart år skal avsetjast ein sum til kapitalen som svarer til inflasjonen dette året. Inflasjonssikring har på dette grunnlaget vore gjennomført med 13,6 mill. kroner i 2004 og 26,8 mill. kroner i 2005.

Inflasjonssikringa er ei lovfesta binding på bruken av den årlege avkastinga, og er dermed i praksis dessutan eit avkastingskrav. Kyrkjemøtet 2005 oppmoda departementet om å vurdere behovet for inflasjonssikring på ny.

Departementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Reglane i lova §§ 5 og 6 om inflasjonssikring vert foreslått oppheva. Departementet meiner det ikkje bør vere for mange legale bindingar på bruken av avkastinga. Ei oppheving av lovreglane om inflasjonssikring vil gi meir fleksibilitet og handlefridom ved disponering av avkastinga frå fondet. Departementet legg òg vekt på at lovreglane om inflasjonssikring ikkje sikrar kapitalen mot verditap. Med den aktive forvaltinga som kapitalen er gjenstand for, vil nedgang eller oppgang i finansmarknadene i regelen ha større verknad for verdiutviklinga av kapitalen enn inflasjonen.