Ot.prp. nr. 57 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 101 om ­eigedomsregistrering o.a.

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Miljøverndepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering. Forslaget er ei oppfølging av forslaget som Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremja under behandlinga av lova i Stortinget.

Lov om eigedomsregistrering blei sanksjonert av Kongen i statsråd 17. juni 2005. Lova er berre sett delvis i verk. Lova skal avløyse lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingslova).

Etter delingslova har kommunane ansvaret for alle sider ved eigedomsregistreringa, både oppmålinga i marka og registerføringa. Lov om eigedomsregistrering slik den blei vedteken, opnar for at oppmålingsforretningane skal kunne utøvast som privat tenesteyting. Det inneber at grunneigaren sjølv må bestille landmålarføretak som kan utføre oppmålingsforretninga. Landmålarføretaket set så fram krav om registerføring av forretninga overfor kommunen.

Departementet foreslår i staden å vidareføre det offentlege ansvaret for eigedomsoppmålinga, slik det er i dag etter delingslova, og foreslår å endre lov om eigedomsregistrering i samsvar med dette. Under dette foreslår departementet nødvendige tilpassingar i tinglysingslova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova.