Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhald

Denne proposisjonen inneheld forslag om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Departementet foreslår at ansvaret for opplæring av pasientar i private helseinstitusjonar blir overført frå pasientens bustadkommune, høvesvis bustadfylkeskommune, til fylkeskommunen der institusjonen ligg. Departementet foreslår også at ansvaret for opplæring av bebuarar i barneverninstitusjonar blir flytt frå fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa til fylkeskommunen der institusjonen ligg. Dette blir behandla i kapitla 2 til 4.

Det blir også foreslått ei presisering av læreplanheimelen for samisk opplæring i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Dette blir behandla i kapittel 5.

1.2 Bakgrunnen for forslaga

Om opplæringsansvaret i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar

Bakgrunnen for at departementet foreslår endringar når det gjeld opplæringsansvaret i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar, er at det i den seinare tid har vore ein del uvisse knytt til opplæringsansvaret for pasientar i enkelte private behandlingsinstitusjonar for rusmisbrukarar og andre private helseinstitusjonar. Dette har samanheng mellom anna med at det er lovfest ulike ordningar når det gjeld ansvaret for og finansieringa av opplæring for pasientar i offentlege og private helseinstitusjonar.

I tillegg til ulikt opplæringsansvar for pasientar i offentlege og private helseinstitusjonar er det også ulikskapar i opplæringsansvaret for pasientar i offentlege helseinstitusjonar og bebuarar i barneverninstitusjonar. Dagens rettslege reguleringar på dette området betyr at oppgjersordningane mellom dei ansvarlege offentlege instansane kan vere tildels kompliserte og arbeidskrevjande. Dette har vidare direkte innverknad på den opplæringa pasientane har rett til etter opplæringslova.

Den rettslege reguleringa av opplæringsansvaret er fastsett i opplæringslova kapittel 13 og i forskrifta til lova. Uavhengig av den rettslege reguleringa er det i somme tilfelle utvikla andre finansieringsordningar.

Sjølv om bakgrunnen for proposisjonen først og fremst gjeld opplæringsansvaret i private helseinstitusjonar, legg departementet vekt på at opplæringsansvaret i dei ulike institusjonstypane bør sjåast i samanheng. Derfor er opplæringsverksemda både i offentlege og private helseinstitusjonar og i offentlege og private barneverninstitusjonar gjennomgådd. På den måten kan ein få eit betre grunnlag for å vurdere om det kan vere forhold ved dei behov dei ulike målgruppene har for opplæring, som også tilseier forskjellar når det gjeld spørsmålet om kva for ein instans som bør ha opplæringsansvaret.

Departementet har elles tidlegare varsla at det vil gjennomgå opplæringsverksemda ved dei medisinske institusjonane, jf. Ot.prp. nr. 30 (2001–2002) s. 10.

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2004 uttalte kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna at han er uroa for utdanningstilbodet ved helseinstitusjonar (Beitostølen Helsesportsenter, Valnesfjord Helseportsenter og Modum Bad) som i dag ikkje er åtte av dei regionale helseføretaka. Komiteen «ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med vurdering av hvordan opplæringsloven kan endres for å sikre likhet mellom tilbudene, for å sikre institusjonenes skoleavdelinger og å klargjøre ansvaret mellom kommuner og institusjonene».

Lovendringsforslaga er også ei oppfølging av punktet i Soria Moria-erklæringa om at regjeringa vil «snarest sikre finansieringsordninger for opplæring som er knyttet til de private rusbehandlingsinstitusjonene».

Om endring av læreplanheimelen for samisk opplæring

I samband med Kunnskapsløftet er det utarbeidd utkast til parallelle og likeverdige samiske læreplanar for enkelte fag i vidaregåande opplæring. For at desse skal kunne fastsetjast, er det nødvendig å ha ein tydeleg heimel i opplæringslova.

1.3 Høringa

1.3.1 Om opplæring i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar

Brev med forslaga om lovendringar vart sendt til høring 9. november 2005. Fristen for å komme med fråsegner var 4. januar 2006. Departementet har motteke 92 høringsfråsegner.

Det blir gjort greie for synspunkt frå høringsinstansane i tilknyting til dei enkelte alternativa, sjå punkt 4.

Desse instansane har komme med realitetsfråsegner:

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Sosial- og helsedirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Helse Sør

  • Helse Aust

  • Helse Vest

  • Bufetat – region Øst

  • Bufetat – Region Sør

  • Bufetat – Region Midt-Noreg

  • Fylkesmannen i Finnmark

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

  • Fylkesmannen i Telemark

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Buskerud

  • Fylkesmannen i Vestfold

  • Nordland fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Oppland fylkeskommune

  • Aust-Agder fylkeskommune

  • Akershus fylkeskommune

  • Hedmark fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Finnmark fylkeskommune

  • Hordaland fylkeskommune

  • Buskerud fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Oslo kommune

  • Skiptvet kommune

  • Leikanger kommune

  • Nore og Uvdal kommune

  • Modum kommune

  • Sarpsborg kommune

  • Eidsberg kommune

  • Vefsn kommune

  • Hamar kommune

  • Gjerstad kommune

  • Våler kommune

  • Risør kommune

  • Ringsaker kommune

  • Skedsmo kommune

  • Nøtterøy kommune

  • Øystre Slidre kommune

  • Voss kommune

  • Tromsø kommune

  • Molde kommune

  • Lillehammer kommune

  • Kommunenes Sentralforbund (KS)

  • KS Bedrift

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Fellesforbundet

  • Skolenes Landsforbund

  • Utdanningsforbundet

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

  • Barneombodet

  • Statens råd for funksjonshemma

  • Sametinget

  • VOX

  • Landsforeningen for barnevernsbarn (Lfb)

  • Skoleledere i psykiatrien (SLIPS)

  • Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere

  • Norsk forening for barne- og ungdomspsykiatriske institusjoner

  • Lianvatnet skole – BUP-klinikk Trondheim

  • Dokka videregående skole – avdeling Hov

  • Samarbeidsforum for norske kollektiv

  • Faggruppe for BUP i Helse Sør

  • De Spesielle Helseinstitusjonene (DSHI)

  • Organisasjonen for Private Barneverntiltak

  • Fagrådet innen rusfeltet

  • Lillehammer og Omegn Afasiforening

  • Ansatte ved Modum Bad

  • Frambu

  • Statped (Geilomo, Sunnaas, Solberg)

Desse høringsinstansane har ikkje merknader til utkastet:

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Kultur- og kyrkjedepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Utdanningsdirektoratet

1.3.2 Om endring av læreplanheimelen for samisk opplæring

Brev med forslag om å presisere læreplanheimelen for samisk opplæring vart sendt til høring 10. januar 2006. Fristen for å komme med fråsegner var 21. februar 2006. Departementet har motteke 5 høringsfråsegner. Ingen av dei inneheldt merknader til høringsforslaget.

Til forsida