Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og regionaldepartementet legg med dette fram eit forslag til ei ny lov om Husbanken. Forslaget skal erstatta lov 1. mars 1946 nr. 1 om Den Norske Stats Husbank. Proposisjonen byggjer på eit høyringsnotat utarbeidt av departementet og dei utsegner som er komne inn frå høyringsinstansane.

Lova skal vera ei fullmaktslov som gjev det formelle grunnlaget for styring og organisering av Husbanken. Forslaget endrar ikkje dei politiske oppgåvene som er lagde til Husbanken. Husbanken skal gjennomføra den politikken regjeringa fastset og som mellom anna vert vedteken i dei årlege statsbudsjetta. Dei økonomiske verkemidla som Husbanken rår over skal framleis ha si rettslege forankring i forskrifter.

Det offisielle namnet, «Den Norske Stats Husbank», vert føreslått erstatta med den korte og allment nytta versjonen «Husbanken», og dette skal nyttast i alle samanhengar.

Det vert føreslått ei eiga føresegn som framhevar dei oppgåvene Husbanken skal ha. Den viktigaste oppgåva er å fremja den statlege bustad­politikken. Husbanken skal forvalta bustønad, låne- og tilskotsordningar og medverka til å formidla kunnskap innafor det bustadpolitiske området. Dernest skal departementet framleis ha høve til å gje Husbanken andre oppgåver, og det vert presisert at Husbanken kan ha oppgåver på andre statlege politikkområde, slik praksis er i dag.

Det vert føreslått at Husbanken skal vera eit statleg forvaltningsorgan under departementet, slik tilhøvet reelt sett er i dag. Husbanken skal ikkje lenger ha eit hovudstyre, men verta direkte styrt frå departementet. Dagens regionstyre vert erstatta med regionale råd. Råda skal vera eit bindeledd mellom Husbanken regionalt og andre aktørar, spesielt kommunane, og på den måten medverka til å utvikla og gjennomføra bustadpolitikken. Det er departementet som skal utnemna råda.

Dei regionale råda vil samla utgjera eit sentralt råd som såleis vil ha medlemer med røynsle frå praktisk gjennomføring av bustadpolitikk. Dette rådet skal ha som hovudoppgåve å gje departementet råd i store og prinsipielle saker og i utforming av bustadpolitikken.

Husbanken skal leiast av ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd. Gjeldande praksis med at Husbanken opptrer som part i rettssaker vert føreslått lovfesta.

Forslaget inneber at det er departementet som er klageinstans for dei vedtak om lån og tilskot som Husbanken gjer, men departementet kan gjera andre organ til klageinstans. Føresegna i forvaltningslova om klage skal elles gjelda.

Gjeldande lovføresegner om at verksemda til Husbanken vert finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet og ved lån frå staten vert førte vidare i den nye lova. Som ei følgje av at Husbanken vert eit forvaltningsorgan, er det ikkje lengre nødvendig med føresegner i lova om rekneskap, revisjon og kontroll av verksemda. Føresegnene om at Husbanken skal ha eit grunnfond og eit risikofond er føreslåtte oppheva.

Husbanken skal ikkje lenger kunna påleggja kommunane oppgåver i samband med handsaminga av husbanksaker. Det same gjeld retten til å påleggja kommunane å redusera eigedomsskatten på bustader med husbanklån.

Gjeldande føresegner om utlån vert føreslåtte forenkla, men utan at rettstilstanden vert endra. Dagens lovføresegner om sikring av utlån skal takast i forskrifter. For å gjera det klart at Husbanken har avgrensa fullmakter, skal lova framleis ha føresegner om fastsetjing av lånevilkår, om utsetjing med tilbakebetaling og om gjeldsforhandlingar. Utlånsvilkåra som Husbanken kan tilby skal koma fram i forskrift. Gjeldande føresegner om at Husbanken kan ettergje krav som det er umogleg å krevja inn, vert vidareførte i ny lov.

Lovrevisjonen omfattar ikkje gjeldande lovreglar om bustønadordninga. Det føregår ein brei gjennomgang av bustønadordninga, der siktemålet er ei ny, forbetra og forenkla ordning. Inntil vidare vil dagens føresegner gjelda.

Til forsida