Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Med bakgrunn i eit eige punkt i Soria Moria-erklæringa om tomtefeste er det ved instruks fastsett føresegner om innløysing av festetomter som staten eller eit statleg styrt fond er eigar av, og som er bestemte til bustadhus. Instruksen har òg føresegner om regulering av festeavgift for desse tomtene. Instruksen vart fastsett ved kongeleg resolusjon 14. september 2007 og skal gjelde frå 1. juli 2008.

I instruksen er det særskilt fastsett at han gjeld for Opplysningsvesenets fond. Ved sida av Opplysningsvesenets fond er det Statskog og Statsbygg som forvaltar dei andre festekontraktane som instruksen gjeld for. Statskog har 850 slike kontraktar, Statsbygg har 415. Kontraktane under Statsbygg gjeld i hovudsak festetomter i Narvik. Kontraktane i Narvik har klausular som gjer at festarane der kan løyse inn rimelegare enn etter reglane i instruksen.

Instruksen er vurdert slik at det trengst ei endring i lova om Opplysningsvesenets fond § 5 for at føresegnene i instruksen skal kunne gjelde for fondet. I samsvar med dette legg departementet fram forslag til lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Eit høyringsnotat om saka vart lagt fram for Kyrkjemøtet i november 2007.