Ot.prp. nr. 61 (1998-99)

Om lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Innleiing

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram forslag til lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting. Lova vil avløyse lov av 6. juni 1980 nr 21 om handelsvirksomhet (handelslova). Bakgrunnen for forslaget er at departementet har hatt som siktemål å gjennomføre omfattande endringar i handelslova grunna endra samfunns- og næringsforhold og eit ønske om å forenkle og avbyråkratisere handelslovgivinga. Desse endringane ville få som konsekvens at berre reglane for handel med brukte og kasserte ting ville stå att i handelslova frå 1980. Av denne grunn og etter anbefaling frå Justisdepartementet ser Nærings- og handelsdepartementet det som formålstenleg at handelslova frå 1980 blir oppheva, men slik at gjeldande reglar for handel med brukte og kasserte ting blir vidareført i ei ny lov.

Lovforslaget byggjer på eit forslag frå Næringslovutvalet som blei avgitt til departementet den 5. september 1997. Forslaget frå Næringslovutvalet har vore på høring, sjå nærare i punkt 2.2.

1.2 Hovudpunkta bak forslaget til ny lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting

Høvet til å drive handel har i Noreg vore underlagt generell regulering heilt sidan 1818. Den noverande lova frå 1980 avløyste lova av 8. mars 1935 om handelsnæring. Handelslova frå 1980 blei endra forholdsvis mykje i 1983.

Grunnfundamentet i handelslova er kravet om handelsrett for å drive handelsverksemd. Reglane om oppsøkjande handelsverksemd utanom fast utsalsstad overfor forbrukar er eit anna hovudområde i lova. I tillegg inneheld lova reglar om handel med brukte og kasserte ting.

I proposisjonen foreslår departementet å oppheve reglane om forbodet mot oppsøkjande handel med daglegvarer utanom fast utsalsstad (dørsal). Departementet foreslår òg å oppheve registreringsordninga i handelslova § 3-1. Etter reglane i dag må verksemder som ønskjer å drive oppsøkjande handelsverksemd utanom fast utsalsstad, melde frå til fylkesmannen i det fylket der verksemda har forretningsstaden sin.

Departementet foreslår òg å oppheve reglane om torghandel i § 3-2 fjerde ledd. Dette er ein forskriftsheimel som gir kommunen høve til å regulere sal frå torg, gater, bryggjer osv når det ut i frå blant anna trafikkmessig, helsemessig eller plasseringsmessig grunnar er behov for det.

Departementet foreslår vidare å oppheve reglane om handelsrett i kapittel 2 i lova.

Departementet foreslår å føre reglane i handelslova om løyveordninga for handel med brukte og kasserte ting vidare, men finn det hensiktsmessig at dette blir gjort i ei ny lov.

Til forsida