Ot.prp. nr. 61 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1953 nr. 28 om Heimevernet og lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt (heving av aldersgrenser for militær teneste)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

Forsvarsdepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar av heimevernslova og vernepliktslova. Endringane inneber eit absolutt lovforbod mot tvungen rekruttering av barn under 18 år til alle former for teneste i Forsvaret i fredstid, under beredskap og i krigstid. Vidare føreslår departementet eit lovforbod mot frivillig rekruttering til opplæring og deltaking i stridsrelatert verksemd, dvs. til verksemd som er knytt til det å føre militær strid. Ein foreslår og at frivillig personell under 18 år straks skal fritakast for teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot.

Føremålet med lovframlegget må ein sjå i lys av det internasjonale arbeidet som går føre seg for effektivt å hindre at barn under 18 år vil delta i krigshandlingar. FN sin barnekonvensjon forbyr rekruttering og bruk av barn under 15 år i væpna konflikt. Reglane i Barnekonvensjonen gjeld elles for personar under 18 år, og mange meiner difor at aldersgrensa bør hevast til 18 år også når det gjeld rekruttering og deltaking i væpna konflikt. Ei arbeidsgruppe nedsett av FN sin menneskerettskommisjon har sidan 1994 freista å utarbeide eit utkast til tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen der ein hevar aldersgrensene for rekruttering og deltaking i væpna konflikt. Målet for ein del statar, mellom dei Noreg, var å få ei generell aldersgrense på 18 år for både deltaking i væpna strid, tvungen militær rekruttering og frivillig rekruttering (den såkalla «straight 18»-standarden). For mange statar var dette likevel problematisk. Forhandlingane har difor vore vanskelege, men partane vart likevel samde om eit utkast til tilleggsprotokoll under eit møte i arbeidsgruppa i Genève i januar 2000. Protokollen vart deretter vedteken i FN sin menneskerettskommisjon 26 april 2000, og ein planlegg å vedta protokollen og opne for undertegning på ein spesialsesjon av FN si Generalforsamling i juni d.å. I protokollen vert aldersgrensa for tvungen rekruttering og for direkte deltaking i strid heva til 18 år, medan aldersgrensa for frivillig rekruttering skal fastsetjast av den einskilde staten (likevel minimum 16 år).

Problematikken kring barnesoldatar vert også drøfta i andre internasjonale fora. Sommaren 1999 vart det til dømes vedteke ein ILO-konvensjon om dei verste former for barnearbeid. I konvensjonen er det teke inn ein regel om at tvungen/obligatorisk rekruttering av barn under 18 år for bruk i væpna konflikt skal reknast som ei av dei verste formene for barnearbeid.

Noreg nyttar korkje i fredstid (med nokre få unntak, sjå pkt. 4 nedanfor) eller har planar i tilfelle beredskap og krig, om å bruke soldatar som ikkje har fylt 18 år. Men norsk lovgjeving opnar likevel for å kunne rekruttere barn heilt ned i 16 års alderen, sjå pkt 4 nedanfor. Dersom Noreg endrar lovgjevinga på desse punkta, vil dette vere eit viktig signal om at Noreg støttar det internasjonale arbeidet for å heve aldersgrensa for rekruttering til væpna styrkar. Proposisjonen her tek difor dels sikte på å endre norsk lovgjeving slik at ein ligg i forkant av utviklinga mot dei komande nye reglane i folkeretten om aldersgrenser for rekruttering av barn til væpna styrkar og for barns deltaking i strid. Samstundes tek proposisjonen sikte på å endre norsk lovgjeving slik at den ikkje vil vere i strid med ILO-konvensjon nr. 182 om dei verste formene for barnearbeid.

Departementet meiner dessutan at lovendringane bør gjerast uansett, uavhengig av det internasjonale arbeidet i FN-regi. Grunnen er at heimevernslova og vernepliktslova i krig gjev Forsvaret heimlar til å rekruttere barn ved tvang heilt ned i 16 års alderen, heimlar som det ikkje lenger er aktuelt å bruke.

Lovframlegget tek ikkje sikte på fullt ut å blokkere for at personar som ynskjer dette, kan gjere teneste i, eller på annan måte ha ei formalisert tilknyting til Forsvaret før dei har fylt 18 år. Framlegget tek likevel sikte på å hindre at personar under 18 år vert øvd i stridsrelaterte greiner (dvs. greiner som direkte er relaterte til kamphandlingar) eller at dei får høve til å delta i stridsrelatert verksemd, både i fred, krise og krig. Slik vil ein sikre at barn i tilfelle væpna konflikt ikkje vil bli utsett for direkte strid som følgje av teneste i, eller med anna tilknyting til, Forsvaret. Ingen personar under 18 år vil etter framlegget vere å rekne som medlemmer av landets væpna styrkar.

Forslaga vil ikkje få administrative eller økonomiske konsekvensar. Dei vil heller ikkje få konsekvensar for beredskapssituasjonen.