Ot.prp. nr. 64 (1996-97)

Endringar i skattelovgjevinga

Til innholdsfortegnelse

1 Skatte- og folkeregistreringsmessig bustad for stortingsrepresentantar mm

1.1 Innleiing og samandrag

Gjeldande reglar har i einskilde høve vist seg uklåre med omsyn til kvar stortingsrepresentantar m m kan reknast for busett dersom representanten etter tiltredinga tek opphald med sin familie og etablerer ein heim i Oslo-området. Stortingets Presidentskap har tatt opp med Regjeringa ei konkret sak om folkeregistrering av ein stortingsrepresentant. Bakgrunnen for dette var at Sentralkontoret for folkeregistrering i ei klagesak hadde bestemt at representanten skulle reknast for busett i Oslo sjølv om han også hadde ein bustad i den kommunen der han var registrert som busett før han blei valgt som representant. Sentralkontoret la i si vurdering avgjerande vekt på at representanten hadde gifta seg og stifta familie i Oslo etter tiltredinga som stortingsrepresentant. Sentralkontoret meinte derfor at representanten ikkje lenger hadde naudsynt tilknyting til sin tidlegare bustadkommune.

Stortingets Presidentskap har peikt på at registrering av bustad for stortingsrepresentantane i praksis kan vere avgjerande ved attval. Vidare er det peikt på at det er vanskeleg å sjå at det kan vere føremålstenleg for folkeregistreringa å leggje avgjerande vekt på om representanten har gifta seg før eller etter tiltredinga.

Departementet gjer nå framlegg om endringar i skattelova § 24 andre ledd bokstav b og folkeregisterlova, ny § 18, slik at det avgjerande i vurderinga av om representanten kan reknast for å ha brote tilknytinga til tidlegare bustadskommune, skal vere om tidlegare bustad er disponibel under opphald. Dette innebærer bl a at giftarmål ikkje har noko å seie for bustadsregistreringa.

1.2 Gjeldande rett

Etter skattelova § 24 andre ledd bokstav b skal medlem av Regjering og Storting, statssekretærar og politiske rådgjevarar i departementa og ved statsministerens kontor, reknast for busett i den kommune der dei hadde sin bustad før dei fekk nemnde stilling eller verv. Dette gjeld likevel ikkje dersom det har skjedd endringar som uavhengig av vervet gir grunn for ny bustad. Etter forskrift av 4. mars 1994 nr 161, gitt med heimel i folkeregisterlova, er det i § 2 nr 9 gitt ein motsvarande regel for medlem av Regjering og Storting. Også i forskrifta er det gjort unntak ved endringar som gir grunn for ny bustad.

1.3 Departementet sine vurderingar og framlegg

Det er etter departementet si meining naudsynt å klargjere skatte- og folkeregistreringsmessig bustad for stortingsrepresentantar m m. Det same gjeld for desse personane sine ektemaker og eventuelle barn. Reglane om folkeregistrering for stortingsrepresentantar er som nemnt gitt i forskrift. Departementet ser det slik at reglar om dette bør vere fastsette av Stortinget og kome til uttrykk i folkeregisterlova.

Som ein hovudregel må folkeregistreringsmessig bustad byggje på at personar som vert stortingsrepresentantar mm for kortare eller lengre tid, skal være registrert i folkeregisteret på den staden dei budde før tiltredinga. Det bør såleis ikkje leggjast vekt på at ein representant etablerer seg i Oslo-området dersom tilknytinga til den tidlegare bustaden står ved lag.

Det blir då naudsynt å klargjere kva for endringar som medfører eit brot med den opphavlege bustaden, og såleis gir grunn for ein ny bustad. Endringar som måtte skje i Oslo-området, til dømes stifting av familie, arbeidsoppdrag eller anna verksemd, bør ikkje medføre brot. Departementet si meining er at ny bustad i høve til folkeregisteret berre bør vere aktuelt i tilfelle der det skjer eit brot i tilknytinga til den opphavlege bustanden.

Det avgjerande bør vere at den tidlegare bustaden eller ein del av denne er disponibel under opphald. Dette heng saman med at folkeregistrering kviler på ei konkret bustadadresse. At ein representant gjev frå seg bustaden ved sal eller utleige, bør i denne samanheng ikkje utan vidare føre til at tilknytinga er broten dersom representanten kan nytte bustaden ved opphald i distriktet. Tilknytinga bør heller ikkje reknast for broten om representanten sel sin tidlegare bustad og skaffar seg ein annan bustad i distriktet.

Etter dette vil brot på tilknytinga til den tidlegare bustaden, som kan gi grunn for ny bustad i høve til folkeregisteret, bli avgrensa til situasjonar der representanten varig ikkje lenger disponerer nokon del av ein bustad til eige bruk under opphald i distriktet. I praksis vil dette gjelde der representanten sel eller leiger ut heile bustaden utan å kunne nytte nokon del sjølv og utan å skaffe seg ein annan bustad der. Dette vil og gjelde ved samlivsbrot der den andre parten overtek bustaden aleine. Representantar som bur på hotell ved besøk i distriktet, blir rekna for busett på bustaden i Oslo-området der han har sitt faste private tilhald. Ei slik løysing vil vere i samsvar med at folkeregistrering baserer seg på tilknyting til ein konkret bustadadresse.

Representanten sin ektemake og barn i sams heim bør som hovudregel vere registrert i folkeregisteret på same staden som representanten sjølv er registrert. Det bør likevel gjerest unntak i situasjonar der ektemaken og barna si tilknyting til representanten sin tidlegare bustad er særs svak. Ved slike høve bør ektemaken og barna bli registrert i den kommunen der dei har sams heim med representanten, sjølv om denne framleis reknast som busett i den tidlegare heimen. Tilknytinga må vurderast konkret, og vil normalt ikkje reknast for særs svak for ein familie som budde saman med representanten før denne vart stortingsrepresentant. Registrert partnar, men ikkje sambuar, må i denne samanheng bli å jamstelle med ektemake.

Ein syner til framlegg til ny § 18 i folkeregisterlova.

Reglane om skattemessig bustad bør være så like som mogleg reglane om folkeregistrering. Det kan likevel vere grunnlag for å ha ei særordning for tilfelle der representanten og ektemaken blir ført inn i folkeregisteret i kvar sin kommune. Reglane om sams likning av ektemakar og foreldre og barn byggjer på sams skattekommune etter bustad. Om likninga av ektemakane skulle gjennomførast i ulike kommunar, måtte til dømes representanten og ektemaken bli likna kvar for seg. Dette kan passe dårleg ved likninga fordi unytta frådrag hos den eine ikkje kan nyttast av den andre. Vidare kan formueslikninga gi to sett fribeløp og progresjonsskalaer ved likning kvar for seg.

Regelen bør derfor vere sams skattekommune etter bustad når representanten blir likna saman med ektemake eller med barn. Dette bør og gjelde om ektemake eller barn er ført inn i folkeregisteret i ein annan kommune som fylgje av særs svak tilknyting til den kommunen der representanten er ført inn i folkeregisteret.

Ein syner til framlegg til endring i skattelova § 24 andre ledd bokstav b.

Departementet foreslår at båe endringane skal gjelde frå og med 1997.

Til forsiden