Ot.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring og andre lover

Til innhaldsliste

1 Proposisjonens hovudinnhald

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om reglar om utvida registrering av utleggsforretningar i Lausøyreregisteret og om betre samordning av utleggstrekk frå fleire namsmakter. Praktisk sett vil grunnsteinen i den ordninga som vert foreslått, vere det sams sakshandsamingssystemet for Statens innkrevjingssentral (SI) og dei alminnelege namsmennene som er under utvikling. Dette systemet kan på den eine sida ta hand om samordninga av lønnstrekk mellom Statens innkrevjingssentral og dei ulike andre namsmennene. På den andre sida kan dette systemet levere opplysningar til Lausøyreregisteret slik at ein både kan effektivisere registreringa av utleggsforretningar etter dagens reglar og utvide omfanget av registreringa.

For å få ei betre samordning av lønnstrekk foreslår departementet at det vert lovfesta at namsmennene skal undersøkje om det allereie er lagt ned trekk, før dei legg ned nye trekk. Kjennskap til trekk frå andre namsmenn vil dei få hos Statens innkrevjingssentral. På den måten vil ein unngå at det vert lagt ned fleire trekk som til saman er så høge at skyldnaren ikkje sit att med nok til underhald av seg sjølv og sin husstand.

Departementet foreslår at alle utleggspant, med unntak for utleggspant i realregistrerte formuesgode, skal registrerast i Lausøyreregisteret. Alle utleggstrekk skal registrerast. Forretningar om «inkje til utlegg» skal òg registrerast, under føresetnad av at det er ei formell utleggsforretning frå ei namsmakt som har kompetanse til å ta både utleggstrekk og utleggspant i alle skyldnarens formuesgode. Føremålet med denne utvida registreringa av utleggsforretningar er å sikre betre kredittopplysning og å hindre resultatlause inndrivingsforsøk. Dei ulike namsmaktene skal gje melding om utleggsforretningane til Statens innkrevjingssentral. For dei alminnelege namsmennene vil dette skje automatisk i det sams sakshandsamingssystemet. Statens innkrevjingssentral overfører opplysningane vidare til Lausøyreregisteret. Kredittopplysningsbyrå, finansinstitusjonar mv. vil få opplysningar om utleggforretningar frå Lausøyreregisteret.

For å sikre personvernet til skyldnaren foreslår departementet nærmare reglar om innsynsrett for skyldnaren, avgrensingar av kva for opplysningar om utleggstrekk som skal vere tilgjengelege i Lausøyreregisteret, melding til skyldnaren om at opplysningar er gjeve ut, og om sletting av opplysningar frå registeret. Nokre av desse reglane skal fastsetjast i forskrift, medan andre vert lovfesta. Berre advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå og offentlege organ med teieplikt skal ha innsyn i opplysningar om utleggstrekk og forretningar som vert avslutta med «inkje til utlegg». Andre kan få tilgang til desse opplysningane hos eit kredittopplysningsbyrå dersom dei har sakleg behov for det.

For å betre informasjonstilgangen for namsmaktene vert det foreslått at Statens innkrevjingssentral utan hinder av teieplikt skal kunne gje andre namsmakter opplysningar om skyldnarars inntekts- og formuesforhold og om utleggsforretningar mot vedkomande. Dei andre namsmaktene vil ha teieplikt om dei opplysningane om personlege forhold som dei får frå innkrevjingssentralen.

Det vert foreslått at dei nye reglane skal kunne setjast i kraft til ulik tid og dessutan til ulik tid for ulike namsmakter. For Statens innkrevjingssentral og dei alminnelege namsmennene kan det sams sakshandsamingssystemet truleg setjast i kraft frå omkring årsskiftet 2005/2006. Lausøyreregisteret kan truleg være førebudd på den utvida registreringa av utleggsforretningar eit år seinare. For nokre særnamsmakter vil det ta noko lengre tid før dei kan knyte seg til systemet med samordning av lønnstrekk, betre informasjonstilgang og utvida registrering av utleggsforretningar.

Dessutan vert ein inkurie i tomtefestelova § 15 foreslått retta opp, jf. merknaden til den føresegna.

Ei meir fullstendig samordning òg av innbetaling av utleggstrekk, kan ein få ved at trekka vert innkravde av ein sentral instans på bakgrunn av informasjon instansen har mottatt frå andre namsmakter. Arbeidsgjevaren treng då berre foreta eitt trekk sjølv om det er lagt ned trekk i fleire saker, og vil ikkje verte kjend med kva for gjeld det vert trekt for. I samarbeidsprosjektet mellom SI og dei alminnelege namsmaktene vert det lagt opp til å understøtte ei slik ordning. Skal ei slik ordning kunne gjennomførast, er det naudsynt med nærmare utgreiing, herunder av om ordninga bør omfatte alle namsmaktene, og det må gjennomførast alminneleg høyring med påfølgjande lovendringar. Regjeringa vil arbeide vidare med dette spørsmålet. Også ved ei slik samordning av sjølve innbetalinga, vil det framleis vere dei lokale namsmaktene som skal fastsetje om det i det heile skal leggjast ned trekk og storleiken på trekka.

Til forsida