Ot.prp. nr. 66 (2007-2008)

Om lov om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet legg med dette fram forslag om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon blir gjort tidsubestemt. Xenotransplantasjon er i dag mellombels forbode fram til 1. januar 2009.

Med xenotransplantasjon meiner ein dei situasjonane der eit menneske i samband med medisinsk behandling eller klinisk utprøving blir eksponert for levande biologisk materiale frå dyr. Dette kan skje anten ved at slikt materiale blir sett direkte inn i pasienten, for eksempel i form av transplantasjon av heile organ, vev eller celler, eller ved at humant materiale utanfor kroppen har kontakt med levande biologisk materiale frå dyr, for så å bli tilbakeført til pasienten.

Sjølv om ein i Noreg dei siste åra har klart å utnytte potensialet for organtransplantasjon betre enn tidlegare, er det framleis lange ventetider. Mangelen på organ til transplantasjon er eit internasjonalt problem, og derfor har ein i mange land og i fleire internasjonale organisasjonar drøfta om det er mogleg å gjennomføre xenotransplantasjon.