Ot.prp. nr. 69 (2002-2003)

Om lov om endringar i forskjellige lover som følgje av integrering av fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Stortinget vedtok ved behandlinga av St.meld. nr. 31 (2000-2001) «Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling», jf. Innst. S. nr. 307 (2000-2001), at den regionale statsforvaltninga skulle omorganiserast. Det førte mellom anna til at fylkeslegeembeta og Statens utdanningskontor frå 1. januar 2003 blei integrerte i fylkesmannsembeta. Fylkeslegane som eigne forvaltningsorgan eksisterer såleis ikkje lenger. Men som embetsmenn og leiarar av dei nye helseavdelingane hos fylkesmennene skal fylkeslegane framleis kallast «fylkeslege».

Den fastsette fordelinga av mynde mellom fylkeslegen som tilsynsmynde underlagt Statens helsetilsyn og som leiar for den nye helseavdelinga hos fylkesmannen, går fram av Ot.prp. nr. 105 (2001-2002) «Om lov om endringer i lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten og i enkelte andre lover», jf. Innst. O. nr. 18 (2002-2003) og Besl. O. nr. 20 (2002-2003), jf. endringslov 13. desember 2002 nr. 78, som blei sett i kraft frå 1. januar 2003. Regional tilsynsmynde skal etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15 (tilsynslova) framleis liggje direkte hos fylkeslegen. På bakgrunn av dette er det behov for å tydeleggjere i alt regelverk som handlar om oppgåvene til fylkeslegen, kva oppgåver som skal liggje under fylkeslegen som tilsynsmynde underlagt Statens helsetilsyn, og kva oppgåver som skal liggje under fylkesmannen.

For at det gjeldande regelverket skal bli i samsvar med den vedtekne fordelinga av mynde, må det gjerast endringar i ein del lover og forskrifter. Dei første endringane blei vedtekne av Helsedepartementet 19. desember 2002 ved forskrift om endringer i diverse forskrifter som følge av fylkeslegeembetets integrering i fylkesmannsembetet m.v. Endringar i desse forskriftene kunne vedtakast uavhengig av endringar i dei tilhøyrande heimelslovene. Endringar i ca. 50 andre forskrifter kan først vedtakast etter at det er vedteke endringar i dei aktuelle lovene.

Det er behov for å føreslå endringar i 14 lover der «fylkeslegen» er nytta som nemning på det organet som er tillagt mynde. «Fylkeslegen» må her endrast anten til «fylkesmannen» eller til «Helsetilsynet i fylket», alt etter kva del av fylkeslegen sitt mynde det blir vist til i den aktuelle føresegna.

Det lovforslaget som ligg føre her, inneheld forslag til endringar i desse 14 lovene.