Ot.prp. nr. 7 (2001-2002)

Om lov om endringar i aksjelovgivinga m.m.

Til innhaldsliste

1 Innhaldet i proposisjonen

1.1 Ny framlegging av lovframlegget i Ot.prp. nr. 68 (2000-2001) Om lov om endringer i aksjelovgivningen m.m.

Regjeringa gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endringar i aksjelovgivinga m.m. Med to unntak, som det er gjort greie for i avsnitt 1.2, svarer framlegget til framlegget i Ot.prp. nr. 68 (2000-2001) Om lov om endringer i aksjelovgivningen m.m. som vart sett fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 68 (2000-2001) vart ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden. I proposisjonen her er det, med dei tillegga som det blir gjort greie for under 1.2, tatt inn eit likelydande lovframlegg som i Ot.prp. nr. 68 (2000-2001). For lovmotiva visast det til den proposisjonen.

1.2 Endring av aksjelova § 14-10 og allmennaksjelova § 14-10

EFTA Surveillance Authority (ESA) utferda 1. juni 2001 eit opningsbrev («letter of formal notice») om den norske gjennomføringa av sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon. ESA konkluderer i brevet med at allmennaksjelova § 14-10, jf. § 13-23, ikkje er i samsvar med art. 19 nr. 1 bokstav h i direktivet. Avtalen mellom EFTA-statane om å opprette eit overvåkingsorgan og ein domstol art. 31 slår fast at etter at vedkomande stat har uttala seg om opningsbrevet, kan ESA gi ei såkalla grunngjeven fråsegn. Om staten ikkje retter seg etter denne, kan ESA bringe saka inn for EFTA-domstolen. Som svar på opningsbrevet uttalte Justisdepartementet i brev 5. september 2001 at departementet er samd i denne konklusjonen i opningsbrevet, og at det vil gjere framlegg om å endre allmennaksjelova § 14-10.

Allmennaksjelova § 14-10 gjeld ugyldige fisjonar, og fastset at reglane om ugyldige fusjonar i §§ 13-20 til 13-23 gjeld tilsvarande. I § 13-23 heiter det at når eit vedtak av generalforsamlinga om fusjon er kjent ugyldig, er selskapet solidarisk ansvarleg med dei andre selskapa som tar del i fusjonen, for dei skyldnadene som har oppstått etter at verknadene av fusjonen skulle ha sette inn, men før kunngjeringa av dommen om at fusjonen er ugyldig.

Sjette selskapsdirektiv art. 19 nr. 1 bokstav h lyder:

«det enkelte mottakende selskap skal være ansvarlig for de forpliktelser som påhviler selskapet og som er oppstått etter den dag da delingen trådte i kraft og før den dag da rettsavgjørelsen som kjenner delingen ugyldig ble offentliggjort. Selskapet som er delt skal også være ansvarlig for disse forpliktelser; medlemsstatene kan bestemme at dette ansvaret begrenses til den del av nettoverdien som er tildelt det mottakende selskap som har pådratt seg slike forpliktelser.»

ESA meiner at regelen i allmennaksjelova ikkje er i samsvar med direktivet ved fisjonar der det er fleire overtakande selskap. I slike tilfelle krev direktivet at det einskilde overtakande selskapet er ansvarleg berre for dei skyldnadene som dette selskapet har pådratt seg. Allmennaksjelova § 14-10, jf. § 13-23, inneber at alle dei overtakande selskapa er solidarisk ansvarlege. Etter det departementet kan sjå, kjem problemet berre på spissen ved fisjonar der det er to eller fleire overtakande selskap, og dei overtakande selskapa som ikkje har pådratt skyldnaden er eksisterande selskap, slik at dei held fram med å eksistere etter at fisjonen er kjent ugyldig. Departementet gjer etter dette framlegg om ei endring av allmennaksjelova § 14-10 slik at det i eit nytt andre punktum blir presisert at der det er fleire overtakande selskap som har tatt del i fisjonen, er det berre det selskapet som har pådratt skyldnaden som er ansvarleg.

Sjette selskapsdirektiv gjeld berre allmennaksjeselskap, ikkje aksjeselskap. Departementet gjer likevel framlegg om ei tilsvarande endring av aksjelova § 14-10. Det er ingen reell grunn til at dei to lovene skal ha ulike reglar på dette punktet, og direktivet gir etter departementet sitt syn ei betre løysing enn dei gjeldande reglane i aksjelova og allmennaksjelova.

Framlegget om endring av aksjelova og allmennaksjelova § 14-10 har ikkje vore på høyring, da departementet har vurdert dette som unødvendig.