Ot.prp. nr. 73 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v.

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 6. juni 1891 nr. 2 om Guld-, Sølv- og Platinavarers Finhed og Stempling m.v. Departementet føreslår at varer av edle metall som er stempla med finleiksmerke, ikkje treng å stemplast med norsk ansvarsmerke dersom dei er stempla i samsvar med lovgivinga i ein stat som er part i EØS-avtalen, dersom visse føresetnader er oppfylte. Det blir gitt heimel til å kunne gi forskrifter om opphøyr og fornying av registrering av ansvarsmerke, og at det skal betalast avgift for fornyinga av registreringa. Ein føreslår at endringane blir tekne inn i § 4 i lova.