Ot.prp. nr. 76 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og i einskilde andre lover

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen gjer departementet framlegg til lovendringar som ein meiner er nødvendig for å kunne gjennomføre større makeskiftesaker i tråd med føresetnadene til Stortinget, jf kap 2. Forslaga gjeld jskl. § 6 fjerde ledd om kompetanse for jordskifteretten til å halde avtaleskjønn for erstatningseigedom utanfor jordskiftefeltet, § 28 andre ledd om avvik mellom grunnverdi før og etter skiftet, same paragrafen nytt tredje ledd om avtalebasert delingsgrunnlag og § 85 nytt andre ledd om voldgiftsmakeskifte. Vidare foreslår ein endringar i odelslova § 16 tredje ledd slik at reglane om odelsovergang skal nyttast både der heile og delar av eigedomar vert skifta etter jordskiftelova § 85 andre ledd. Ein foreslår ein regel om odelsfrigjering i § 32 første ledd. Endeleg foreslår ein mindre endringar i veglova § 60 andre ledd, gjerdelova § 16 andre ledd og servituttlova § 19 andre ledd. Forslaga inneber at jordskifteretten sin kompetanse til å halde avtaleskjønn etter dei nemnde føresegnene og vil omfatte dei kombinerte skjønnssakene etter jskl. § 6 første til tredje ledd.

I samband med lovarbeidet har departementet funne det formålstenleg å ta opp nokre mindre endringar av jordskiftelova som ikkje har samanheng med makeskiftespørsmålet. Dette gjeld bl. a. samansetjinga av jordskifteretten i kombinerte saker etter jskl. § 6 og saksbehandlinga av rettsfastsetjande vedtak, jf. jskl. § 17 a fjerde ledd.

Endeleg foreslår ein endringar av § 88 første ledd første punktum og andre ledd andre punktum slik at jordskifteretten får ein uttrykkeleg heimel til å halde grensegang for grenser som gjeld offentlegrettsleg råderettsinnskrenking.

Til forsida