Ot.prp. nr. 76 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen og forutgåande høyring

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram ein proposisjon med framlegg om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting (kringkastingslova). Hovudføremålet med proposisjonen er å innføra eit meir nyansert sanksjonssystem enn det som finst no ved brot på kringkastingslova, kringkastingsforskrifta og vilkår gitt i medhald av lova. Departementet gjer òg framlegg om einskilde andre endringar i lova. Endringane i lova skal bidra til at norske kringkastarar og aktørar som deltek i spreiing av kringkasting til det norske publikum sørgjer for at sendingane er i samsvar med dei rettslege rammene som gjeld for slike sendingar og som er fastsette i norsk og internasjonalt regelverk for kringkasting.

I kapittel 2 gjer departementet framlegg om å endra og innføra nye administrative reaksjonssystem for å motverke brot på kringkastingslova, føresegner og vilkår gitt i medhald av lova. Framlegget inneber samstundes ei avkriminalisering av ei rad føresegner i lova. I dag femner straffeansvaret om 24 paragrafar i lova med tilhøyrande føresegner i forskrift, og verkeområdet vart i høyringsnotatet foreslått utvida med kapitla fem og seks. Departementet har sett nærmare på behovet for straff i lys av framlegga som gjeld gebyr og tvangsmulkt. Konklusjonen av denne gjennomgangen er eit framlegg om å la straffeansvar gjelda for brot på føresegner i åtte paragrafar, altså ei avkriminalisering av 16 paragrafar. Heimel til å gi gebyr og åtvaring blir foreslått utvida og det blir foreslått å innføra ein ny heimel til å gi tvangsmulkt. Samla sett gir dette etter departementets vurdering eit sett med verkemiddel som i langt større grad er tilpassa kringkastingsregelverket enn tilfellet er etter dagens reaksjonssystem, utan at det går ut over rettstryggleiken. Det legg også til rette for ei meir effektiv og målretta administrering av regelverket enn etter dagens system.

I kapittel 3 gjer departementet framlegg om at regelverket om skjult reklame i kringkastingsprogram blir flytta frå kringkastingsforskrifta til lova. Noreg er gjennom Fjernsynskonvensjonen 1 og TV-direktivet 2 pliktig til å regulera desse forholda, og det er mest naturleg å ha reguleringa i lova. Dessutan har det blitt reist spørsmål om heimelen til delar av forskriftsreguleringa. Det er gjort somme endringar, slik at lova kjem klarare i samsvar med dei internasjonale pliktene Noreg har teke på seg.

Kringkastingslova inneheld i dag ein heimel til å forby å senda vidare i kabelnett visse program som er i strid med norsk lov. I kapittel 4 gjer departementet framlegg om å utvida denne heimelen til å gjelda formidling av visse ulovlege program frå utanlandske kringkastarar, same kva for distribusjonsmåte som er vald. Etter dette framlegget blir reguleringa på dette området meir teknologinøytral.

I kapittel 5 gjer departementet framlegg om å avvikla ordninga med Medietilsynet 3 som tvisteløysingsorgan i saker der abonnentar og kabeleigar ikkje blir samde om val av kanalar i kabelnettet. I staden får Medietilsynet fullmakt til å krevja omval dersom abonnementsval ikkje har skjedd i samsvar med reglane for slike val. Slike ureglementerte val vil oftast følgjast av klager frå abonnentar. Det kan likevel bli nødvendig å gripa inn sjølv om det ikkje ligg føre klager, når det er klare brot på reglane. Framlegget femner også om slike tilfelle. Omvalsregelen vil først bli teken i bruk når reglane om abonnementsval er blitt presiserte i forskrift til lova.

1.2 Høyring

Departementet presenterte framlegga til endringar i eit høyringsnotat av 27. januar 2004. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar, i tillegg til at det var tilgjengeleg på departementets internettsider 4:

  • Departementa

  • Allmennkringkastingsrådet

  • Barneombodet

  • Eigarskapstilsynet

  • Familie og Medier

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Høgskulen i Volda

  • Institutt for journalistikk

  • Institutt for media og kommunikasjon, UiO

  • Institutt for medievitskap, UiB

  • Kanal 5 Norge

  • Kanal24 Norge

  • Kreativt Forum (Reklamebyråforeningen)

  • Kringkastingsringen

  • Noregs Markedsføringsforbund

  • Norkring

  • Norsk Forbund for lokal-TV

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Medieforskerlag

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Norske Annonsørers Forbund

  • Norske Boligbyggelags Landsforbund

  • NORWACO

  • P4

  • Post- og teletilsynet

  • Senter for medieøkonomi, BI

  • Statens filmtilsyn

  • Statens medieforvaltning

  • Elektro- og Elektronikkbransjen

  • Telenor Broadcast

  • TV 2

  • TVNorge

  • UPC

  • Viasat.

Frist for merknader var sett til 10. mars 2004. Somme høyringsinstansar fekk etter søknad utsett høyringsfrist. Det kom inn 39 høyringssvar. Canal+ Television AB, Konkurransetilsynet og Politidirektoratet uttalte seg også til framlegget. Åtte høyringsinstansar hadde ingen merknader til framlegga. Merknader frå høyringsrunden blir behandla under drøftinga av framlegga til endringar i kap. 2-5.

Fotnotar

1.

Europarådets konvensjon av 5. mai 1989, om fjernsyn over landegrensene, med seinare endringar

2.

Rådsdirektiv 89/552/EØF, som endra ved Europaparlaments- og rådsdirektiv 97/36/EF, om samordning av visse føresegner om fjernsynsverksemd.

3.

Medietilsynet vart oppretta 1. januar 2005 og omfattar dei tidlegare tilsynsorgana Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvaltning. Statens medieforvaltning har inntil denne datoen vore tilsynsorgan for kringkastingsregelverket.

4.

I omtalen av høyringssvara frå Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvaltning blir desse navna på tilsynsorgana brukt, sjølv om dei frå 1. januar 2005 er samla i det nye tilsynsorganet Medietilsynet.