Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) og lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjeloven).

Allmennaksjelova kapittel 13 har reglar om fusjon. Eit vedtak om fusjon blir gjort ved at generalforsamlinga i kvart selskap som tar del i fusjonen, godkjenner ein felles fusjonsplan. Det følgjer av allmennaksjelova § 13-10 at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen. I proposisjonen foreslår Justisdepartementet eit nytt fjerde ledd i § 13-10 om at krava om utgreiing i første og andre ledd ikkje gjeld dersom alle aksjeeigarane er samde om det. Allmennaksjelova § 14-4 tredje ledd om fisjon viser til § 13-10. Endringsforslaget får med det verknad også for fisjon.

Framlegget har bakgrunn i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/63/EF, som gjer endringar i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon og sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon.

Tredje og sjette selskapsdirektiv gjeld berre for allmennaksjeselskap. Endringsdirektiv 2007/63/EF har såleis ikkje noko å seie for aksjeselskapa. Justisdepartementet gjer likevel framlegg om endringar også i aksjelova § 13-10, då det ikkje er grunn til å ha andre reglar for aksjeselskapa enn for allmennaksjeselskapa på dette punktet.