Ot.prp. nr. 79 (1997-98)

Om lov om endring i lov 3 februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova)

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om endring i lov 3 februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) § 10 andre leddet. Denne lovføresegna gjeld skadebot ved skade gjort av ukjend motorvogn. Slik skade dekkjer trafikktrygdelaga saman. Trafikkforsikringsforeningen administrerer ordninga, jf bilansvarslova § 17 bokstav c og forskrift 1 april 1974 nr 3 om trafikktrygd m v § 2.

Bilansvarslova § 10 andre leddet gjeld i dag berre skade på folk, gangklede og medbrakte vanlege bruksting, samt på fast eigedom. I proposisjonen gjer departementet framlegg om å utvide skadebotvernet til òg å dekkje dyr med unntak av lause hundar.