Ot.prp. nr. 82 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Utkast til ny samferdselslov, lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy, vart sendt til høyring i mai 1999. Utkastet til ny lov tek først og fremst sikte på ei oppdatering og modernisering av gjeldande samferdselslov, som vart iverksett i 1977. Utkastet til lov om yrkestransport var m.a. og basert på gjeldande rett når det gjeld tilskot til ferjer.

Etter endringslov til samferdselslova 4. juli 1991 nr. 52 har det vore høve til å nytte anbod som prøveordningved tildeling av tilskot i riksvegferjedrifta. I tråd med dette la Vegdirektoratet ut på anbod fire samband i 1996 og to i 1998. På bakgrunn av evalueringa av prøveordningane med anbod, sende Samferdselsdepartementet i april 2000 til høyring eit forslag om å gje heimel i yrkestransportlova til å kunne nytte anbod i ferjedrifta på lik line med det som gjeld for buss- og båtruter.

Nærare omtale av desse prøveordningane er gitt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011. I Innst. S. nr. 119 (2000-2001) vert det forutsett av fleirtalet at dei vil komme nærare tilbake til ev. anbod i ferjedrifta ved handsaminga av eit eventuelt framlegg om endring i samferdselslova.

I lys av nemnde høyringsrunde våren 2000 oppsto spørsmålet om styrking av arbeidstakarvernetved bruk av anbod. I den samanhang vert det og vist til EU-Kommisjonen sitt framlegg til (obligatorisk) regelverk for kjøp av tenester innan kollektivtransport, COM(2000) 7, datert 26. juli 2000. Framlegget omfattar ikkje sjøtransport. Departementet legg til grunn at arbeidstakarane sine rettigheiter må vere dei same ved bruk av anbod på sjø- og ferjeruter som ved bruk på landtransporttenester.

Eit framlegg om utvida arbeidstakarrettigheiter ved anbod både når det gjeld landverts og sjøverts transport vert sendt til høyring våren 2001. Gjennomføring av høyring m.v. av desse spørsmåla medfører at proposisjonen om ny yrkestransportlov vil verte noko forseinka.

På bakgrunn av denne forseinkinga, har departementet valt å fremje eit særskilt forslag til endringar av samferdselslova. Det vert gjort framlegg om å differensiere »drive»omgrepet noko, med sikte på å lette arbeidet med å avdekke ulovleg transport utan løyve for person- og godstransport. (Endringane i samferdselslova vil, dersom dei vert vedtekne, bli innarbeidd i utkastet til ny lov om yrkestransport som seinare vil bli lagt fram for Stortinget).