Ot.prp. nr. 88 (2003-2004)

Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Stiftingslova vart vedteken som lov 15. juni 2001 nr. 59. For at lova skal kunne tre i kraft, må Stiftingstilsynet, som mellom anna er omhandla i lova § 7, vere på plass. Før dette kan skje, må finansieringsopplegget for tilsynet vere klart.

I Ot.prp. nr. 15 (2001-2002) om stiftelser (stiftelsesloven) vart det foreslått at stiftingane sjølv skulle finansiere Stiftingstilsynet heilt eller delvis gjennom gebyr for registreringar. Justiskomiteen var samd i dette, jf. Innst. O. nr. 74 (2000-2001). Regjeringa foreslår no at Stiftingstilsynet fullt ut skal finansierast gjennom betaling frå stiftingane.

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om endringar i stiftingslova. Departementet foreslår to materielle endringar. Det første framlegget gjeld innføring av ei årleg avgift for stiftingane i tillegg til gebyr for førstegongsregistrering. Dette krev endring av stiftingslova § 7 tredje ledd, då regelen der berre gjev heimel for å ta gebyr for registrering av stiftingar i Stiftingsregisteret.

Departementet gjer også framlegg om at gebyr og avgift er tvangsgrunnlag for utlegg. Dette kan skje ved tilføying av eit nytt fjerde ledd i stiftingslova § 7. Ein slik regel er i dag ganske vanleg for offentlege krav.

I kapittel 2 gjer departementet mellom anna nærmare greie for bakgrunnen for lovframlegga. I kapittel 3 vert ulike finansieringsmodellar presenterte. I kapittel 4 vert det gjort greie for høyringa.

Regjeringa hadde allereie før høyringa gått inn for at stiftingane fullt ut skulle finansiere Stiftingstilsynet. Fleire høyringsinstansar hadde likevel merknader til dette, og dei er tekne inn i kapittel 5. Kapittel 6 inneheld høyringsinstansane si vurdering av finansieringsmodellane, og i kapittel 7 er vurderinga deira av spørsmålet om tvangsgrunnlag for utlegg. Kapittel 8 inneheld ei utgreiing av dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegget, og i kapittel 9 er særmerknadene til dei to føresegnene i lovforslaget tekne inn.

Til forsida