Ot.prp. nr. 89 (2002-2003)

Om lov om endringar i folketrygdlova (refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat praksis)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Eit offentleg utval rådde i NOU 1984:17 Perinatal omsorg i Norge til at svangerskapsomsorga skulle utførast i samarbeid mellom primærlegar og jordmødrer, og at kontrollane helst burde leggjast til helsestasjonane. På den måten kunne jordmor, i samarbeid med lege og helsesyster, gje eit tilbod om ei heilskapleg omsorg for den gravide og familien hennar før, under og etter fødselen, og på same tid gå inn i eit naturleg samarbeid om andre førebyggjande tiltak, t.d. familieplanlegging og prevensjonsrettleiing.

Tilrådinga frå utvalet blei følgd opp i St.meld. nr. 36 (1989-90) Røynsler med lova om helsetenesta i kommunane, der det blei peika på at finansieringsordningane kunne verke mot å få ein større del av svangerskapsomsorga lagt til helsestasjonane slik det var ønskje om. Medan trygda betalte for kontrollane hos legane, hadde kommunane finansieringsansvaret for helsestasjonane. Difor blei det i meldinga gjort framlegg om at trygda, som eit unntak frå hovudregelen, skulle betale for svangerskapskontrollar og familieplanlegging i helsestasjonar, anten det var lege eller jordmor som utførte arbeidet i det einskilde tilfellet. Ved ei endring i folketrygdlova, jf. Ot.prp. nr. 3 (1990-91), blei § 5-11 om familieplanlegging og kontrollundersøkingar i helstasjon tatt inn i lova frå 1. januar 1991. Gjennom forskrift blei godtgjersla frå trygda til kommunane knytt opp mot takstar i stønadsforskrifta for legar. For å finansiere meirutgiftene for trygda blei 4 mill. kroner teke frå rammetilskotet til kommunane og lagde inn på refusjonsposten i statsbudsjettet for 1991. Forskrifta slår òg fast at for å få refusjon må helsestasjonen drivast i samsvar med forskrifta for helsestasjonar, og svangerskapsomsorga må skje i samarbeid mellom lege og jordmor ved helsestasjonen.

Frå 1. januar 1995 blei jordmortenesta ein obligatorisk del av kommunehelsetenesta etter framlegg i Ot.prp. nr. 60 (1993-94). Det er her slått fast at jordmortenesta skal vere knytt til helsestasjon. Finansieringsordningane blei ikkje endra samtidig med dette, men våren 1995 blei det i samarbeid med Legeforeininga gjort ei endring i stønadsforskrifta for legar med sikte på å stille kontrollundersøkingar utført av jordmor tilsett hos privatpraktiserande lege likt med undersøkingar av jordmor i helsestasjon. I følgje foreininga hadde om lag 300 legar tilsett jordmor som hjelpepersonell på det tidspunktet. Trygdeutbetalingar for kontrollar som desse jordmødrene utfører, skjer etter dei same satsane som kontrollar ved helsestasjon. Refusjonane frå trygda går til arbeidsgjevaren, det vil seie legen eller helsestasjonen/kommunen.

Under handsaminga i Stortinget av Ot.prp. nr. 60 (1993-94), jf. Innst. O. nr. 65 (1993-94), gjorde eit mindretal frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet framlegg om å innføre takstar for svangerskapskontrollar hos privatpraktiserande jordmødrer, men framlegget blei røysta ned. Våren 1997 blei eit tilsvarande framlegg frå Høgre og Kristeleg Folkeparti røysta ned, jf. Dokument nr. 8:20 (1996-97) og Innst. S. nr. 137 (1996-97).

Ved handsaminga av St.meld. nr. 43 (1999-2000) Om akuttmedisinsk beredskap, fatta Stortinget dette vedtaket:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til lovfesting av trygderefusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat så vel som i offentlig virksomhet».

I Innst. S. nr. 300 (2000-2001) blei framlegget grunngjeve slik:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Høyre, viser til at lov og forskrifter hjemler at jordmor utløser takst for svangerskapsomsorg når hun er tilsatt på helsestasjonen, og at refusjonen utbetales dit. Flertallet viser videre til at jordmødre har egne takster for følgetjeneste, vendereis/blindalarm og fødselshjelp utført av jordmor. Jordmorloven 1 gir dem enerett til jordmorvirksomhet og adgang til privat praksis. Flertallet viser til at jordmødre mange steder har etablert privat praksis, men pga. manglende refusjonsordninger må kvinnene betale for dette tilbudet. Mange kvinner ønsker å benytte seg av et privat omsorgstilbud i svangerskapet, og flertallet mener det er urimelig at de som velger private løsninger, ofte i mangel av et offentlig tilbud, skal måtte betale for dette. Flertallet er opptatt av at gravide selv må få velge den form for helhetlig svangerskapsomsorg de ønsker. I mange kommuner er det også et misforhold mellom tilgang til jordmor og det behovet kvinnene har for jordmortjeneste. Flertallet mener derfor at jordmødre i privat praksis må gis anledning til å heve refusjon fra folketrygden.»

Komiteen sine medlemmer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti gav i innstillinga uttrykk for at spørsmålet om takstar for privatpraktiserande jordmødrer må byggje på ei grundig vurdering ut frå kva for svangerskapsomsorg som blir sett på som føremålstenleg, og korleis ein kan oppnå eit mest mogeleg likeverdig svangerskapstilbod til heile folket, òg i dei kommunane som i dag slit med rekruttering av jordmødrer.

Fotnotar

1.

Jordmorlova blei opphevd frå 1. januar 2001 og erstatta av lov om helsepersonell mv. (helsepersonellova) av 14. april 2000. I medhald av helsepersonellova er jordmor ein verna tittel. Lova regulerer ikkje einerett til yrkesverksemd eller tilgjenge til privat praksis.

Til forsida