Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 89 (2002-2003)

Om lov om endringar i folketrygdlova (refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat praksis)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Kommunehelsetenestelova

Jordmorteneste er ei obligatorisk delteneste i kommunehelsetenesta, jf. § 1-3 i kommunehelsetenestelova. Jordmorteneste blei gjort obligatorisk frå 1. januar 1995. Obligatorisk jordmorteneste omfattar ikkje heimefødsel. I rundskriv I-14/95 frå Sosial- og helsedepartementet går det fram at kommunane gjennom endringa av lova blei pålagde å gje tilbod om svangerskapskontroll og omsorg ved jordmor knytt til helsestasjon.

Med heimel i kommunehelsetenestelova kan kommunen organisere tenestene sine ved å tilsetje personell i kommunale stillingar eller ved å gjere avtale med personell om privat helseverksemd. Det går fram av § 4-1 at den som vil drive praksis som allmennpraktiserande lege, fysioterapeut eller jordmor må ha avtale med kommunen der vedkomande vil ha kontor eller hovudverksemda si, dersom utgifter til helsehjelp heilt eller delvis skal kunne godtgjerast av kommunen.

3.2 Folketrygdlova - refusjon for jordmortenester

Folketrygda yter stønad for jordmortenester etter fleire regelverk. Her blir det gjeve ei oversikt over aktuelle lovreglar og forskrifter.

3.2.1 Refusjon for rettleiing i familieplanlegging og kontrollundersøkingar i godkjend helsestasjon

Med heimel i folketrygdlova § 5-11 yter trygda stønad til svangerskapsomsorg utført av lege og jordmor på helsestasjon etter honorartakstane for legar, jf. forskrift av 18. april 1997 om stønad til dekking av utgifter til rettleiing i familieplanlegging og kontrollundersøkingar under svangerskap som blir utførte i godkjend helsestasjon. Forskrifta set krav til at helsestasjonen blir driven i samsvar med forskrift om helsestasjonsverksemd. Slik det er presisert i rundskriv, er vilkåret for refusjon at svangerskapsomsorga skjer i eller i direkte tilknyting til helsestasjonen sine lokale, og at tilbodet blir gjeve i eit samarbeid mellom lege og jordmor.

Krav om refusjon blir sett fram av helsestasjonen, og refusjonen blir utbetalt til kommunen. Refusjon frå trygda blir gjeve uavhengig av om det er lege eller jordmor som utfører den einskilde kontrollen eller rådgjevinga. I § 2 i forskrifta til § 5-11 går det fram kva for takstar i normaltariffen for legar helsestasjonen kan nytte, og at utgiftene til undersøking under svangerskap blir dekte etter honorartakstane, dvs. utan eigendel.

3.2.2 Refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor tilsett hos lege

Svangerskapskontroll som blir utført av jordmor tilsett hos lege, kan utløyse refusjon til legen, jf. forskrift om godtgjersle av utgifter til legehjelp hos privatpraktiserande lege, fastsett med heimel i § 5-4 i folketrygdlova. Dette inneber at jordmor, som legen sin medhjelpar, kan utløyse takstar etter normaltariffen for desse kontrollane. Krav om godtgjersle må setjast fram av legen og refusjonen går til legen. Frå 1995 blir det ytt same refusjon, anten det er legen sjølv eller jordmora som tar den einskilde kontrollen. Dette blei gjort for å sikre like vilkår for svangerskapsomsorg utført av lege og jordmor i samarbeid, anten omsorga var lagt til helsestasjon eller legekontor.

3.2.3 Refusjon for jordmorhjelp

Trygda yter stønad til jordmorhjelp ved fødsel utanfor institusjon i medhald av folketrygdlova § 5-12. Refusjon blir gjeve ved fødslar utanfor offentleg eller privat helseinstitusjon, etter takstar fastsette av Rikstrygdeverket i samarbeid med Den norske jordmorforening. Trygda yter refusjon etter takstar for fødselshjelp, følgjeteneste og vendereis/blind alarm. Godtgjersle blir gjeve både til kommunal og privat jordmorteneste. Når jordmor gjev jordmorhjelp utanom arbeidstida si eller vaktordninga i kommunen, blir ho rekna for privatpraktiserande. Om arbeidet skjer innafor jordmora si kommunale arbeidstid, går refusjonen til kommunen.

3.3 Folketrygdlova - refusjon for andre private tenesteutøvarar i kommunehelsetenesta

Trygda yter stønad til å dekkje utgifter til undersøking og behandling utført av allmennlege og fysioterapeut. Det er gjeve nærare vilkår for stønad i folketrygdlova §§ 5-4 og 5-8.

Allmennlege- og fysioterapitenester er obligatoriske tenester i kommunehelsetenesta. Det er eit vilkår for refusjon at yrkesutøvaren er ein del av den offentlege helsetenesta gjennom fastlegeavtale eller avtale om driftstilskot. For fastlønte legar yter trygda frå 1. juni 2001 stykkprisrefusjonar til kommunen, medan det blir utbetalt fastlønnstilskot for kommunalt tilsette fysioterapeutar. Fastlønnstilskotet er eit forenkla oppgjer av trygderefusjonar, med utbetaling kvart halvår etter normerte tilskotssatsar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet