Ot.prp. nr. 9 (2005-2006)

Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

Til innhaldsliste

1

Justisdepartementet legg med dette fram forslag til ny lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Forslaget skal erstatte lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen. Forslaget svarer i all hovudsak til forslaget i Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) Om lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), som vart fremja i førre sesjon. Forslaget i Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) vart ikkje behandla i den sesjonen. Etter Stortingets forretningsorden § 33 tredje ledd må Regjeringa fremje forslaget på nytt i den påfølgjande valperioden. I proposisjonen her er det, bortsett frå nokre språklege opprettingar og med tre unntak som det blir gjort greie for nedanfor, teke inn eit likelydande lovforslag som i Ot.prp. nr. 102 (2004–2005). Departementet viser derfor til den proposisjonen.

Lovforslaget § 16 tredje ledd første punktum i Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) inneheld ein regel som seier at unntaksregelen for organinterne dokument (jf. § 14) ikkje gjeld for dokument som blir sendt frå eller til kommunale eller fylkeskommunale einingar og som gjeld område der einingane har sjølvstendig avgjerdsrett. Lovforslaget § 16 tredje ledd andre punktum inneheld to unntak frå dette. Det eine unntaket femner om tilfelle der ei eining legg fram eit utkast til vedtak eller innstilling for administrasjonssjefen eller kommunerådet før det blir fatta vedtak, eller før ei innstilling blir lagt fram for eit folkevalt organ. Meininga med dette unntaket er at det, trass i hovudregelen i § 16 tredje ledd første punktum, skal vere høve til å gjere unntak for utkast til vedtak og innstillingar etter unntaket for organinterne dokument sjølv om utkasta blir oversende til administrasjonssjefen eller kommunerådet, og at det også skal vere høve til å gjere unntak for merknader frå administrasjonssjefen eller kommunerådet til slike utkast, sjå Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) s. 61 andre spalte (punkt 7.4.2) og s. 139 andre spalte (merknadene til § 16). Ordlyden i utkastet til § 16 tredje ledd andre punktum har likevel fått ei noko uheldig utforming på dette punktet, sidan føresegna kan lesast slik at unntaket for organinterne dokument vil gjelde for alle dokumenta i ei sak der eit utkast til vedtak eller innstilling blir lagt fram for administrasjonssjefen eller kommunerådet. For å unngå slike mistydingar, foreslår departementet i proposisjonen her ei presisering av ordlyden som gjer det klart at det berre er sjølve utkasta til vedtak og innstillingar og merknader frå administrasjons­sjefen eller kommunerådet til desse som det kan gjerast unntak for etter unntaksregelen for organinterne dokument, jf. lovforslaget § 16 tredje ledd andre og tredje punktum. Ei tilsvarande presisering blir foreslått i forslaget til ny § 18 d i forvaltningsloven, sjå § 34 nr. 4.

Ved lov 17. juni 2005 nr. 77 om endringar i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter som vart sett i verk frå 1. juli 2005, vart § 12 i den sistnemnde lova oppheva. Forslaget til endring i denne paragrafen, jf. § 34 nr. 18 i Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) er derfor ikkje med i denne proposisjonen.

Lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven) vart vedteken på eit slikt tidspunkt at det ikkje var mogleg å ta omsyn til finnmarksloven i Ot. prp. nr. 102 (2004–2005). I finnmarksloven § 18 andre ledd og § 46 første ledd første punktum blir tittelen på offentleglova i tilvisningane til denne foreslått endra til nynorsk, jf. forslaget § 34 nr. 28. Samtidig blir det i begge paragrafane foreslått at ordet «begjæringer» blir endra til «krav», da dette er i samsvar med språkbruken som er lagt til grunn i forslaget til ny offentleglov.

Til forsida