Ot.prp. nr. 92 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i lovforslaget

I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram eit forslag til endringar i lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven).

Lovforslaget vil gjennomføre artikkel 13 i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/58/EF av 12. juli 2002 om behandling av personopplysninger og personvern i sektoren for elektronisk kommunikasjon (direktivet om personvern og elektronisk kommunikasjon). Føresegna regulerer retten til å sende elektronisk reklame til mottakarar som ikkje har bedt om det. Hovudinnhaldet i lovforslaget er at:

  • Personkrinsen det må innhentast samtykke frå før den elektroniske reklamen kan sendast, blir utvida i markedsføringsloven § 2 b, ved at omgrepet «forbrukere» blir erstatta med «fysiske personer».

  • Det blir innført eit nytt ledd i markedsføringsloven § 2 b som gir marknadsføraren rett til, på visse vilkår, å gjere unntak frå kravet om førehandssamtykke ved marknadsføringsmeldingar til eigne kundar.

I proposisjonen blir også spørsmåla behandla om juridiske personar skal vernast mot uønskt elektronisk marknadsføring, dessutan regulering av såkalla «tips ein venn»-funksjonar. Det blir likevel ikkje forslått lovendringar her.

Til forsida