Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

0 Innleiing

Finansdepartementet gjer framlegg til lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

I proposisjonen inngår:

  1. Forslag om innføring av eit eksportrelatert unntak frå meirverdiavgift for Posten Norge AS

  2. Forslag om endringar i reglane for retten til frådrag for underskot i NOKUS-selskap

  3. Forslag om innføring av eit særskild reindriftsfrådrag ved inntektslikninga

  4. Forslag om innføring av eit særskild frådrag for skiferdrivarar i Finnmark og Nord-Troms

  5. Forslag om å auke frådraget for fagforeiningskontingent ved inntektslikninga

  6. Forslag om å fjerne forskriftsheimelen for generelt skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine utgifter til barnehage

  7. Forslag om visse endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga i samband med forslaget om innføring av introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar

  8. Forslag til retting av lovtekst - skattelova § 6-40 fjerde ledd

  9. Omtale av forskrift om skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine behandlingsutgifter

  10. Omtale av reglane for konserninterne overføringar

  11. Omtale av reglane for eigedomsskatt på nettanlegg

  12. Omtale av departementet si evaluering av reglane om offentlege skattelister

Til forsida