Ot.prp. nr. 95 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

2 Endringar i sjølova

2.1 Bakgrunn

Sjølova § 1 regulerer høvet til å registrere skip i norsk ordinært register. Lova slår fast nærmare vilkår for rett til registrering. Eit skip som er registrert i norsk skipsregister er å rekne som norsk og ligg under norsk jurisdiksjon. Rett til registrering gjeld så langt skipet ikkje er registrert i registret til eit anna land.

Etter regelverket som gjeld i dag, krevst det ei overvekt av norsk eigarskap for å få rett til registrering i norsk ordinært register. I norsk internasjonalt skipsregister, NIS, er det etter nærmare fastsette vilkår i lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister (NIS-lova) § 1 høve til å registrere skip utan norsk eigar.

Då EØS-avtalen blei inngått, blei det vurdert å endre vilkåra for registrering, slik at personar og selskap i alle EØS-landa ville få dei same rettane. Ettersom det blei klarlagt at fleire EU-land ikkje hadde gjennomført tilsvarande reglar, blei endringa av norske reglar utsett til vidare.

EF-domstolen har vurdert vilkår for å registrere skip i nasjonalt register i sak C-221/89, Factortame I, sak C-246/89 Factortame II og i sak C-46/93 Factortame III. Etter avgjerdene i domstolen er utgangspunktet at det er medlemsstatane sjølve som skal fastsetje vilkåra for registrering av skip i det nasjonale registret til kvar enkelt medlemsstat og for segling under medlemsstaten sitt flagg. Samstundes er det føresett at dei vilkåra som blir stilte, blir utøvde i samsvar med føresegnene i fellesskapsretten om rett til fri etablering, jfr. EØS-avtalen art. 31 og 34 som materielt svarer til EF-traktaten art. 52 og 58. I dette ligg det mellom anna at borgarar i eit medlemsland skal kunne etablere seg og utøve forretningsverksemd innanfor territoriet til ein annan medlemsstat.

Skip ned til 10 meter kan etter føresegnene i sjølova registrerast i norsk ordinært register, jfr. § 11, tredje leddet. EF-domstolen har i sak C-334/94 mellom Kommisjonen og Frankrike uttalt seg om høvet til å registrere fritidsfartøy. EF-domstolen tok utgangspunkt i reglane om fri rørsle for arbeidskraft, jfr. art. 48 i Romatraktaten. Domstolen kom fram til at borgarar frå eit medlemsland som hadde opphald og arbeid på ein annan medlemsstat sitt område også skal ha høve til å registrere fritidsfartøyet sitt i registret til vedkommande medlemsland.

Danmark, Sverige og Finland har no endra lovgivinga si og opna for at borgarar, selskap og verksemder innanfor Den europeiske fellesskapen kan registrere skipa sine i det nasjonale skipsregistret i vedkommande land.

2.2 Merknader frå høyringsinstansane

Ved lov av 2. november 1998 blei endringsframlegga i sjølova og i enkelte andre lover lagde fram for 38 høyringsinstansar. Forslaget la til rette for endringar av §§ 1, 4, 13 og 103 i sjølova, slik at borgarar, selskap og verksemder innanfor Den europeiske felleskapen skulle kunne registerere skipa sine i norsk ordinært register på lik line med norske borgarar. Samstundes vart det opna for EØS-borgarar som bestyrande reiar. Det blei og gjort framlegg om visse endringar i fiskerilovgjevinga med sikte på å oppretthalde allerede gjeldande unntak frå det almene forbod mot diskriminering med bakgrunn i nasjonalitet. Følgjande 19 instansar har sendt svar: Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Utanriksdepartementet, Oljedirektoratet, Sjøfartsdirektoratet, Skipsregistra i Bergen, Norges Rederiforbund, Norges Fiskarlag, Norsk Sjøoffisersforbund, Det norske maskinistforbund, Norsk Sjømannsforbund, Sjøassurandørenes Centralforening, Norges Forskingsråd, Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon. Få av høyringsinstansane hadde merknader til framlegga.

2.2.1 Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund, Det norske maskinistforbund og LO

Organisasjonane peiker på at høyringsframlegget inneber at det ikkje lenger blir kravd i NIS-lova at det skal vere ein norsk representant på staden som har fullmakt til å ta imot søksmål på vegne av eigaren. Organisasjonane gjer framlegg om at § 1 i sjølova får eit nytt siste ledd, slik at ein eigar busett utanfor Noreg må ha ein oppnemnd representant som er busett i Noreg, med statsborgarskap frå eit EØS-land, og med fullmakt til å ta i mot søksmål på vegne av eigaren. Organisasjonane meiner at representanten må ha setet sitt i Noreg, sidan forkynning av søksmål i andre land vil seinke sakene unødig.

2.2.2 Norges Rederiforbund

Forbundet finn det positivt med ei tilpassing til EØS-avtalen, men ser det som betre om dei nye føresegnene blir sette inn i ein eigen paragraf, framfor i eit nytt tredje ledd til § 1 i sjølova. Vidare går forbundet ut frå at framlegget frå departementet berre vil få verknad i høve til første ledd nr. 1 i NIS-lova § 1, og ikkje i høve til første ledd nr. 2 eller andre ledd i NIS-lova § 1.

2.2.3 Justisdepartementet

Justisdepartementet meiner at høyringsframlegget var noko komplisert utforma, og hadde gjerne sett at alternative måtar hadde vore vurdert for å ta inn endringa i norsk rett. Så langt det gjeld fritidsfartøy, peiker departementet på at endringsframlegget berre vil vere aktuelt for fartøy mellom 10 og 15 meter der eigar har kravt innføring i skipsregistret, jfr. sjølova § 11, tredje leddet jamført med lov 26. juni 1998 om fritids- og småbåtar, § 2, andre leddet. Justisdepartementet sluttar seg elles til ei fråsegn frå Sysselmannen på Svalbard der det blir rådd til at endringsframlegga i sjølova ikkje blir gitt verknad for øygruppa.

2.2.4 Skipsregistra

Skipsregistra peiker på at høyringsframlegget inneber ulik behandling mellom på den eine sida personar og selskap i dei andre EØS-landa og på den andre sida norske statsborgarar og selskap. For den førstnemnde gruppa blir det sett som vilkår for registrering av eit fartøy som ikkje blir nytta til fritidsføremål at dette går inn som eit ledd i ei økonomisk verksemd som er etablert i Noreg og at det blir drive frå Noreg. For den sistnemnde gruppa gjeld ikkje desse krava, noko som inneber at skip som desse eig fritt kan drivast av utanlandske reiarlag. Skipsregistra går ut frå at denne ulike behandlinga ikkje kan seiast å diskriminere nokon med EØS-heimel, ettersom vilkåra for desse er nødvendige for at det skal vere sterk nok tilknyting til det nasjonale registret.

Skipsregistra går ut frå at kravet om at skipet skal gå inn som eit ledd i ei økonomisk verksemd som er etablert i Noreg, må gjelde eigaren si eiga verksemd, og at eigaren derfor må registrere verksemda si i føretaksregistret, jfr. lov 21. juni 1985 om registrering av foretak, § 2-1, siste leddet. Skipsregistra peiker på at ei slik løysing vil innebere ei stor forenkling for registra i samband med registrering, ettersom ein føreset at ei utskrift frå føretaksregistret blir lagd til grunn som fullnøyande selskapsdokumentasjon. Dette vil også ta vare på det skiljet ein har i dag mellom nasjonalt registrerte eigarar og såkalla direkte registrerte eigarar.

Skipsregistra peiker på at høyringsframlegget inneber at kravet om ein norsk representant på staden som skal kunne ta imot søksmål på vegne av eigaren, fell bort for EØS-eigarar som får registrering i h.t. NIS-lova § 1, første leddet, nr. 3. Skipsregistra meiner at bortfallet av kravet bør drøftast nærmare.

Skipsregistra går ut frå at den delen av høyringsframlegget som gjer unntak frå kravet til økonomisk verksemd og drift frå Noreg for skip til fritidsbruk, ikkje er meint å omfatte fritidsfartøy som er eigde av eit selskap eller ei verksemd. Skipsregistra viser til at det i høyringsbrevet blir føresett at ein utanlandsk eigar av fritidsfartøy skal vere busett i Noreg, utan at dette kjem til uttrykk i lovframlegget. Skipsregistra gjer såleis framlegg om å endre ordlyden i nytt siste punktum i § 1, nytt tredje ledd.

Skipsregistra slår vidare fast at høyringsframlegget ikkje inneheld nokon nærmare definisjon av driftskravet i § 1, nytt tredje ledd, nest siste punktum i sjølova, utover at selskapet skal «drivast frå Noreg». Registra går ut frå at dette driftskravet må avgrensast på same vis som driftskravet i NIS-lova § 1, jfr. Ot.prp. nr. 45 (1986-87) Om lov om norsk internasjonalt skipsregister, s. 18-19.

2.3 Departementet sine kommentarar

2.3.1 Generelle kommentarar

Havrettstraktaten art. 91 og 94 stiller krav om at det skal liggje føre ei viss tilknyting mellom det nasjonale registret og eigaren av skipet. I føresegnene i sjølova er tilknytinga til Noreg teken vare på ved at fartøyet sin nasjonalitet er knytt til nasjonaliteten til eigaren. Kravet om tilknyting til registreringslandet blir oppretthalde ved at det blir foreslått som vilkår for rett til registrering at skipet går inn som ein del av ei fast etablert verksemd i Noreg og at skipet skal drivast frå Noreg. For registrering av fritidsfartøy blir det kravd at eigaren er busett i Noreg.

Departementet har gjort nokre endringar i lovframlegget ut frå dei kommentarane som høyringsinstansane gav.

I framlegget til nytt tredje ledd i § 1 er det fastsett som vilkår for rett til registrering at skipet går inn som eit ledd i ei økonomisk verksemd. Dette gjeld dersom skipet blir nytta til kommersielle føremål. I kravet til «økonomisk verksemd» ligg alle former for verksemd som blir drive med økonomisk vinst som føremål. Om verksemda gir økonomisk vinst eller ikkje, har ikkje noko å seie. Det avgjerande er føremålet verksemda har.

Det har heller ikkje noko å seie om det er ein fysisk person som eig skipet eller om det er ein juridisk person i form av eit selskap eller ei verksemd. Kravet til etablering inneber at verksemda skal gå inn i norsk økonomi. Både primær- og sekundæretablering fell inn under føresegnene, jfr. art. 31 i EØS-avtalen, jfr. art. 52 og 58 i Romatraktaten. Retten til registrering av skip gjeld såleis både ved nyetablering og ved flytting av delar av ei verksemd til Noreg.

Vidare er det eit vilkår for registrering etter lovendringsframlegget at skipet blir drive frå Noreg. Dette hindrar likevel ikkje at instruksjonar kjem frå eit morselskap i ein annan medlemsstat dersom det er tale om sekundæretablering.

Gjeld registreringa eit fritidsfartøy som det er høve til å registrere i skipsregistret etter § 11, tredje leddet, jfr. § 1, er det nok at personen som eig fartøyet har fast bustad i Noreg.

Utanlandske statsborgarar som ikkje er frå EØS-området får ingen utvida rettar i nytt tredje ledd i § 1. For desse blir det foreslått at dei tidlegare reglane framleis skal gjelde. Tidlegare tredje ledd blir då avgrensa til andre enn personar og selskap frå EØS-området og blir sett som nytt fjerde ledd i § 1.

I § 4, første leddet, siste punktum, blir det som ei følgje av endringane i § 1 gjort framlegg om ei endring i tilvisinga til ledda i § 1.

For å kunne dokumentere kravet i nytt tredje ledd i § 1 i lovframlegget om at skipet skal drivast frå Noreg, er det foreslått eit nytt tredje punktum i § 13, første leddet.

Tilsvarande framlegget om nytt tredje ledd i § 1 blir det foreslått endringar i § 103 om styrande reiar. Framlegget vil føre til at borgarar innanfor EØS-området blir likestilte med norske statsborgarar.

2.3.2 Kommentarar til merknadene frå høyringsinstansane

Departementet sluttar seg til synspunkta frå sjømannsorganisasjonane, LO og Skipsregistra om at representanten for eigaren må vere busett i Noreg når eigaren sjølv ikkje har fast bustad i riket. Dette blir ordna ved at det blir gjort framlegg om eit nytt femte ledd i § 1.

Departementet finn det mest oversiktleg og dermed føremålstenleg å ha nasjonalitetsvilkåra samla i éin paragraf. Ein gjer derfor ikkje framlegg om å dele opp desse i to paragrafar.

Norges Rederiforbund har peikt på at endringa i sjølova § 1 har rekkevidd for NIS-lova § 1. Framlegget om endring av sjølova skal ikkje fjerne nokon rett frå dei tre alternativa for registrering i NIS-lova § 1, første leddet. Endringa kan likevel opne for at nokre eigarar vel å registrere skip ut frå NIS-lova § 1 første leddet nr. 1 i staden for alternativa nr. 2 og nr. 3.

Framlegget om endring av sjølova har heller ingen konsekvens for føresegna om driftsselskap i NIS-lova § 1, andre leddet.

Departementet sluttar seg til merknaden frå Justisdepartementet om verknaden av høyringsframlegget for fritidsbåtar og øygruppa Svalbard.

Departementet er einig i vurderinga til Skipsregistra om at den ulike behandlinga ved krav om verksemd i Noreg ikkje er diskriminerande mellom på den eine sida personar og selskap i Noreg og på den andre sida personar og selskap i dei andre EØS-landa. Departementet er einig i at skipet må gå inn som eit ledd i den utanlandske eigaren si eiga økonomiske verksemd i Noreg. Dette blir teke vare på gjennom det nest siste punktumet i det nye tredje leddet i § 1 i endringsframlegget.

Departementet er og einig med Skipsregistra i at ein EØS-borgar som til fritidsbruk nyttar eit skip som ikkje er ein del av ei økonomisk verksemd, kan eige dette når vedkommande er busett i Noreg.

I Ot.prp. nr. 45 (1986-87) Om lov om norsk internasjonalt skipsregister, s. 18-19, blir det sagt at det ikkje vil vere i strid med skipsdriftkravet i § 1 i NIS-lovutkastet om eit reiarlag vel å la delar av skipsdrifta bli utført i utlandet. Men det krevst at drifta «for en vesentlig del» skal utøvast frå Noreg. Departementet er einig med Skipsregistra i at kravet til drift frå Noreg i framlegget til sjølova § 1, nytt tredje ledd, andre punktum, må forståast på same måte som NIS-lova § 1. Ein ville elles få to ulike krav til drift for skip som er registrerte i NIS, ettersom NIS-lova § 1, første leddet, nr. 1, viser til § 1 i sjølova. Det er ikkje rimeleg å stille sterkare driftskrav for skip som er eigde av statsborgarar frå land knytte til Den europeiske økonomiske samarbeidsavtalen, og registrerte etter NIS-lova § 1, første leddet, nr. 1, enn for skip som er eigde av statsborgarar frå land som ikkje er knytte til EØS-avtalen, og registrerte etter NIS-lova § 1, første leddet, nr. 3.