Historisk arkiv

Oversikt over statlege organ, styre og råd mv. (Organbasen)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

1. januar - 31. desember 2008

Oversikt over statlege organ, styre og råd som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2008. Oversikta inneheld berre statlege organ, styre og råd, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram ei oversikt over statlege organ, styre og råd som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2008. Oversikta inneheld berre statlege organ, styre og råd, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa.

Som innleiing til oversikta har ein først ei samanlikning med 2007 for variabelen geografisk spreiing. Vidare ser vi nærare på endringar i talet på statlege organ, styre og råd i dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekkje tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2008. Til slutt fylgjer som vedlegg ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei. Samansetjinga av organa er oppdatert pr. 31. desember 2008, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tatt med.

Databasen oversikta byggjer på er oppdatert av departementa og Statsministerens kontor. I 2008 hadde ikkje Statsministerens kontor utval i verksemd. Handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilrettelegging er utført av Servicesenteret for departementa.