Oversikt over statlege organ, styre og råd

1. januar - 31. desember 2012

Fornyings– og administrasjons– og kyrkjedepartementet legg med dette fram oversikt over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2012.

Fornyings– og administrasjons– og kyrkjedepartementet legg med dette fram oversikt over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2012.

Oversikta inneheld berre statlege styre, råd og utval, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa.

Fyrst i oversikta kjem ei samanlikning med 2011 for variabelen geografisk spreiing. Så fyljer endringar i talet styre, råd og utval i dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekkje tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2012. Til slutt fylgjer som vedlegg ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei.

Samansetjinga av organa er oppdatert pr. 31. desember 2012, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tatt med.

Databasen oversikta byggjer på, er oppdatert av departementa og Statsministerens kontor. Det skjer heile tida endring i samansetting av desse organa. Mindre endringar frå eit år til eit anna år kan difor førast attende til når dei er registrerte eller ufullstendig informasjon ved registreringa. Handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilrettelegging er utført av Servicesenteret for departementa.

Statlege organ, styre og råd 2012

Eldre utgåver av oversikta