Historisk arkiv

Oversikt over statlege styre, råd og utval

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1. januar - 31. desember 2014

Kommunal– og moderniseringsdepartementet legg med dette fram oversikta over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2014.

Oversikta inneheld berre statlege styre, råd og utval, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa.

Fyrst i oversikta kjem ei samanlikning med 2013 for variabelen geografisk spreiing. Så fyljer endringar i talet styre, råd og utval i dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekkje tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2014. Til slutt fylgjer som vedlegg ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei.

Samansetjinga av organa er oppdatert pr. 31. desember 2014, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tatt med.

Databasen oversikta byggjer på, er oppdatert av departementa og Statsministerens kontor. Det skjer heile tida endring i samansetting av desse organa. Mindre endringar frå eit år til eit anna år kan difor førast attende til når dei er registrerte eller ufullstendig informasjon ved registreringa.

Handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilrettelegging er utført av Service– og tryggingsorganisasjonen til departementa.