Prop. 1 S (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km². Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 1. januar 2004. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte føresegner for Svalbard.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det per. 1. september 2010 totalt 2 041 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 491 busette. Busetnaden der er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 43 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 9 heilårs busette. Som ein ser av tabellen har det vore ein kontinuerleg vekst i befolkninga i Longyearbyen fram til 2010 då vi ser ein nedgang. For nærare omtale av denne utviklinga, sjå pkt. 2.1.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2002-2010 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Longyearbyen

1678

1773

1831

1932

1905

2018

2068

2112

2041

Ny-Ålesund

34

35

33

36

37

37

41

37

43

Barentsburg

939

913

812

717

448

525

440

417

491

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2010-2011) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2011 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, slutta Stortinget seg til forslaget om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett. Justisdepartementet vil også i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål. Frå og med 2010 vart blant anna kap. 4 Tilskot til Svalbard Museum oppretta.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Gjennom St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, vart det gjort ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken for mange år framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg myndigheitsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Det er nedfelt i «Politisk plattform for fleirtalsregjeringa» at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i utanrikspolitikken i åra som kjem, og Regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein eigen strategi for nordområda. Nordområdestrategien er langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde.

Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

Regjeringa la våren 2009 fram St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Det har skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram i 2000. Blant anna er det etablert lokaldemokrati og det har vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen, og i meldinga slår ein fast at det framleis er koldrifta som er den viktigaste berebjelken i familiesamfunnet her. Utviklinga den siste tida kan rett nok tyde på ei utflating av veksten i Longyearbyen, så Regjeringa ser det som viktig å følgje utviklinga nøye framover.

Å vere til stades på Svalbard bidreg til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa ønskjer ei robust busetjing i Longyearbyen og vil derfor arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Det er venta at temperaturane i Arktis vil stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Endringane vil gi nye utfordringar for arter og økosystem og samstundes kunne bidra til press på område gjennom auka tilgjenge. Eit anna hovudtema for meldinga er korleis ein skal handtere den auka ferdselen frå blant anna turisme og forsking.

Klimaendringane i Arktis og den betydinga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard framover blir eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Kunnskap vert omtalt som navet i Regjeringas nordområdestrategi, og Svalbard si rolle som plattform for norsk og internasjonal forsking, kunnskap og utdanning var eit av hovudtema i svalbardmeldinga.

Klimaendringane gir òg høve til moglegheiter og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flyttar nordover. Mindre is vil også på sikt kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. I svalbardmeldinga er det framheva at Longyearbyen vil kunne få auka betyding blant anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vart forsterka gjennom Stortingets behandling av meldinga.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske myndigheiter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Generelt om verkemidla i svalbardpolitikken

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene eit sett av verkemiddel. Blant dei viktigaste verkemidla er Det interdepartementale polarutvalet, lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet inkludert svalbardbudsjettet, Sysselmannen på Svalbard og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

2.1.1 Samordne og koordinere regjeringas politikk for polarområda

Det interdepartementale polarutvalet

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna koordineringsansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Dette reiser særskilte utfordringar som gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Utvalet arbeider etter ein eigen instruks.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng, Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet gjer at saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker, kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Som ei oppfølging av merknadene frå utanrikskomiteen under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, om ei eventuell konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Polarutvalet, har utvalet etablert eit fast årleg kontaktmøte med lokalstyret. Saman med Justisdepartementets nære dialog med lokalstyret, vil dette bidra til å sikre ei tett kontaktflate mellom lokalstyret og sentraladministrasjonen.

Det interdepartementale polarutvalet er òg eit viktig verkemiddel for Justisdepartementet i arbeidet med å følgje opp stortingsmeldinga. Polarutvalet si rolle vil vere å halde seg orientert om dei ulike prosessane i fagdepartementa, og slik bidra til at dei særlege forholda som gjer seg gjeldande for Svalbard vert teke vare på og at initiativ vert tekne på dei områda som er framheva i meldinga.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Justisdepartementet deltek årleg på møter i Antarktistraktatsamarbeidet. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Noreg hadde i perioden 2006-2008 formannskapet i Arktisk Råd. Danmark overtok denne rolla frå hausten 2009. Oppfølging av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda, var to av hovudprioriteringane under det norske formannskapet. Framforhandling av ei ny multilateral avtale for søk og redning i Arktis, der Noreg spelar ei aktiv rolle, er ei av dei viktigaste sakene under det danske formannskapet.

Lovgiving

Regjeringa legg stor vekt på ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard, i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken. Lovgiving er eit viktig verkemiddel i så måte. Riksrevisjonen peika i sin forvaltningsrevisjon av Svalbard (Dokument nr. 3:8 (2006-2007)), på at Svalbard på nokre område synest å vere underregulert. Også utanrikskomiteen merka seg i si behandling av stortingsmeldinga om Svalbard at lovgiving er naudsynt for ei fornuftig samfunnsutvikling.

Regjeringa legg vekt på dette, og fleire sentrale lover har blitt gjort gjeldande for Svalbard dei siste åra, blant anna hamne- og farvasslova, konkurranselova og statistikklova.

Longyearbyen liknar på mange område, og i aukande grad, eit fastlandssamfunn, og ein må stadig oftare vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er likevel spesielle, og i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2, slår ein fast at norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lovreglar gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er særskilt fastsett. I svalbardmeldinga vart det drøfta om prinsippet i svalbardlova § 2 burde snuast, men ein kom fram til at systemet skal oppretthaldast. Utanrikskomiteen slutta seg ved behandlinga av meldinga til at prinsippet i svalbardlova § 2 ikkje skulle snuast, og at dette var ei hensiktsmessig løysing, fordi rammene for lokalsamfunnet er noko annleis enn for fastlandet. Dette vil likevel ikkje seie at nye lover og reglar ikkje skal innførast for Svalbard. Tvert om slår ein fast i meldinga at ny lovgiving for fastlandet skal innførast også for Svalbard, med mindre særlege tilhøve taler imot dette.

På nokre rettsområde er det naudsynt med ein eigen gjennomgang av regelverket for å vurdere om dette skal gjelde for Svalbard. Her må ein vurdere ei rekkje tilhøve, blant anna om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden eller om det er nødvendig med overgangsordningar. I svalbardmeldinga er det peikt på nokre slike område, til dømes nærings- og selskapslovgivinga. Finansdepartementet arbeider no med å vurdere behovet for forskrifter om bruk av rekneskapslova og bokføringslova på Svalbard. Dei andre delane av lovgivinga på dette området, blant anna aksjelova, revisorlova og stiftelseslova, vil bli vurdert i etterkant av dette arbeidet. Også innafor andre felt, som helselovgivinga, vil Helse- og omsorgsdepartementet vurdere om, og i tilfelle i kva mon, lovene skal gjerast gjeldande for Svalbard. Vidare er Justisdepartementet i gang med å sjå nærmare på enkelte rettsspørsmål som gjeld utlendingar som oppheld seg på Svalbard, og ein vil vurdere om det er naudsynt med særlege reglar her.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber òg skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må derfor tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Stortinget vedtok i 2008 endringar i skattesystemet for Svalbard. For særskilt høge inntekter (over 12 G) vert det trekt 22 pst. skatt. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (nærings- og selskapsskatt) er no 16 pst. For nærare omtale av dette, sjå. St.prp. nr. 1 (2007-2008) Svalbardbudsjettet, Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Hausten 2008 vart det sendt på høyring forslag til enkelte andre endringar i skattesystemet for Svalbard. Forslaget til endringar vart utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av Finansdepartementet med deltaking frå Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet. Høyringsfristen var 31. juni 2009. Dette arbeidet blir følgt opp gjennom forslag til lovendringar i St.prp. 1 LS (2010-2011).

2.1.2 Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa og ein av dei viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Konsekvent og effektiv handheving frå Sysselmannens side, er eit viktig element i norsk forvaltning av øygruppa. Inspeksjon og oppsyn er sentrale verkemiddel for å kunne handheve regelverk der Sysselmannen er tillagt mynde, og slik utføre ei effektiv myndigheitsutøving. Det er derfor viktig at Sysselmannen utgjer ein handlekraftig organisasjon som evnar å vere til stades over heile øygruppa når det er behov for det.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid på øygruppa, ansvar for politi- og påtalemynde, og miljøforvaltning.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I eigenskap av politimeister er Sysselmannen leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av si mynde som fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen på øygruppa. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eitt av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøver denne gjennom blant anna svalbardmiljølova med forskrifter.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auka turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. For nærmare omtale av utfordringar på for eksempel miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Befolkningsauken i Longyearbyen og ei utvikling der stadig fleire lover blir gjort gjeldande på øygruppa, har ført til ein auke i Sysselmannens oppgåver både i omfang og kompleksitet. Ikkje minst gjeld dette òg fordi interessa for Svalbard er sterkt aukande både frå nasjonalt og internasjonalt hald, i form av politiske aktørar, næringsaktørar, forskingsmiljø og media. Blant anna som følgje av det som her er nemnt, legg Regjeringa i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard vekt på at Sysselmannen må vidareutviklast i rolla som regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Stortinget slutta seg til dette gjennom si behandling (jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009)) og understreka spesielt at rednings- og politiressursane til ei kvar tid er tilstrekkeleg dimensjonerte til å ivareta Sysselmannens ansvar innafor desse områda.

For å avhjelpe delar av dei utfordringane dette har skapt for Sysselmannens drift, vart Sysselmannens driftsbudsjett styrkt med 3,4 mill. kroner og transportbudsjettet med 0,5 mill. kroner i 2010. Vidare blei det løyvd 3,4 mill. kroner slik at arbeidet med naudsynte reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden kunne fortsetje. Regjeringa ønskjer å fortsetje desse satsingane i 2011. Dette vil bidra til å gjere tydeleg den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas øvste representant på øygruppa.

Når det gjeld redningsberedskapen arbeider Sysselmannen kontinuerleg med å ha ei best mogeleg samhandling med friviljuge i redningstenesta og for å effektivisere utrykkingsfasen mest mogeleg. I takt med at polisen smeltar, er det venta auke i aktiviteten rundt Svalbard og i Polhavet generelt. Dette betyr at Svalbard og Longyearbyen kan få auka betyding som base for redning og beredskap i framtida.

Sysselmannens helikopterteneste skal tene fleire behov. I tillegg til redningsteneste blir helikoptra brukt til ei rekkje oppgåver i forbindelse med politiarbeid, forvaltingsoppgåver, oppsyn og representasjon. Helikoptra blir også leid ut til eksterne aktørar, for eksempel til ulike forskingsinstitusjonar. Gjeldande kontrakt går ut 31. mars 2014 og arbeidet med å førebu ei ny kontrakt er allereie i gang.

Sysselmannens tenestefartøy Nordsyssel er òg svært viktig i den generelle beredskapen. Kontrakten med dette fartøyet gjeld ut sesongen 2012. Sysselmannen og Justisdepartementet er derfor òg i gang med vurderingar rundt ein ny kontrakt for tenestefartøy.

2.1.3 Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

Å oppretthalde norske samfunn på øygruppa er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Etter at Longyearbyen lokalstyre (LL) blei oppretta i 2000, har det blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at det innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justisdepartementet. På desse møta blir bl.a. viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar Justisdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til lokalstyret. Justisdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Som ei oppfølging etter St.meld. nr 22 (2008-2009) Svalbard er det òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom lokalstyret og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har blant anna skapt behov for fleire bustader, barnehage- og skuleplassar. For å bidra til at lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart lokalstyrets budsjett styrkt med i alt 2,7 mill. kroner i 2010. Regjeringa meiner at arbeidet med barn i Longyearbyen er svært viktig, og ønskjer å vidareføre styrkinga i 2011. Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at lokalstyret skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Men auken innan reiselivet har stoppa opp. Dessutan ser ein at kolproduksjonen er redusert og at kolselskapet Store Norske Spitsbergen Kolkompani har færre tilsette. Regjeringa varsla i stortingsmeldinga at reduksjonane og nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta, Store Norske, kan innebere negativ vekst i periodar. Dei siste befolkningstala viser no ein nedgang i befolkningsutviklinga, jf. tab. 1.1.

Regjeringa har som mål å halde ved lag Longyearbyen som eit robust familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne føresetnaden er òg gjenteken i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og Stortingets behandling av denne. Den utviklinga ein har sett i Longyearbyen spesielt det siste tiåret, fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare. Det er òg utfordringar i Longyearbyen med omsyn til blant anna infrastruktur. Klima- og forureiningsdirektoratet har pålagt Longyearbyen lokalstyre som eig kraftverket, eit reinsekrav frå juli 2012. Longyearbyen lokalstyre utgreier ulike alternative løysingar for å møte reinsekravet. På oppdrag frå lokalstyret er det òg utarbeidd rapportar om val av framtidig energikjelde.

Komiteen har under si behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard bede Regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet, for å gjere ein slik gjennomgang.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber blant anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen. Eit forslag om å påleggje Longyearbyen lokalstyre beredskapsplikt på linje med det som allereie gjeld for kommunane på fastlandet, vil bli lagt fram og truleg sett i verk i 2011.

Sidan januar 2006 har Longyearbyen lokalstyre organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir ivaretekne i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom eigne kommunale føretak. I alt er tre slike kommunale føretak etablerte: Oppvekstføretak KF med ansvar for oppvekst, Kultur- og fritidsføretak KF med ansvar for kultur og fritid og Bydrift KF med ansvar for drift av teknisk infrastruktur.

På oppdrag frå Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) evaluert lokaldemokratiet på Svalbard gjennom to rapportar. Rapporten «Demokrati i motvind» vart framlagt i mars 2006, og synte at halvparten av innbyggjarane i Longyearbyen var motstandarar av lokalstyreordninga. Den andre rapporten «Lokalt demokrati Longyearbyen» frå 2007 syner ei meir positiv haldning til lokalstyreordninga. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider saman om å vidareutvikle lokaldemokratiet i Longyearbyen. Det er blant anna etablert ei ordning med jamlege kontaktmøte mellom politisk leiing i Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2011

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Blant anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og behandlinga av denne fekk Sysselmannen på Svalbard styrkt budsjettet i 2010 for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. Sysselmannens driftsbudsjett vart styrkt med 3,4 mill. kroner, det vart vidare sett av i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av Sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. Auken gjer at Sysselmannen framleis kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte. Denne styrkinga blir ført vidare i 2011 og vil bidra til å sikre ein god beredskap på øygruppa. Arbeidet med nødvendige reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden vil halde fram i 2011. I sum medverkar dette til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas fremste representant på øygruppa.

Løyvingar til tiltak på Svalbard har i perioden 2006-2010 blitt auka med 52 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • I 2007 vart tilskotet til Svalbard auka med 20 mill. kroner til etablering av ei reservekraftløysing i Longyearbyen.

  • Frå 2008 er det innført eit nytt skattesystem tilsvarande ein inntektsreduksjon og eit auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

  • Rutinane for prisjustering av Svalbardbudsjettet er lagt om. Dette har styrkt tilskotet på 5,5 mill. kroner i perioden.

  • I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) og Innst. S. nr. 355 (2008-2009), vart det løyvd 1 mill. kroner for å utbetre sysselmannens bustad.

  • Svalbardbudsjettet vart òg i Revidert nasjonalbudsjett 2009 styrkt med 1,4 mill. kroner for å vidareføre feltinspektørtenesta i 2009.

  • Forutan styrkinga på 7,3 mill. kroner til Sysselmannen i 2010, vart budsjettet til Longyearbyen lokalstyre styrkt med 2,7 mill. kroner for å møte utfordringane innan skule- og barnehagesektoren.

  • I tillegg kjem satsingar og tiltak for Svalbard på andre departement sine budsjettområde.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2011 er 266,9 mill. kroner. Dette er 18,1 mill. kroner eller 7,3 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2010.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2011 er stipulert til 91,1 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vorte auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009, var inntektene dette året unormalt høge. Dette gav eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet i 2009 ikkje mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassen.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2011 er rekna til 171 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 64 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2011 er det foreslått løyvd netto om lag 390 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2010 var om lag 367 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernmyndigheit på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannen sine miljøvernoppgåver ligg hos Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 130 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 84 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettets kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Oppfølginga av miljøvernoppgåvene representerer ei stadig større utfordring. Omfanget av søknader til Sysselmannen etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka med 50 pst., først og fremst som ein følgje av auka forskingsaktivitet og turisme. Den aukande aktiviteten og ferdsla på Svalbard aukar òg behovet for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Dette omfattar miljøverntiltak som sikrar verneområda blant anna gjennom endringar i verneforskriftene og utarbeiding av forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining og verne kulturminne i og utanfor busetjingane.

Miljøvernarbeidet vil i 2011 halde fram med å ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne som følgje av aukande ferdsel, for å sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområdas kvalitet som referanseområde for forsking. Arbeidet med forvaltningsplanar for dei store verneområda vil ha høg prioritet. Arbeidet med slike planar for dei store naturreservata på Aust-Svalbard er sett i gang, og det skal opprettast ei referansegruppe med representantar frå forskingsmiljøa, reiselivet, lokalstyret og andre aktuelle interesser som skal følgje arbeidet. Ein forvaltningsplan skal ivareta verneformålet og samtidig leggje til rette for bruk som er i samsvar med dette formålet. For å oppnå dette er det hensiktsmessig å dele verneområda inn i soner med eigne strategiar og retningslinjer for korleis verneformålet skal nåast. Det kan òg vere behov for å gi delar av reservata på Aust-Svalbard eit strengare restriksjonsnivå enn det som følgjer av dagens verneføresegner. Miljøverndepartementet har derfor gitt Sysselmannen i oppdrag å utarbeide eit forslag til nødvendige forskriftsendringar som skal følgje forslaget til forvaltningsplan. Samtidig har Miljøverndepartementet bestemt at forslaget som ligg føre til forskriftsendringar som set grenser for kvar det skal vere lov å setje i land cruiseturistar innafor naturreservata på Aust-Svalbard, no ikkje vil bli fremja.

Miljøvernarbeidet vil òg ha fokus på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard, førebygging av introduksjon og spreiing av framande arter, og av lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogelege verdsarvområde vil halde fram. Det er òg starta opp eit arbeid med sikte på å gi fleire internasjonalt viktige våtmarksområde på Svalbard status som såkalla Ramsar-område under den internasjonale våtmarkskonvensjonen.

Overvakinga av dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet er styrkt. Klimaendringane gjer seg sterkare gjeldande på Svalbard og vi ser no truleg starten på nye omfattande miljøutfordringar, både som følgje av at arter får problem med å tilpasse seg klimaendringane, og som følgje av at nye hav- og kystområde vert isfrie og meir tilgjengelege for ferdsel og anna aktivitet. Samtidig er Svalbards rolle og betyding som internasjonal forskingsplattform styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret, IPY og initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil derfor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set oss i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Det nye senteret for klima og miljø opna i Tromsø i september 2010. Målet er at dette skal bli eit internasjonalt leiande senter for forsking på klima og miljø i nordområda. Det blir lagt opp til fleirfagleg og tverrfagleg forsking og tett samarbeid mellom naturvitskap, teknologi og samfunnsvitskap. Senteret si betyding for Svalbard vil i første rekkje vere gjennom forskingsprosjekt knytte til problemstillingar på Svalbard og som vil kunne bringe fram ny kunnskap for forvaltinga av øygruppa.

Svalbards miljøvernfond tildelte i første tildelingsrunde våren 2010 4,7 mill. kroner til 18 ulike miljøvernprosjekt. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innafor berekraftig turisme, kulturminne, fiske og vilt, informasjon og opplæring, skjøtsel, gjenoppretting av miljøtilstanden, kartlegging og overvaking av miljøtilstanden. Styret legg opp til to tildelingar også i 2011.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Instituttet brukar òg betydelege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, og på miljøovervaking på øygruppa.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Relevante område og tiltak som kan nemnast i denne samanhengen er innsatsen innafor SEAPOP (kartlegging og overvaking av sjøfugl), etableringa av programmet ICE (Ice, Climate and Ecosystem-senteret) som har styrkt klimaforskinga og -overvakinga, oppbygging og etablering av eit intensivt og ekstensivt vegetasjonsovervakingsprogram for Svalbard (i forhold til ferdsel og klima) og iverksetjing av styrkt bestandsovervaking av isbjørn og kvalross. Det har òg vore ein gjennomgang av overvakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og i den samanheng gjort ei styrking og målretta prioritering av indikatorar som vil bidra til å gi grunnlag for vurdering av om miljøforvaltninga når måla sine. Instituttet har òg styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene, Sysselmannen og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard.

For 2011 er om lag 84 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Den auka faglege aktiviteten til Norsk Polarinstitutt består blant anna av ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som blant anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrkt.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2009 hadde SNSK-konsernet 368 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad på Svalbard.

Konsernet hadde i 2009 driftsinntekter på 2,0 mrd. kroner og eit årsresultat på 363 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2008 var 3,4 mrd kroner og 881 mill. kroner. SNSK produserte 2,6 mill. tonn kol i 2008 mot nær 4,1 mill. tonn i 2007. Det vart selt 3,4 mill tonn kol i 2009 mot 3,4 mill tonn i 2008. Kolprisane var høge i 2008. Frå juni 2009 har prisen per tonn kol gått ned. Som følgje av finanskrisa treng industrien no mindre kol, og salet er redusert i 2009. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på ca 2,0 mill. tonn i 2010 og åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling i desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som støttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg skal selskapet drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp og med sikte på marknadsmessig avkastning på investert kapital.

SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva, som venteleg går tom om ca. 5 år. Etter avviklinga av Svea Nord legg SNSK i dag opp til vidare drift på fire førekomstar i Svea-området. Føresetnaden er at drifta vert bedriftsøkonomisk lønnsam. Planane blir lagt slik at allereie etablert infrastruktur knytte til Svea Nord-gruva framleis kan utnyttast. Dei fire felta er: Lunckefjell, Svea Øst, «Randsona» og Ispallen som til saman inneheld totalt ca. 35,8 mill. tonn kol.

SNSK legg no planar for Lunckefjell som har om lag 8,2 mill. tonn kol berekna for sal. Førekomsten i Lunckefjell vil bli utdriven med basis i infrastrukturen frå Svea-Nord. Selskapet har berekna behovet for nye investeringar til om lag 1 mrd. kroner.

Planar om ny gruvedrift i Lunckefjell utløyser plikt til konsekvensutgreiing etter svalbardmiljølova. Sysselmannen har i juni 2008 fastsett eit utgreiingsprogram for prosjektet. SNSK har planar om å eventuelt starte opp tiltaket i 2012, mens hovudproduksjonen eventuelt vil bli starta opp i 2015. SNSK legg opp til å levere ei konsekvensutgreiing og søknad til Sysselmannen hausten 2010. Sysselmannen skal deretter sende saka på høyring. Endeleg behandling i NHD føreset at Sysselmannen godkjenner prosjektet.

Dersom styret konkluderer med tilråding og opning av Lunckefjell, vil NHD gi ei vurdering av saka. Endeleg behandling i departementet føreset at det blir gitt løyve til prosjektet etter svalbardmiljølova. NHD vil i behandlinga av saka leggje vekt på om Lunckefjellprosjektet er økonomisk robust og sjølvfinansierande.

Det går fram av St meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard at Lunckefjellprosjektet i utgangspunktet er ei sak for styret i selskapet. Prosjektet representerer likevel ei betydeleg investering som òg er knytt til risiko, og får betydning for blant anna eigenkapitalsituasjonen til selskapet og utbyttekapasitet. Dette er sentrale eigarspørsmål, og det er derfor naturleg at prosjektet blir lagt fram for generalforsamlinga. Hvis departementet si behandling av saka konkluderer med opning av gruvedrift i Lunckefjell, vil saka bli lagt fram for Stortinget.

SNSK vil elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 15 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2011.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Per 31. desember 2009 var det engasjert 26 personar i Kings Bay AS. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji og ei rekkje andre tenester under opphaldet. I hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund ved at forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ei viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

I juni 2010 vart det for femte gongen arrangert eit internasjonalt symposium i Ny-Ålesund. Tema i år var «Endringene i Arktis og dets globale konsekvenser». Ny-Ålesund-symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring. Symposiet er eit årleg arrangement.

Ifølgje Kings Bay AS er det etter ein gjennomgang av energisituasjonen med faglege rådgjevarar, semje om å tilrå at det bør sjåast på ei samla løysing for energibruk og energiberarar i Ny-Ålesund før ein set i gang med å byggje ein ny kraftstasjon. I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard blei Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk. Av orienteringa går det fram at Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan for etableringa av kraftstasjon. Stortinget vil etter det bli orientert på eigna måte, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009).

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOx, CO2 og partiklar. Kings Bay AS har dei tre-fire siste åra freista å finne løysingar for å redusere desse utsleppa. Som ledd i dette vart det i 2009 gjennomført ein energianalyse som seier at det eksisterer eit potensiale for å redusere bruken av energi til elektrisitet og varme med om lag 40 pst. Energianalysen tek føre seg både tiltak retta mot energibruken og mot framtidig energiproduksjon. Tiltak som er foreslått i analysen omfattar berre tiltak for å redusere energibruken. Det er betydeleg utvikling av dieselmotorar for tida. Å skifte ut 12 år gamle dieselgeneratorar med nye moderne og meir effektive maskiner vil komme i ein seinare fase, når teknologien er tilfredsstillande. Dei samla kostnadene for å oppnå 40 pst. reduksjon i drivstoffbruk og tilhøyrande reduksjon i forureinande utslepp frå kraftstasjonen, er rekna å utgjere om lag 37 mill. kroner.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

I samband med at den nye minerallova tredde i kraft frå 1. januar 2010, vart det bestemt at Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skifter namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.

Direktoratet administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for Direktoratet: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av Direktoratet si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet

For 2011 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av Direktoratet under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin Prop. 1 S (2010-2011).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv AS organiserer blant anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innafor berekraftige rammer. For 2011 er det foreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

I 2009 vart det registrert 82 307 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein tilbakegang på 11,7 pst. samanlikna med året før då det vart registrert om lag 92 000 gjestedøgn. I alt kom det 33 109 gjester til Svalbard i 2009, noko som var ein nedgang på 9 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Nordmenn stod i 2009 for om lag 74 pst. av gjestedøgna mot berre 67 pst. av gjestedøgna i 2008. Færre utanlandske turistar men ein dertil aukande del nordmenn, var trenden også på fastlandet i etterkant av finansuroa som slo inn hausten 2008.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadene er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det uutnytta potensialet stort. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard utanfor høgsesongane. Talet på yrkesreisande har auka samanlikna med tala frå 2008, og kurs, konferansar og yrkestrafikken står no for 45 pst. av gjestedøgna. Talet på ferie og fritidsreisande minka i 2009, og dei utgjer omlag 55 pst. av gjestedøgna på Svalbard mot 60 pst. året før.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Norsk Romsenter Eigedom AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det ligg føre planar for å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romfart og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Også fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper no tenester frå stasjonen på Svalbard.

Svalsat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen og dette nettet gjer det samtidig mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandtenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innafor dei rammer som er sett i Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har oppretta Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Skytefeltet stod ferdig i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og den siste var i desember 2008. Ein ny stor norsk forskingsrakett er planlagt skoten opp i 2011.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga. UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2009 var 119 studentårsverk, mot 127 i 2008. 35 pst. av studentane var norske. 43 pst. av studentane var kvinner, ein nedgang på om lag 6 prosentpoeng frå 2009. UNIS vart tildelt om lag 89,6 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2010. Regjeringa foreslår å løyve om lag 97,2 mill. kroner til UNIS i 2011 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Dette er inkludert midlar til etablering av 20 nye studieplassar i 2011, og til vidareføring med opptak av nye kull for dei studieplassane som vart gitt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2009.

UNIS oppnår gode resultat innan både forsking og utdanning, og St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard trekkjer fram at UNIS i løpet av den femtenårige levetida si har ekspandert som senter for arktiske studiar. UNIS er blitt ein vesentleg del av kunnskapsplattforma på Svalbard. Sidan 2006 har UNIS oppnått ei firedobling av eksternt finansierte forskingsprosjekt. Samtidig har talet på postdoktorar og stipendiatar vakse til nærare 30. Halvparten er eksternt finansiert. Selskapet si verksemd hjelper til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, utover koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonane og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv.

Styret vedtok i 2009 ein ny strategiplan, som blant anna set mål om ei styrking av relasjonane til dei norske universiteta og ei vidareutvikling av internasjonalt samarbeid. Tryggleik, studiekvalitet og miljøvennleg framferd er prioritert område. Det er òg den vidare utviklinga av UNIS som samfunnsaktør i Longyearbyen og elles på Svalbard. UNIS skal utøve forskinga og undervisninga si med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider kontinuerleg for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

Senteret spelar vidare ei sentral rolle i vidareføringa av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet disponerer løyvingar frå ei rad departement og det er ikkje hensiktsmessig å skilje mellom kva dei ulike departementa løyver. Framstillinga nedanfor har derfor ei vidare ramme enn det som berre gjeld Kunnskapsdepartementet.

Verdas største polarforskingsprogram Det internasjonale polaråret (IPY), vart avslutta i 2009. I alt har om lag 50 000 forskarar frå 63 land delteke under IPY. Den breie tverrfaglege måleinnsatsen skal blant anna bidra til å skaffe datasett for betre klimamodellar og prognosar, inkludert havstraumar og klimakoplingar mellom låge og høge breiddegrader. Mange av IPY-prosjekta har gått føre heilt eller delvis på eller ved Svalbard. For 2010 vart det avsett 80 mill. kroner over Forskingsrådets budsjett til IPY. Dei fleste forskingsprosjekta under IPY var framleis i gang i 2010. Datamengda er så stor at den vil gi datagrunnlag for forskingsmiljøa i mange år framover. Ein kan slå fast at feltinnsatsen har vore omfattande og vellukka, det har komme fram svært mykje nytt forskingsmateriale og det er etablert mange langsiktige måleprogram. I alt vart det gjennomført over 40 tokt og ekspedisjonar. Merksemda om Svalbard har vore stigande, og det har vore ein auke på 10 til 15 pst. i bruken av fasilitetar på Svalbard både av norske og utanlandske forskarar. Ein norsk IPY-komité har koordinert det norske arbeidet med Det internasjonale polaråret og har òg vore kontaktpunkt mot International Council for Science og World Meteorological Organisation, som står for planlegginga og gjennomføringa av polaråret internasjonalt. Noreg vart tildelt sluttkonferansen for IPY og denne vart halden i Oslo i juni 2010.

Hovudtyngda av norsk polarforsking har i dei seinare åra vore retta mot å forstå klimautviklinga og ulike typar effektar av klimaendringar, med geofag og biologi som dei største faga. Noreg har òg internasjonalt velkjente forskingsmiljø innan øvre atmosfærefysikk og andre fagområde innan bio- og geofag med aktivitetar i Arktis. Størst polarsatsing, i tillegg til IPY-programmet, skjer innan det store programmet NORKLIMA (Klimaendringar og konsekvensar for Noreg), og meir enn ein tredel av dette programmet dekkjer arktiske problemstillingar. Polare løyvingar gjeld òg innan aktivitetane PETROMAKS (Utnytting av petroleumsressursane), Program for romforsking, Havet og kysten, Miljø 2015 og Aust-Europa-programmet. I Sør-Afrika-programmet vert det òg gjennomført polarforsking. Samla sett brukte Forskingsrådet ca. 213 mill. kroner på polarforsking i 2009, av dette om lag 61 mill. kroner til svalbardrelatert forsking.

Forskingsrådet har midlar for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard gjennom ei eiga satsing frå Kunnskapsdepartementet. I 2009 vart det lyst ut midlar for ein ny 3-årsperiode (2010-2012), om lag 3 mill. kroner per år. 15 prosjekt fekk løyving. Det er stor interesse for slike midlar, og det er mange både norske og russiske forskingsinstitusjonar som er med i prosjekta.

Forskingsrådet har i 2009 arbeidd vidare med revitalisering av Svalbard Science Forum (SSF) for å styrkje koordineringa av forskinga på Svalbard. Etableringa av SSFs nettstad har vore svært vellukka. Første del av eit databasesystem for svalbardforsking (Research in Svalbard, RiS) vart teken i bruk av SSF i 2007. Frå 2008 skal alle forskingsprosjekt på Svalbard, som krev godkjenning av Sysselmannen på Svalbard, bli registrert i databasen for svalbardforsking. RiS vil bli vidare utvikla også i 2010 og arbeidet vil halde fram i 2011. SSF har skipa til konferansar om emnet «Kongsfjorden økosystem», «Atmosfæreforsking» og «Terrestrisk forsking». Alle stasjonane i Ny-Ålesund deltek aktivt i desse. Det har vist seg at konferansane er eit effektivt verkemiddel for å komme fram til felles forskingsfaglege prioriteringar og dermed auke samarbeidet og minke fragmenteringa av forskinga i Ny-Ålesund. SSF-konferansar i framtida vil gjelde heile Svalbard.

Ny-Ålesund peiker seg ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng. Styresmaktene har gjennom ei rekkje år investert store midlar i infrastrukturen for forskingsverksemda. Regjeringa har som målsetjing å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor dei rammene miljøomsyn og kapasitet set. I alt 10 land har i dag eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund, mens forskarar frå om lag 20 land driv forsking der.

I 2011-budsjettet foreslår Regjeringa at minst 45 mill. kroner skal gå til eit nytt program for polarforsking. Forsking knytt til Svalbard skal tilleggjast særleg vekt, då dette er ei viktig plattform for norsk og internasjonal polar-, miljø- og klimaforsking. Innafor løyvinga skal 5 mill. kroner gå til informasjonsverksemd og fagleg og praktisk forskingskoordinering i regi av Svalbard Science Forum. Til utvikling av eit klimaøkologisk observasjonssystem for arktiske tundraøkosystem (KOAT), foreslår Regjering at det innanfor midlane er ei særskilt eittårig løyving på 3 mill. kroner til Universitetet i Tromsø og Universitetssenteret på Svalbard.

I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Kabelen vil betre dataoverføringskapasiteten mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen og gi betre utbytte av forskinga innan mange fagområde.

SIOS (Svalbard Integrated Arctic Observing System)

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. I denne samanhengen vart det klart 9. desember 2008 at SIAEOS, nå SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) er på ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure) sitt reviderte vegkart. Forskingsrådet leiar forprosjektet. Det er etablert ei styringsnemnd for prosjektet med medlemmar frå Forskingsrådet, UNIS, Norsk Polarinstitutt, Bjerknessenteret og Norsk Romsenter, og i tillegg representantar frå Tyskland, England, Italia, Polen og Russland. Søknad om midlar til Preparatory Phase vart sendt EU sitt 7. rammeprogram for forsking innan 3.desember 2009. 10 europeiske land (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, England, Italia, Polen, Nederland og Frankrike) og 5 andre land (Russland, Kina, Sør-Korea, Japan, USA) er med i konsortiet. I mars 2010 vart det kjent at Preparatory Phase-søknaden truleg vil bli godkjend i EU, og at forhandlingane om kontrakten med EU vart innleidde i april 2010. Prosjektet starta i september 2010. Forskingsrådet skal leie prosjektet gjennom heile Preparatory Phase (ca. 1.september 2010 til 1. november 2013).

For å følgje utviklinga innan den samla polarforskinga, med særskilt fokus på Svalbard, har NIFU STEP publisert utgreiinga «Norsk polarforskning – forskning på Svalbard, nr 8/2008». Kartlegginga er ei oppfølging av eit tilsvarande prosjekt bygd på data frå 2001. Kartlegginga samanliknar også norsk forsking med utanlandsk forsking. Det syner seg at talet på forskardøgn på Svalbard er på 30 000, ein auke på 6 pst. frå 2002. Av desse sto norske forskardøgn for 47 pst. Noreg er såleis ein dominerande forskingsnasjon på Svalbard. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking i 2011 for å kartlegge den vidare utviklinga og verknaden av Polaråret og nordområdesatsinga.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter) Scientific Association er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir, har i tillegg til grunnforsking, også verdi for navigasjon, satellittposisjonering, telesamband med meir. Radarane kan gi førehandsinformasjon om partikkelutbrot frå sola, som kan få store uheldige konsekvensar for ulik infrastruktur på bakken.

Det er inngått ei ny samarbeidsavtale for EISCAT frå 1. januar 2007. Vertslanda Noreg, Sverige og Finland har etter den nye avtala teke på seg ein større del av medlemskostnadene for observasjonstida. Kina har komme til som nytt medlem, og Deutche Forsungsgemeinschaft er blitt tysk partnar frå 2007 med Leibniz-Institut für Atmosphärenphysik, Kuhlungsborner, som forskingsutøvande institusjon. EISCAT har også avtaler med Frankrike, Russland og Ukraina om kjøp av observasjonstid på radaranlegga.

Gjennom ein designstudie finansiert av EUs 6. rammeprogram arbeider EISCAT med å utvikle eit konsept for eit nytt fasestyrt radarsystem, som på sikt kan komme til å erstatte dagens anlegg i Nord-Skandinavia. Dette prosjektet, EISCAT-3D, er også komme inn på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur i framtida, etter framlegg frå Sverige og med støtte frå Noreg og Finland. EISCAT leverte søknad om støtte til Preparatory Phase-prosjektet til EU-kommisjonen i desember 2009, og forhandlingane om kontrakten vart innleia i april 2010 om ein sum på maksimalt 4,5 mill. euro. Norsk partnar i prosjektet er Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Tromsø. Venta prosjektstart er oktober 2010 og Preoparatory Phase er planlagt frå 2010 til 2014. Sjølve konstruksjonsfasen vil ta to til tre år, og anlegget reknar med å ha ei levetid på 30 år.

Den norske kontingenten for EISCAT vil vere 4,8 mill. kroner både i 2010 og 2011.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

Barnehagar

Ved utgangen av 2009 gjekk 133 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre ordinære barnehagar som ligg i Longyearbyen. Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnadar mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagemyndigheit. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ivareta dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Kunnskapsdepartementet har til og med 2010 gitt øyremerkt statstilskot til barnehagar på Svalbard. Når løyvingane til drift av barnehagar blir innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 1. januar 2011, vil det øyremerkte statstilskottet bli avvikla. Midlar til drift av barnehagar på Svalbard blir derfor overførte til svalbardbudsjettets kap 3. Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane gjer skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. opp til 12 G, og 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå kr. 10 000 til kr. 20 000. For nærare omtale av dei einskilde endringane, sjå St.prp. nr 1 (2007-2008) Svalbardbudsjettet og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

I tilknyting til dei endringane som er beskrivne ovanfor, har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet blant anna sett på praksis for skattlegging ved pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard. Arbeidsgruppas forslag vart sendt på høyring hausten 2008. Høyringsfristen var 31. juni 2009. Dette arbeidet blir følgt opp gjennom forslag til lovendringar i St.prp. 1 LS (2010-1011).

Svalbard skattekontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla per 1. november 1998. I samband med at skatteetaten frå 1. januar 2008 vart organisert i fem regionar, gjekk Svalbard likningskontor over til å heite Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette innførde Regjeringa i 2007 blant anna statistikklova for Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. Regjeringa foreslår at det blir løyvd 1,5 mill. kroner for 2011 til å vidareføre denne satsinga. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. I juni 2010 vart det publisert ein ny rapport som tek føre seg levekåra for dei busette i Longyearbyen. Rapporten er tilgjengeleg frå temasida for Svalbard. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor ASA tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet nyttar òg kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Kabelen vil betre dataoverføringskapasiteten mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen og gi betre utbytte av forskinga innan mange fagområde.

Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønnsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønnsame lufthamnene.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2009 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2011 er det venta at 7,2 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse 1,6 mill. kroner i svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2011 budsjettert med eit lågt tal for kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnevernet

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard, regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova vert utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barnet i samsvar med lova § 8-2. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2009 dekte departementet utgifter i samband med barn som mottok tiltak frå barnevernet i samsvar med forskrift om barneverntenesta på Svalbard. Utgiftene er refunderte Longyearbyen lokalstyre via Fylkesmannen i Troms. Utgiftene var i 2009 på 1,2 mill. kroner og er i 2011 budsjetterte til 1 mill. kroner.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF, avdeling Longyearbyen sjukehus, er i første rekkje eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus. I tilegg utfører det polikliniske undersøkingar, utgreiingar og behandling av sjukdommar og skadar, og det utfører enkelte mindre og mellomstore planlagde operasjonar.

Longyearbyen sjukehus yter òg ein del tenester som på fastlandet ikkje blir gitt ved sjukehus. I tilegg til allmennlegehjelp, som kan samanliknast med fastlegen sitt arbeid på fastlandet, tilbyr sjukehuset jordmor- og helsesøsterteneste, fysioterapiteneste, tannlegeteneste (inkludert tannregulering), bedriftshelseteneste og optikarteneste.

Det blir òg ytt tenester innafor barne- og ungdomspsykiatri ved at psykolog/psykiater frå fastlandet jamleg er tilgjengeleg for konsultasjon. For tida blir det òg prøvd ut ei tilsvarande ordning for vaksne.

Det akuttmedisinske tilbodet består av medisinsk naudmeldeteneste (AMK), omgåande hjelp, ambulanseteneste, redningshelikopterteneste (organisert via og i samarbeid med Sysselmannen) og flyambulanse.

Tilbodet som er gitt ved Longyearbyen sjukehus er meint for busetnaden i Longyearbyen og dei andre norske busetnadene på øygruppa. Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på og rundt øygruppa og havområda omkring. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eigenfinansiert helseteneste.

Den alminnelege helselovgivinga er i lita grad gjort gjeldande på Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet vil gå igjennom all helselovgiving og vurdere om heile eller delar av lovgivinga skal gjerast gjeldande for Svalbard.

4.8 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, blant anna Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygg, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 111 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Forvaltning, drift og vedlikehald av Sysselmannen sitt administrasjonsbygg, post- og bankbygget, nokre lagerbygg, Statsbygg sitt administrasjonsbygg og alle bustadene vert finansiert over svalbardbudsjettet. Dei andre eigedommane er innlemma i husleigeordninga og vert forvalta under kap. 2445 Statsbygg i statsbudsjettet. Husleiga som skal betalast til Statsbygg for desse bygga, vert finansiert over svalbardbudsjettet.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Alle som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje. Registrerte gjester i 2009 var 13 123, og av desse deltok 5 862 i kyrkjelege handlingar. I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved UNIS. Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest frå Tromsø, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russisk-ortodokse kyrkja.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Talet på gustenestedeltakarar har dei siste åra vore på gjennomsnittleg 60 personar per gudsteneste, mens samla tal for 2009 var 2 874 personar som deltok i gudstenester. 15 barn vart døypte i 2009 og kyrkja hadde 11 konfirmantar våren 2009.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetnaden, gjester og turistar. Kyrkja har barnegospelkor, konfirmantarbeid og speidargruppe. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2010-2011) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

4.9 Kulturdepartementet

På Kulturdepartementets budsjett for 2010 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det vil over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, på eit seinare tidspunkt, bli fastsett eit tilskot til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 274 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2010. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsføretaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2011 ei løyving på 1,6 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjettkapitel 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 410 000 kroner i produksjonstilskot i 2009. Tilskotet for 2010 vil venteleg bli om lag det same.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2011

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2009, vedteke budsjett for 2010 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2011. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Utgifter

240 828

248 787

266 886

Inntekter

538 724

135 810

175 800

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

0001

Svalbard kyrkje

3 618

3 750

4 011

7,0

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

92 822

93 700

108 176

12,0

0004

Tilskot til Svalbard Museum

5 650

5 825

3,1

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

33 261

31 000

31 900

2,9

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

75 298

75 000

76 775

2,4

0007

Tilfeldige utgifter

3 905

4 177

4 000

-4,2

0009

Kulturminnetiltak

2 061

2 150

2 175

1,2

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 309

1 400

1 429

2,1

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 800

2 900

2 950

1,7

0018

Fyr og radiofyr

3 500

3 600

3 675

2,1

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 990

6 200

6 300

1,6

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

12 815

15 500

15 850

2,3

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 489

2 800

2 860

2,1

Sum kategori 06.80

240 828

248 787

266 886

7,3

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

01-23

Driftsutgifter

142 924

141 577

150 700

6,4

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

1 322

4 000

4 100

2,5

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 800

2 900

2 950

1,7

70-89

Overføringar til private

93 782

100 310

109 136

8,8

Sum under departementet

240 828

248 787

266 886

7,3

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2009

Saldert budsjett 2010

Forslag 2011

Pst. endr. 10/11

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

6 047

250

200

-20,0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

2 706

1 200

900

-25,0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 553

3 250

3 600

10,8

3030

Skattar og avgifter

526 418

131 110

171 100

30,5

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

-297 841

112 977

91 086

-19,4

Sum kategori 06.80

240 883

248 787

266 886

7,3

Til forsida