Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 62 700 km². Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte føresegner for Svalbard.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2009 totalt 2112 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 417 busette. Busetnaden der er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 37 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårs busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2009-2010) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2010 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, slutta Stortinget, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009), seg til forslaget om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett. Justisdepartementet vil i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål. Som ein start på dette er det i budsjettet for 2010 mellom anna oppretta eit nytt kap. 4 Tilskot til Svalbard Museum. Sjå meir om dette under omtale av dei enkelte kapitla. Departementet vil òg vurdere behovet for enkelte endringar i kap. 2 Tilskot til kulturelle formål.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Regjeringa la våren 2009 fram ei eiga stortingsmelding om Svalbard (St. meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard). Stortingets behandling av meldinga (jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009)) viser at det framleis er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Måla har lege fast i lang tid og historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

I St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard føretek Regjeringa ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg myndigheitsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa. Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaringa av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytta dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Nordområda er denne Regjeringas viktigaste strategiske satsingsområde. Svalbard er ein sentral del av nordområda og St. meld. nr. 22 blir såleis eit viktig tillegg til Regjeringas nordområdestrategi. Ei vidareføring av ei effektiv og føremålstenleg forvaltning av Svalbard i tråd med måla i svalbardpolitikken vil bidra til å styrkje og utdjupe vårt nærvær i nordområda.

Det har skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard vart lagt fram i 2000. Mellom anna er det etablert lokaldemokrati og det har vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Eit viktig bakteppe for den nye svalbardmeldinga er dei klimaendringane ein antek vil skje i Arktis dei kommande åra. Temperaturane i Arktis er venta å stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Endringane vil både gi nye utfordringar for arter og økosystem på Svalbard, og kunne bidra til å skape press på områda gjennom auka tilgjenge som følgje av reduksjon i utbreiinga av sjøisen. Samstundes kan endringane òg gi nye moglegheiter til dømes innanfor fiskeri og internasjonal skipsfart.

Den nye stortingsmeldinga om Svalbard tek innleiingsvis for seg utviklinga sidan førre melding og gjer greie for Svalbard-samfunnet slik det ser ut i dag. Med dette som utgangspunkt blir det gjort ein heilskapleg gjennomgang av sentrale utfordringar knytte til utviklinga på Svalbard i dei kommande åra. Ei nærare omtale av stortingsmeldinga og behandlinga av denne, vil bli gjort fortløpande under dei enkelte kapitla/punkta framover.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem, og Regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein eigen strategi for nordområda. Nordområdestrategien er langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde.

Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda. Svalbardpolitikken og norsk forvaltning av ansvar og mynde på Svalbard har vore vellykka. Den største busetnaden på Svalbard, Longyearbyen, er i dag eit robust og velfungerande familiesamfunn med eit godt utbygd tenestetilbod. Longyearbyen skal derimot ikkje utviklast til å bli eit livsløpssamfunn, noko Stortinget slutta seg til under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009).

Å vere til stades på Svalbard bidreg til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde i nord. Regjeringa ønskjer derfor ei robust busetjing i Longyearbyen og vil arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna koordineringsansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Dette reiser særskilte utfordringar som gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

I tillegg til Det interdepartementale polarutvalet, jf. omtale under pkt. 2.1.1, er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av Svalbard, jf. omtale under pkt. 2.1.2 Sysselmannen er regjeringas øvste representant på øygruppa og har sete i Longyearbyen. Bestillinga har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannsbestillinga. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Sysselmannen har òg ansvar for redningsberedskapen på øygruppa. I tilegg til det som her er nemnt har bestillinga ei viktig oppgåve som miljøforvaltar og med gjennomføringa av den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Som følgje av satsinga på Svalbard har oppgåvene for Sysselmannen auka i den seinare tida, både i omfang og kompleksitet. Den generelle aktivitetsauken på Svalbard har ført til meir saksbehandling, større behov for kontrollar og inspeksjonar og større etterspørsel etter informasjon og bistand av ulik art. I tillegg til dette har det òg vore auke i mengda offisielle representasjonsoppdrag og besøk til Sysselmannen. For å avhjelpe delar av dei utfordringane dette har skapt for Sysselmannens drift, foreslår Regjeringa i budsjettet for 2010 å auke løyvinga til Sysselmannen med 4 mill. kroner. Løyvinga skal bidra til at bestillinga kan halde fram med å utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte, blant anna sikre ei vidareføring av Sysselmannens feltinspektørteneste, og styrkje politi- og beredskapsarbeidet. Regjeringa foreslår vidare å løyve 3,4 mill. kroner slik at arbeidet med naudsynte reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden kan halde fram. Desse satsingane vil i sum bidra til ei viktig styrking av Sysselmannen og gjere tydeleg den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas øvste representant på øygruppa.

Longyearbyen lokalstyre er ein viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, jf. omtale under pkt. 2.1.3. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med det å bidra til å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samstundes er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, og med ulike organisasjonar og institusjonar.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på delar av det tenestetilbodet og arbeidet som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna medført behov for visse endringar innan skule- og barnehagesektoren. Saman med Sysselmannen er lokalstyret ein særleg viktig medspelar når det gjeld å nå dei måla sentrale styresmakter har sett for Svalbard. For å bidra til at lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, ønskjer Regjeringa å auke lokalstyrets budsjett med i alt 3,7 mill. kroner i 2010. Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at lokalstyret skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte. Sjå meir om dette i pkt. 2.1.3.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har Regjeringa som mål å oppretthalde Longyearbyen som eit robust familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne føresetnaden er òg gjenteken i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, og i Stortingets behandling av denne. Den utviklinga ein har sett i Longyearbyen, fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Aukande turisme og ferdsel på Svalbard synleggjer behovet for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Det er òg ei utfordring å skape tryggleik, både ved ferdsel på land og til sjøs. Viktige tiltak i denne samanhengen er Sysselmannens oppsyns- og kontrollverksemd og informasjonsarbeid. Det er ei utfordring å nå ut til dei som besøkjer øygruppa med viktig informasjon på ein god og effektiv måte. For å sikre kontinuitet i den oppsyns- og kontrollverksemda som Sysselmannen utøver gjennom feltinspektørtenesta si, løyvde Stortinget i forbindelse med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2009 i alt 1,4 mill. kroner ekstra til Sysselmannen. Pengane er brukt til organisering og gjennomføring av slik teneste sommarsesongen 2009.

Svalbard og Longyearbyen har mange særtrekk. Likevel ser ein at Longyearbyen på mange område, og i aukande grad, liknar eit fastlandssamfunn. Dette fører til at ein stadig oftare må vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Longyearbyen og Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er spesielle, jf. bl.a. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2. Det er derfor ei utfordring å få til ei heilskapleg utvikling av regelverk. Målet er eit tilpassa og oversiktleg regelverk som er tilgjengeleg for alle. Justisdepartementet har fokus på denne problemstillinga. I den nyleg framlagde svalbardmeldinga vart det mellom anna teke opp om ein burde snu prinsippet i svalbardlova § 2. Etter ei drøfting av moment både for og i mot ei slik endring, har ein kome til at dette systemet bør oppretthaldast. Meldinga peiker også på enkelte andre rettsområde der ein ser behov for ei nærare vurdering på visse felt, til dømes innafor nærings- og selskapslovgivinga, helselovgivinga og utlendingslovgivinga. Komiteen har òg i si behandling av meldinga framheva delar av dette, og involverte departement vil derfor, i samråd med Justisdepartementet, sjå nærare på dette.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber også skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må derfor tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Stortinget vedtok i 2008 endringer i skattesystemet for Svalbard. Skattesatsen på lønnsinntekt har etter dette vore 8 pst. For særskilt høge inntekter (over 12 G) vert det trekt 22 pst. skatt. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (nærings- og selskapsskatt) er no 16 pst. For nærare omtale av dette, sjå. St.prp. nr. 1 (2007-2008) Svalbardbudsjettet, Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Hausten 2008 vart det sendt på høyring forslag til enkelte endringar i skattesystemet for Svalbard. Forslaget til endringar er utarbeidd av ei arbeidsgruppe som har vore leia av Finansdepartementet med deltaking frå Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet. Fristen for høyringssvar gjekk ut 01.07.2009. Høyringssvara vil bli gjennomgått og vurderte utover hausten og starten av neste år. Eventuelle lovendringar vil etter planen verte oversende Stortinget i løpet av 2010.

Høgsterett fatta i 2007 ei avgjerd om at tvangsoppløysing av eit aksjeselskap med forretningskontor på Svalbard ikkje kunne gjerast i medhald av aksjelova § 16-5 første ledd nr. 5, fordi plikta til å sende inn årsrekneskap til rekneskapsregisteret etter rekneskapslova § 8-2 ikkje gjeld for slike selskap. På bakgrunn av avgjerda i Høgsterett er det nødvendig å vurdere behovet for å fastsetje forskrifter om bruken av rekneskapslova, revisorlova og bokføringslova på Svalbard. Finansdepartementet arbeider i samarbeid med Justisdepartementet for å finne løysingar for korleis dette skal behandlast i framtida.

2.1.1 Samordne og koordinere regjeringas politikk for polarområda

For å sikre ei god koordinering av regjeringas politikk for Svalbard, vart det allereie i 1965 oppretta eit eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Utvalet skal tene regjeringas behov for direkte styring med polarsaker. Utvalet arbeider etter ein eigen instruks.

Polarutvalet skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda. Utvalet er leia av Justisdepartementet som også har sekretariatsfunksjonen. Polarutvalet består elles av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng (JD, UD, MD, KD, NHD, FIN, SD, FKD), Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet gjer at saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, og andre viktige saker, kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Som regjeringas rådgivande og koordinerande organ for behandlinga av polarsakar, har Polarutvalet hatt ei viktig rolle som styringsgruppe i arbeidet med den nye stortingsmeldinga om Svalbard.

Justisdepartementet har i ei tid arbeidd for å revidere instruksen for utvalet. I tråd med merknadane frå komiteen under deira behandling av stortingsmeldinga, vil ein eventuell etablering av ei konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Polarutvalet òg bli vurdert i denne samanhengen.

Forskingsaktivitetane på øygruppa er viktige, og Svalbard har etter kvart utvikla seg til ein solid plattform for norsk og internasjonal polarforsking. Noreg gir her forskarar frå land over heile verda eineståande høve til å forske på ulike felt, blant anna når det gjeld spørsmål knytte til klima. I takt med satsinga dei siste åra på å utvikle Svalbard som forskings- og kunnskapsplattform, har òg behovet for koordinering av denne verksemda vorte stadig viktigare. Polarutvalet har derfor blant anna teke initiativ til å revitalisere Svalbard Science Forum (SSF). Målet med dette har vore å utnytte infrastruktur og faglege ressursar betre. Regjeringa peikar i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard på at det enklaste og beste midlet for betre koordineringa av forsking på Svalbard er ei vidareutvikling av dei institusjonane ein allereie har, og då særleg gjennom ei styrking av Noregs forskingsråds nærvær gjennom SSF. Ei vidareutvikling av det administrative apparatet til SSF vil kunne bidra til å skape betre forskingsleiing, auka samarbeid, planlegging og overordna prioritering av forsking på Svalbard. Under behandlinga av meldinga slutta komiteen seg til det som var foreslått av Regjeringa vedrørande SSF.

Datainnsamlinga for verdas største polarforskingsprogram, Det internasjonale Polaråret (IPY), vart avslutta 01.03.2009. I alt har ca. 50 000 forskarar frå 63 land delteke under IPY. Den breie tverrfaglege måleinnsatsen skal blant anna bidra til å skaffe datasett for betre klimamodellar og prognosar, inkludert havstraumar og klimakoplingar mellom låge og høge breiddegrader. Mange av IPY-prosjekta har gått føre heilt eller delvis på eller ved Svalbard. For 2009 vart det avsett 85 mill. kroner over Forskingsrådets budsjett til IPY. Denne løyvinga har dekt forskinga på vegner av heile departementsfellesskapet. Ein norsk IPY-komité har koordinert det norske arbeidet med Det internasjonale polaråret og har også vore kontaktpunkt mot International Council for Science og World Meteorological Organisation, som står for planlegginga og gjennomføringa av polaråret internasjonalt. Noreg er tildelt sluttkonferansen for IPY og denne vil bli halden i Oslo i juni 2010. For meir omtale, sjå kap. 4.3 Kunnskapsdepartementet.

Ny-Ålesund peiker seg ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng. Styresmaktene har gjennom ei rekkje år investert store midlar i infrastrukturen for forskingsverksemda. Regjeringa har som målsetjing å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor dei rammene annan infrastruktur og kapasitet set. I alt 9 land har i dag eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund. Gjennom året har totalt om lag 20 land forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Justisdepartementet vil vurdere behovet for ytterlegare vern av forskingsaktiviteten i Ny-Ålesund, til dømes i forhold til skipstrafikken i området.

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette innførde Regjeringa 01.01.2007 mellom anna statistikklova for Svalbard. For 2010 foreslås det løyvd i alt 2,5 mill. kroner til Statistisk sentralbyrå (SSB) til innhenting av svalbardstatistikk. SSB leier no dette arbeidet gjennom rådgjevande utval for svalbardstatistikk. Det er oppretta ei eiga temaside for Svalbard, og saman med den nye publikasjonen «Dette er Svalbard» (www.ssb.no/dette_er_svalbard/), tek den over for den tidlegare årboka om svalbardstatistikk.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Noreg har i perioden 2006-2008 hatt formannskapet i Arktisk Råd. Danmark overtek denne rolla frå hausten 2009. Oppfølging av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda, har vore to av hovudprioriteringane under det norske formannsskapet.

2.1.2 Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

Befolkningsauke i Longyearbyen og ei utvikling der stadig fleire lover blir gjort gjeldande på øygruppa, har ført til ein auke i Sysselmannens oppgåver både i omfang og kompleksitet. Ikkje minst gjeld dette også fordi interessa for Svalbard er sterkt aukande både frå nasjonalt og internasjonalt hald, i form av politiske aktørar, næringsaktørar, forskingsmiljø og media. Mellom anna som følgje av det som her er nemnt, legg Regjeringa i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard vekt på at Sysselmannen må vidareutviklast i rolla som regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Stortinget slutta seg til dette gjennom si behandling (jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009)) og understreka spesielt at rednings- og politiressursane til ei kvar tid er tilstrekkeleg dimensjonert til å ivareta Sysselmannens ansvar innafor desse områda.

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og dei behova som der er påpeikte for Sysselmannen på Svalbard, har Regjeringa i svalbardbudsjettet for 2010 foreslått å auke løyvinga til Sysselmannen med i alt 7,4 mill. kroner. Av desse midlane er 3,5 mill. kroner avsette til driftsbudsjettet, mens 3,4 mill. kroner går til reparasjon og rehabilitering av bustaden til sysselmannen. Det er vidare sett av 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportbudsjett. Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Sysselmannen har mynde som politimeister og fylkesmann. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde, til dømes forureining, barnevern, skjenkeløyvesaker, brannvern o.a. Fagkompetansen og svalbardkunnskapen hos Sysselmannen representerer ei viktig støtte i departementas arbeid med svalbardspørsmål.

Justisdepartementet har som mål at dei mange og ulike oppgåvene som sysselmannsbestillinga skal løyse, blir utførte på ein god og effektiv måte. Departementet arbeider for å ha ein god styringsdialog med Sysselmannen, mellom anna gjennom etatsstyringsmøte og tildelingsbrev, og rapporteringssystem i samband med dette. I tillegg til den formelle kontakten legg ein vekt på å ha ei brei kontaktflate og ein jamleg og tett dialog.

Både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon. Dette mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø, jf. pkt. 2.1.

Sysselmannen har ansvar for redningsberedskapen på Svalbard. Det vert utført om lag 50 redningsaksjonar i året og i dette arbeidet er førebygging viktig. Sysselmannen arbeider fortløpande med å ha ei best mogleg samhandling med friviljuge i redningstenesta, og for å effektivisere utrykkingsfasen mest mogleg. Ei god informasjonsverksemd er viktig for at Sysselmannen skal kunne løyse oppgåvene sine på tilfredsstillande vis. For å nå ut til publikum, arbeider ein mellom anna kontinuerleg med vidareutvikling av Sysselmannens nettside, med trykksaker og anna informasjonsmateriell og med å ha eit ope og konstruktivt forhold til media. Det er viktig for sysselmannsbestillinga å vere synleg på øygruppa og ha god kontakt med publikum.

Sysselmannen er representert i Svalbard forskingspark, knytt til informasjonssenteret i Svalbardporten og til eit kulturhistorisk magasin.

Sysselmannen starta hausten 2008 ein organisatorisk gjennomgang av bestillinga. Føremålet med denne er å finne ut om bestillinga er riktig organisert og om den har god nok kapasitet til å møte den auken i utfordringar og arbeidsoppgåver som har funne stad i seinare tid. Gjennomgangen vil vere med på å danne grunnlaget for organiseringa av Sysselmannen i framtida. Arbeidet er av kapasitetsomsyn førebels sett på vent, men vil bli forsøkt teke opp att i løpet av hausten 2009.

2.1.3 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

Longyearbyen lokalstyre får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justisdepartementet. På desse møta blir bl.a. viktige saker og aktuelle problemstillingar diskuterte. I samband med oppfølginga av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard vil det òg bli vurdert ei konsultasjonsordning mellom Longyearbyen lokalstyre og Det interdepartementale polarutvalet, jf. også pkt. 2.1.1.

Regjeringa har gjennom arbeidet med stortingsmeldinga om Svalbard registrert at Longyearbyen er i ferd med å nå ei kapasitetsgrense med omsyn til infrastruktur. Den auken i befolkning og aktivitet som har funne stad i Longyearbyen sidan førre melding vart framlagt, har mellom anna skapt behov for fleire bustader, barnehage- og skuleplassar. Auken har òg ført til eit større press på det generelle tenestetilbodet lokalstyret har ansvaret for.

Som også Stortinget påpeikte under si behandling av meldinga, er det ikkje naturleg å sjå for seg at den veksten ein har sett i dei seinare åra skal halde fram i same omfang og tempo. Dei varsla reduksjonane og nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta Store Norske kan òg innebere at veksten i periodar kan verte negativ.

Som eit svar på nokre av dei utfordringane som er knytte til veksten i Longyearbyen, foreslår Regjeringa å auke rammene til Longyearbyen lokalstyre med i alt 3,7 mill. kroner. Auken skal mellom anna gå til å avhjelpe naudsynte behov i skule- og barnehagesektoren. Når det gjeld framtidig energiforsyning vil det i løpet av hausten 2009 bli nedsett ei arbeidsgruppe under leiing av Justisdepartementet. På bakgrunn av det arbeidet som allereie er gjort lokalt, skal den utarbeide ein rapport som vidare kan danne grunnlaget for dei avgjerder som må takast i samband med val av framtidig energikjelde.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Komiteen har under si behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard bedt Regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Justisdepartementet vil i samråd med involverte aktørar vurdere dette spørsmålet nærare.

Sidan januar 2006 har Longyearbyen lokalstyre organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir ivaretekne i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom eigne kommunale føretak. I alt er tre slike kommunale føretak etablerte: Eitt har ansvar for oppvekst, eitt for kultur og fritid og eitt har ansvar for drift av teknisk infrastruktur. Det siste har fått namnet Bydrift Longyearbyen og var fram til 01.01.09 organisert som eit kommunalt aksjeselskap (Bydrift Longyearbyen AS). Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule vart overført til Longyearbyen lokalstyre frå 2007. I den samanhengen vart det rammeoverført lønns- og driftsmidlar til svalbardbudsjettet frå Kunnskapsdepartementets budsjett, for å sikre vidareføring av dei tilboda skulen gir.

Mynde til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard, er for Longyearbyen arealplanområde delegert til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret vedtok i 2004 ei eiga byggjesaksforskrift for Longyearbyen.

På oppdrag frå Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) evaluert lokaldemokratiet på Svalbard. Rapporten «Demokrati i motvind» vart framlagt i mars 2006, og synte at halvparten av innbyggjarane i Longyearbyen var motstandarar av lokalstyreordninga. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider saman om å vidareutvikle lokaldemokratiet i Longyearbyen. Det er blant anna innført ei ordning med halvårlege kontaktmøte mellom justisministeren og Longyearbyen lokalstyre.

I 2008 leverte NIBR andre del av sin rapport om lokalstyreordninga, som ei oppfølging av den første evalueringa. Funna syner ei forsiktig positiv haldning til lokalstyreordninga.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2010

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Mellom anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og behandlinga av denne, meiner Regjeringa det er grunn til å auke løyvinga til Sysselmannen på Svalbard for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. I svalbardbudsjettet for 2010 foreslår derfor Regjeringa å auke Sysselmannens driftsbudsjett med 3,5 mill. kroner. I tilegg til denne auken er det òg avsett i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av Sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. For å leggje til rette for at Longyearbyen lokalstyre (LL) kan utføre sine oppgåver på ein god og effektiv måte, og å setje lokalstyret betre i stand til å handtere dei utfordringane som befolkningsauken i Longyearbyen har gitt, særleg innafor barnehage- og skulesektoren, foreslår Regjeringa å auke lokalstyrets budsjett med 2,7 mill. kroner. LL er dessutan tilført 0,6 mill. kroner gjennom ei rammeoverføring frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, samt 0,4 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. Regjeringa foreslår òg 0,2 mill. kroner fordelt på andre kapittel for å tryggje rammene for dagens drift. I tillegg til dette er det i denne regjeringsperioden løyvd i alt 20 mill. kroner til bygging av nytt reservekraftverk i Longyearbyen og i alt 1,5 mill. kroner til Sysselmannens transportbudsjett som følge av auka kostnader her.

Utover dette kjem dei skatteendringane som er vedtekne i denne regjeringsperioden. Skattesatsen på lønnsinntekt er no 8 pst., mens det for særskilt høge inntekter skal trekkjast 22 pst. skatt. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er sett til 16 pst. Regjeringa har òg endra rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet slik at heile budsjettet no blir prisjustert.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2010 er 248,8 mill. kroner. Dette er 17,1 mill. kroner eller 7,4 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2009.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2010 er stipulert til 113 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vorte auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2010 utgjer 45,4 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2010 er rekna til 135,8 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 54,6 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Det er i budsjettet for 2010 oppretta eit nytt kapitel 4, Tilskot til Svalbard museum. Museet har tidlegare fått si tildeling via Longyearbyen lokalstyre, men etter at museet vart omdanna til eigen stiftelse er det naturleg at løyvinga no går direkte til museet. Løyvinga er basert på innspel frå Longyearbyen lokalstyre over kor mykje midlar museet venteleg treng til si drift. Lokalstyrets løyve er vidare redusert med same beløp som museet no er tildelt. For meir omtale av dette, sjå kap. 4 Svalbard museum i del II.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2010 er det foreslått løyvd netto om lag 367 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2009 var om lag 388 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøver miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 110 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 79 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II.

Miljøvernarbeidet vil i 2010 halde fram med å ha fokus på forvaltning av villmarksområde på Svalbard, og då særleg med tanke på å begrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne som følgje av aukande ferdsel, for å sikre viktige leveområde for sårbare arter og sikre viktige referanseområde for forsking. Arbeidet med forvaltningsplanar for dei store verneområda vil ha høg prioritet her. Arbeidet vil òg ha fokus på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard, førebygging av introduksjon og spreiing av framande arter, og av lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde vil halde fram.

Overvakinga av dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet, er styrkt. Klimaendringane gjer seg sterkare gjeldande på Svalbard og vi ser no truleg starten på nye, omfattande miljøutfordringar. Samtidig er Svalbards rolle og betyding som internasjonal forskingsplattform styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret, IPY og initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil derfor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set oss i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Svalbards miljøvernfond løyvde i 2009 midlar til ei rekkje prosjekt gjennom to tildelingar.

Dei tildelte midlane gjekk til reiselivsrelaterte prosjekt, fiske og vilttiltak, miljøgift- og forureiningsrelaterte prosjekt og til kulturminnetiltak. Det vil bli lagt opp til to tildelingar også i 2010.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit avdelingskontor i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Instituttet brukar òg betydelege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, og på miljøovervaking på øygruppa.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet har òg styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen, og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard.

For 2010 er om lag 79 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Den auka faglege aktiviteten til Norsk Polarinstitutt består blant anna av ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som blant anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrka.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2008 hadde SNSK-konsernet 387 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad på Svalbard.

I juli 2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Etter åtte månaders driftsstans vart produksjonen i Svea Nord-gruva starta opp att i april 2006. Kravet mot forsikringsselskapa var på om lag 821 mill. kroner. Tvist om forsikringsoppgjeret førte til ein pressa økonomisk situasjon for selskapet. For å avhjelpe situasjonen gav staten sommaren 2007 selskapet eit ansvarleg lån på 250 mill. kroner, jf. St. prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006-2007). Heile det ansvarlege lånet er betalt tilbake til Nærings- og handelsdepartementet. Forsikringsoppgjeret vart behandla hausten 2008 og selskapet fekk 612 mill. kroner i erstatning

I St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, vart det foreslått å gi vedtektene til Store Norske eit tillegg, slik at selskapet òg får høve til å drive verksemd i Finnmark og Troms. Stortinget slutta seg til dette ved behandlinga av Innst. S. nr. 230 (2006-2007). I tråd med dette vart det på ordinær generalforsamling i SNSK vedteke ein ny formålsparagraf for selskapet. Vedtektenes § 1 fekk eit tillegg med følgjande ordlyd: «Selskapet kan utnytte sin kompetanse innan miljøvennlig ressursutnytting på Svalbard og i Finnmark og Troms.»

Konsernet hadde i 2008 driftsinntekter på 3,4 mrd. kroner og eit årsresultat på 880 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2007 var 1,8 mrd. kroner og 112 mill. kroner. SNSK produserte 3,4 mill. tonn kol i 2008 mot nær 4,1 mill. tonn i 2007. Det vart selt 3,4 mill. tonn kol i 2008. Kolprisane var høge i 2008. Frå juni 2009 har prisen pr. tonn kol gått kraftig ned. Som følgje av finanskrisa treng industrien no mindre kol, og salet er redusert i 2009. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på 2,6 mill. tonn i 2009 og noko lågare i åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling i desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg skal selskapet drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp og med sikte på marknadsmessig avkastning på investert kapital.

SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva, som venteleg går tom om 5-6 år. Etter avviklinga av Svea Nord legg SNSK i dag opp til vidare drift på fire førekomstar i Svea-området. Føresetnaden er at drifta vert bedriftsøkonomisk lønnsam. Planane blir lagt slik at allereie etablert infrastruktur knytt til Svea Nord-gruva framleis kan utnyttast. Dei fire felta er: Lunckefjell, Svea Øst, «Randsona» og Ispallen som til saman inneheld totalt ca. 46,3 mill. tonn kol.

SNSK legg no planar for Lunckefjell som har om lag 8,3 mill. tonn kol berekna for sal. Førekomsten i Lunckefjell vil bli utdriven med basis i infrastrukturen frå Svea-Nord. Selskapet har berekna behovet for nye investeringar til om lag 1 mrd. kroner. Sysselmannen fastsette i juni 2008 eit utgreiingsprogram for prosjektet. SNSK har planar om å starte opp oppfaringa i 2012 og drifta i januar 2014. Før det eventuelt blir gjort større investeringar i utvikling av desse førekomstane må det avklarast med eigar. Det må òg søkjast løyve til å setje i gang prosjekt etter Svalbardmiljølova og anna relevant regelverk. Spørsmål om koldrift vart behandla i St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. I Innst. S. nr. 336 (2008-2009) har utanrikskomiteen uttalt at omsynet til tryggleik og miljø må ha høgste prioritet. Når det gjeld opning av drift i Lunckefjell, legg komiteen til grunn at regjeringa føretek ei vurdering av saka, og at den blir fremja for Stortinget.

SNSK vil elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 15 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2010.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Gjennomsnittleg tal på tilsette i 2008 var 25. Kings Bay skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji og ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra, har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund ved at forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i Arktis på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ein viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

I juni 2009 vart det for fjerde gongen arrangert eit internasjonalt symposium i Ny-Ålesund. Tema i år var «Klimaendringen: Forståelsen om influering av verdens politikere mot København og videre derfra». Ny-Ålesund-symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtast for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring. Symposiet tek sikte på å vere eit årleg arrangement.

I statsbudsjettet for 2009 var det løyvd 25 mill. kroner til bygging av eit nytt kraftverk i Ny-Ålesund for å sikre ein stabil og miljøvenleg kraftproduksjon. Styret i Kings Bay AS varsla Nærings- og handelsdepartementet i brev av 20.04.2009 om at bygginga av kraftverket vert utsett. Ny kvalitetssikring av kostnadene for å byggje ny kraftstasjon viser at budsjettet ville bli overskride og at drifts- og vedlikehaldskostnadene ville auke. Nærare undersøking viste at dei positive effektane som var lagt til grunn for samla utslepp ikkje ville bli oppnådde. Ifølgje Kings Bay AS er det etter ein gjennomgang av situasjonen med faglege rådgjevarar, semje om å tilrå at det bør sjåast på ei samla løysing for energibruk og energiberarar i Ny-Ålesund før ein set i gang med å byggje ein ny kraftstasjon. I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard vart Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk. Av orienteringa går det fram at Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan for etableringa av kraftstasjon. Stortinget vil etter det bli orientert på eigna måte, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009).

Riksrevisjonen føretok ein forvaltningsrevisjon av Svalbard i 2007. I kontrollen vart det notert at tiltaka for å behalde Ny-Ålesund som eit referanseområde for klima- og miljøretta forsking, enno ikkje synest tilstrekkelege. Riksrevisjonen har òg påpeikt behovet for å vurdere tiltak for å sikre høg norsk forskingsaktivitet i Ny-Ålesund.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

I samband med at den nye minerallova trer i kraft frå 01.01.2010, er det bestemt at Bergvesenet med Bergmesteren for Svalbard skiftar namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard.

Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkunnig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet

For 2010 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsyn. Etaten vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin Prop. 1 S (2009-2010).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS, er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2010 er det foreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

I 2008 vart det registrert 88 951 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein auke på 3,3 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 86 097 gjestedøgn. I alt kom det 40 094 gjester til Svalbard i 2008, noko som var ein auke på 12 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Nordmenn står for om lag 67 pst. av gjestedøgna. Svalbard har fått mykje internasjonal merksemd dei siste åra, og det er venta at dette vil føre til eit større tilfang av utanlandske turistar i åra som kjem.

Sesongsvingningane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadene er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det uutnytta potensialet stort. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard utanfor høgsesongane. Talet på yrkesreisande har gått noko ned samanlikna med tala frå 2007, ei utvikling som er i tråd med utviklinga i reiselivsnæringa elles i etterkant av finansuroa som slo inn hausten 2008. Kurs og konferansar og yrkestrafikken står no for 40 pst. Talet på ferie- og fritidsreisande aukar, og dei utgjer omlag 60 pst. av gjestedøgna på Svalbard.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det føreligg planar for å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romfart og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Også fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper no tenester frå stasjonen på Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen og dette nettet gjer det samtidig mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innafor dei rammer som er sett i Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har oppretta Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Skytefeltet stod ferdig i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og den siste var i desember 2008.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga. UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet. UNIS vart tildelt 82 mill. kroner over statsbudsjettet i 2009.

Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2008 var 127 studentårsverk. 49 pst. av studentane var kvinner, ein nedgang på om lag 3 pst. frå 2007. Nordlysobservatoriet/Kjell Henriksen-observatoriet har fullført sin første sesong; 15 institusjonar frå ni ulike land har installert seg i observatoriet.

I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2010 foreslått å løyve 84,8 mill. kroner på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet disponerer løyvingar frå ei rad departement og det er ikkje føremålstenleg å skilje mellom kva dei ulike departementa løyver. Framstillinga nedanfor har derfor ei vidare ramme enn det som berre gjeld Kunnskapsdepartementet.

Verdas største polarforskingsprogram Det internasjonale polaråret (IPY), vart sett i gang 01.03.2007. IPY-programmet har til føremål å innhente eit omfattande forskingsmateriale i polare område gjennom eit storstilt verdsomfattande samarbeid mellom mange land og aktørar. IPY skal òg auke interessa for polarområda og særlig for realfag blant unge. Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 har omfatta intensiv datainnsamling i to sommarsesongar i nord og sør, i perioden frå 01.03.2007 til 01.03.2009. I alt har ca. 50 000 forskarar frå 63 land delteke. Noreg og norske forskingsmiljø har ei framskoten rolle. Den norske programperioden strekkjer seg over fire år.

Dei norske forskingsprosjekta er delkomponentar i store internasjonale konsortium. Norske forskarar deltek også i andre internasjonale IPY-prosjekt. 35 av dei internasjonale prosjekta og om lag 16 av dei norskfinansierte IPY-prosjekta går føre seg heilt eller delvis på eller ved Svalbard. IPY har mobilisert svært stor interesse i dei norske fagmiljøa, og løyvingane som er gitt til deltaking i IPY gjer at Noreg er ein sentral aktør i det internasjonale programmet.

Då alle prosjekta har gått føre seg i perioden 2007 til 2009 og fleire av prosjekta enno ikkje er avslutta, har relativt få forskingsresultat kome til syne enno. Datamengda er så stor at den vil gi datagrunnlag for forskingsmiljøa i mange år framover. Det ein likevel kan slå fast er at feltinnsatsen har vore omfattande og vellukka, at det har kome fram svært mykje nytt forskingsmateriale og at det er etablert mange langsiktige måleprogram. I alt vart det gjennomført over 40 tokt og ekspedisjonar. Merksemda om Svalbard har vore stigande, og det har vore ein auke på 10-15 pst. i bruken av fasilitetar på Svalbard – både av norske og utanlandske forskarar.

For 2009 er det frå Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet, og Justisdepartementet løyvt 85 mill. kroner til norsk deltaking i IPY. Regjeringa legg opp til å vidareføre løyvinga på same nivå i 2010, slik at det til saman blir løyvd 340 mill. kroner til IPY over ein fireårsperiode. Noreg skal i 2010 skipe ein stor internasjonal konferanse for å analysere og evaluere verknaden av IPY-samarbeidet.

Fleire av programma i Forskingsrådet dekkjer polarrelaterte problemstillingar. Den største polarsatsinga, i tillegg til Polaråret, går føre seg innan dei store programma NORKLIMA og PETROMAKS.

Hovudtyngda av norsk polarforsking har i dei seinare åra vore retta mot å forstå klimautviklinga og ulike typar effektar av klimaendringar, med geofag og biologi som dei største faga. Noreg har òg internasjonalt velkjente forskingsmiljø innan øvre atmosfærefysikk og andre fagområde innan bio- og geofag med aktivitetar i Arktis.

Samla sett brukte Forskingsrådet 211 mill. kroner på polarforsking i 2008, av dette var om lag 76 mill. kroner knytt til svalbardrelatert forsking.

Forskingsrådet har i 2008 arbeidd vidare med revitalisering av Svalbard Science Forum (SSF) for å styrkje koordineringa av forskinga på Svalbard. Etableringa av SSFs nettstad har vore svært vellukka. Første del av eit databasesystem for svalbardforsking (Research in Svalbard, RiS) vart teken i bruk av SSF i 2007. Frå 2008 skal alle forskingsprosjekt på Svalbard, som krev godkjenning av Sysselmannen på Svalbard, bli registrerte i databasen for svalbardforsking. RiS vil bli vidare utvikla i 2010.

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. I desember 2008 vart det bestemt at prosjektet SIOS (Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System) skal vere på det reviderte vegkartet til European Strategy Forum on Research Infrastructure (ESFRI). Dette vegkartet er retningsgivande for prioritering av stor europeisk infrastruktur. Forskingsrådet leiar arbeidet med å utvikle ein søknad som skal sendast til «Preparatory Phase» i EUs 7. rammeprogram for forsking i løpet av hausten 2009. Institusjonar frå Noreg og mange andre land deltek i dette arbeidet. Prosjekta på vegkartet vil kunne få inntil 4-7 mill. euro til denne førebuingsfasen. Frå 2012 vil det vere naudsynt med midlar til investeringar, drift og observasjonar knytte til SIOS.

For å følje utviklinga innan den samla polarforskinga, med særskilt fokus på Svalbard, har NIFU STEP publisert utgreiinga «Norsk polarforskning – forskning på Svalbard, nr 8/2008». Kartlegginga er ei oppfølging av eit tilsvarande prosjekt bygd på data frå 2001. Kartlegginga samanliknar også norsk forsking med utanlandsk forsking. Det syner seg at talet på forskardøgn på Svalbard er på 30 000, ein auke på 6 pst. frå 2002. Av desse sto norske forskardøgn for 47 pst. Noreg er såleis ein dominerande forskingsnasjon på Svalbard. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking i 2011 for å kartleggje den vidare utviklinga og verknaden av Polaråret og nordområdesatsinga.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter) Scientific Association er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir, har i tillegg til grunnforsking, også verdi for navigasjon, satellittposisjonering, telesamband med meir. Radarane kan gi førehandsinformasjon om partikkelutbrot frå sola, som kan få store uheldige konsekvensar for ulik infrastruktur på bakken.

Det er inngått ei ny samarbeidsavtale for EISCAT frå 01.01.2007. Vertslanda Noreg, Sverige og Finland har etter den nye avtala teke på seg ein større del av medlemskostnadene for observasjonstida. Kina har komme til som nytt medlem, og Deutsche Forschungsgemeinschaft er blitt tysk partnar frå 2007 med Leibniz-Institut für Atmosphärenphysik, Kuhlungsborner, som forskingsutøvande institusjon. I 2008 vart det inngått ei avtale med Arctic and Antarctic Research Institute (AARI), Russland, om bruk av EISCAT-fasilitetane.

EISCAT Svalbard Radar har vore driven samanhengjande i eit år frå og med 01.03.2007 som del av eit prosjekt under Det internasjonale polaråret, og dette har resultert i ein eineståande og nær kontinuerleg tidsserie for studiar av den øvre atmosfæren. Gjennom ein designstudie finansiert av EUs 6. rammeprogram arbeider EISCAT med å utvikle eit konsept for eit nytt fasestyrt radarsystem, som på sikt kan komme til å erstatte dagens anlegg i Nord-Skandinavia. Dette prosjektet, EISCAT-3D, er også komme inn på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur i framtida, etter framlegg frå Sverige og med støtte frå Noreg og Finland.

For 2010 er den norske kontingenten til EISCAT 4,9 mill. kroner.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

Barnehagar

Ved utgangen av 2008 gjekk 127 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre ordinære barnehagar som ligg i Longyearbyen. Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Kunnskapsdepartementet gir statstilskot til drift av barnehagane på Svalbard over kap. 231 Barnehagar post 60 Driftstilskot til barnehagar. Barnehagedrifta på Svalbard er regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber til dømes at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Frå 2008 skal Fylkesmannen i Troms gjennomføre synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagemyndigheit. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ivareta dei særskilte utfordringane for Svalbard.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane gjer skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. og for særskilt høge inntekter (over 12 G) skal det trekkjast 22 pst. skatt. I tillegg til desse trekka kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane 16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå kr 10 000 til kr 20 000. For nærare omtale av dei einskilde endringane, sjå St.prp. nr 1 (2007-2008) Svalbardbudsjettet og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

Som ei oppfølging av dei endringane som er beskrivne ovanfor har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet mellom anna sett på praksisen med pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard og moglege skattekonsekvensar av dette. Arbeidsgruppas forslag vart sendt på brei høyring hausten 2008. Høyringsfristen gjekk ut 01.07.2009 og høyringssvara vil bli nøye gjennomgått. Eventuelle lovforslag vil truleg verte framlagt for Stortinget i løpet av 2010.

Svalbard skattekontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11.1998. I samband med at skatteetaten frå 01.01.2008 vart organisert i fem regionar, gjekk Svalbard likningskontor over til å heite Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. Sommaren 2005 vart det etablert ein ny radiolink mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen med vesentleg høgare kapasitet enn tidlegare. Dette inneber at Ny-Ålesund kan nytte kapasiteten i fiberkabelen betre. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

4.6 Barne- og likestillingsdepartementet

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2008 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2010 er det venta at 7 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, inkludert 1,5 mill. kroner i svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2010 budsjettert med eit lågt tal for kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnevernet

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova vert utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barnet i samsvar med lova § 8-2. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2008 dekte departementet utgifter i samband med barn som mottok tiltak frå barnevernet i samsvar med forskrift om barneverntenesta på Svalbard. Utgiftene er refunderte Longyearbyen lokalstyre via Fylkesmannen i Troms. Utgiftene var i 2008 på 0,5 mill. kroner og er i 2009 budsjetterte til ca. 1,2 mill. kroner over kap 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF, avdeling Longyearbyen sjukehus, er i første rekkje eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus. I tilegg blir det utført polikliniske undersøkingar, utgreiingar og behandling av sjukdommar og skadar, og det blir utført enkelte mindre og mellomstore planlagde operasjonar.

Longyearbyen sjukehus yter òg ein del tenester som på fastlandet ikkje blir gitt ved sjukehus. I tilegg til allmennlegehjelp som kan samanliknast med fastlegen sitt arbeid på fastlandet, tilbyr sjukehuset jordmor- og helsesøsterteneste, fysioterapiteneste, tannlegeteneste (inkludert tannregulering), bedriftshelseteneste og optikarteneste.

Det blir òg ytt tenester innafor barne- og ungdomspsykiatri ved at psykolog/psykiater frå fastlandet jamleg er tilgjengeleg for konsultasjon. For tida blir det òg prøvd ut ei tilsvarande ordning for vaksne.

Det akuttmedisinske tilbodet består av medisinsk naudmeldeteneste (AMK), omgåande hjelp, ambulanseteneste, redningshelikopterteneste (organisert via og i samarbeid med Sysselmannen) og flyambulanse.

Tilbodet som blir gitt ved Longyearbyen sjukehus er meint for busetnaden i Longyearbyen og dei andre norske busetnadene på øygruppa. Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på og rundt øygruppa og havområda omkring.

Den russiske busetnaden i Barentsburg har eigenfinansiert helseteneste.

Den alminnelege helselovgivinga er i lita grad gjort gjeldande på Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet har starta arbeide med å gå igjennom all helselovgiving og vurdere om heile eller delar av lovgivinga skal gjerast gjeldande for Svalbard.

4.8 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, mellom anna Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygg, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 111 bustader. Nytt kaldtlager for Sysselmannen vart ferdigstilt i 2008. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Kjell Henriksen-observatoriet og Svalbard globale frøkvelv vart ferdigstilte i 2007.

Sysselmannens administrasjonsbygg, post- og bankbygget, nokre lagerbygg og alle bustadene vert forvalta innafor svalbardbudsjettet. Dei andre eigedomane er innlemma i husleigeordninga og budsjettert på kap. 2445 Statsbygg i statsbudsjettet.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett for 2010 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, foreslått eit tilskot på 157 000 kroner til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 266 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2010. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsforetaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2010 ei løyving på 1,1 mill. kroner over Kultur og kyrkjedepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 360 000 kroner i produksjonstilskot i 2008. Tilskotet for 2009 vil venteleg bli om lag det same.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Alle dei som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje. I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved UNIS. I tillegg til besøk frå staben ved kyrkja, får dei busette i Barentsburg betening av prest og kantor frå den russisk-ortodokse kyrkja. Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest frå Tromsø, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for den norske kyrkja i Prop. 1 S (2009-2010) frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetnaden, gjester og turistar. Kyrkja har barnegospelkor, konfirmantarbeid og speidargruppe. Mange foreiningar og lag brukar peisestova og kyrkja som sin møtestad. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2010

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2008, vedteke budsjett for 2009 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2010. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Utgifter

228 768

231 662

248 787

Inntekter

134 165

101 810

135 810

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

0001

Svalbard kyrkje

3 850

3 650

3 750

2,7

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

90 200

92 822

93 700

7,0

0004

Tilskot til Svalbard Museum

5 650

-

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

31 083

27 050

31 000

14,6

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

69 474

73 000

75 000

2,7

0007

Tilfeldige utgifter

4 180

3 950

4 177

5,7

0009

Kulturminnetiltak

2 103

2 100

2 150

2,4

0011

Bergmeisteren

1 011

1 380

1 400

1,4

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 800

2 800

2 900

3,6

0018

Fyr og radiofyr

3 450

3 500

3 600

2,9

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 737

5 950

6 200

4,2

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

11 414

11 800

15 500

31,4

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 506

2 700

2 800

3,7

Sum kategori 06.80

228 768

231 662

248 787

7,4

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

01-23

Driftsutgifter

134 481

134 480

141 577

5,3

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

327

600

4 000

566,7

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 800

2 800

2 900

3,6

70-89

Overføringar til private

91 160

93 782

100 310

6,9

Sum under departementet

228 768

231 662

248 787

7,4

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

5 457

250

250

0,0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

3 191

1 200

1 200

0,0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 396

3 250

3 250

0,0

3030

Skattar og avgifter

122 121

97 110

131 110

35,0

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

96 024

129 852

112 977

-13,0

Sum kategori 06.80

230 189

231 662

248 787

7,4

Til forsida